Sitat

«Det er lenge til skumring» av Tharaniga Rajah

Skrive for framtida.no

Debutromanen Det er lenge til skumring er ein ambisiøs roman. I staden for å skrive ein dystopisk roman, har Rajah skrive om «ein alternativ norsk røyndom», noko eg synest var ein kreativ vri på dystopi-trenden. Romanen er skriven hovudsakleg kronologisk, men i fragmentarisk stil. Desse grepa opner opp for originalitet i historia, men set òg grenser for sjølve leseopplevinga.

Vi er i Finnmark, i denne «alternative røynda», og nordmennene har utsett samane for ei systematisk utreinsking, lik nazistane gjorde mot jødane under Holocaust. Samane har samla seg i nord og prøver å skape ein ny, samisk stat. Det har allereie vore mange terrorangrep og blant anna ein Skandinavisk krig, og vi vert kasta inn i denne situasjonen, med ei ung, samisk mor som forteljar. Raisa har flykta til Finnmark saman med dottera Násti, og er soldat i den samiske hæren. Mannen hennar er sakna, og Raisa må prøve å skape seg eit liv for seg sjølv og Násti.

Romanen er utvilsomt ein politisk kommentar til flyktningkrisa, i tillegg og terroren vi dagleg høyrer om. Vi finn mange hogg til karakterer frå eit vidt spekter på høgre-sida av politikken, alt i frå ein viss kvinneleg politikar med eit sølvkors rundt halsen, til ein tru kopi av doktor Mengele. Rajah skildrar aktuelle tema, og viser dei fram i all si umenneskelegheit. Bruken av samar som «det kua folket» båe gjev og ikkje gjev meining; samane har jo absolutt vore utsett for grusomme overgrep tidlegare i historia, men eg klarer ikkje heilt å forsone meg med samanlikninga av eit urfolk med innvandrarar? Det skurrar litt, men poengene til Rajah kjem uansett fram.

Likevel er nok kanskje hovudtemaet i romanen morskap. Terroren, krigen, alt kan skrellast vekk og sjåast på som eit bakgrunnsteppet. Det største her er nok Raisas kjærleik til Násti. Ho risikerer livet kvar dag som soldat, har budd i flyktningleirar, har mista mannen sin. Ho kunne ha reist til systera i USA, men ho startar eit liv i Finnmark for at Násti skal få vokse opp som same, i ein samisk stat – for at ho skal få eit godt liv.

Boka er ikkje lettlest, på langt nær. Med ei såpass framand verd å skulle gjere seg kjend med for å henge med i handlinga, er det ikkje til hjelp at teksten er så oppstykka som han er. Det tek lang tid før ein kjem inn i forteljinga og forstår at teksten faktisk er kronologisk, og ein må konstant slå opp dei samiske orda og uttrykka som heile tida vert brukt, i ordlista bakerst i boka. (Eller ein kan la vere, men ikkje få med seg innhaldet.) Denne konsentrasjonen Rajah krever frå lesaren gjer at ein ikkje like lett blir sugd inn i historia, noko som er synd, fordi plottet og ideen er veldig god. Eg tenker at dette er ein roman som vert betre ved ei andre eller kanskje tredje lesing, når ein frå starten av veit kva det går i og har den fiktive historia litt under huda. Boka har eit godt språk (unntatt manglande punktsetjing etter replikkar, noko ein kan irritere seg grøn over), og Rajah er utvilsomt ein talentfull forfatter det skal bli spennande å følgje med på.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018