Om du ikkje har fått med deg denne fantastiske romanen, kast deg rundt og spring til nærmaste bokhandel! Eg lover at dette blir ein av dei beste leseopplevingane for året, for det var det definitivt for meg (sjølv om det berre er mars). Men vit kva du går til! Dette er ikkje ein fluffy feelgood, men eit litterært mesterverk som skildrer korleis kvinner og menn ser på kvarandre og samfunnet, så plukk opp boka med eit ope sinn!
Ellinor er 36 år gamal og prøver seg på nettdating. Ho møter ei ganske ubehageleg type som heiter Calisto, men bestemmer seg raskt likevel for å bli hos han, uansett kor motbydeleg han er. Det valet skal få store konsekvenser for ein heilt annan, nemleg ein forfatter. Herfrå hoppar historia vidare til forfattaren Max Lamas, som er på ei reise som til slutt vil ta han til Italia. I Italia møter vi den unge, adelige Lucrezia, som har mista alt familien eigde – mykje på grunn av akkurat Max Lamas.
Wolff sitt talent er omtrent umogleg å skildre, for ho er så teknisk god at du nesten ikkje kan skilje alle dei litterære grepa frå einannan. Til dømes er dei tre stemmene i boka så utruleg ulike, men samstundes fullstendig truverdige. Sjølv om innhaldet er ganske sprøtt, så føler ein at det er ekte medan ein les. Og for å ikkje snakke om kor snedig oppdelt, men samanfiltra, historia er. Rå humor, skråblikk på både kvinner og menns oppførsel, og ikkje minst ei heilt vill og fornøyeleg historie. Denne kjem til å bli ståande som ein av mine favorittromanar.
(Polyglott = fleirspråkleg)
Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2018