Sitat

«Legendarisk» av Stephanie Garber

Leseeksemplar

Om du treng ei bok å verkeleg forsvinne heilt i, har du funne den rette. (Men du må så klart lese Caraval først, ellers gir det veldig lite meining.) Det er ganske lenge sidan eg las Caraval, så det tok meg kanskje femti sider for å verkeleg kome tilbake til universet, men så gjekk sidene råkjapt unna.

Caraval er over, og Tella følger skodespelarane vidare saman med systera si. Ho har inngått ei avtale med ein ukjent og ganske shady fyr, og er nødt til å skaffe han det ekte namnet til Legenden for å fri seg frå gjelda. Og moglegheita byr seg, for då dei legg til hamn, starter eit nytt Caraval. Men denne gongen blir det raskt klart at mottoet om at spelet berre er eit spel, ikkje gjeld.

Dette er perfekt ungdomsfantasy. For tolv-tretten år og oppover er dette midt i blinken. Enkle og forståelege univers (veldig spansk-middelalder); morsom og forførande magi; sexy, men ikkje eksplisitt. I tillegg er boka/bøkene ganske godt skrive, med konstant handling og høgt tempo. Det er omtrent umogleg å leggje den ned, for du må jo berre finne ut kva som skjer vidare! Og endå viktigare i desse bøkene: kva som er ekte og kva som berre er ein del av spelet.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Stephanie Garber finn du HER.