Leseeksemplar
Korleis er det å vere den einaste intelligente ungdommen i verden? Det kan verke som om det er alt hovudpersonen i denne boka (med det fantastisk utklekka namnet Weifa) tenker på. I alle fall føler ho sjølv at alle rundt henne er idioter.
Weifa blir halvvegs ufrivillig ein del av ein veldig generisk, typisk klikkete og dramatisk jentegjeng når hennar einaste venninne viser seg å vere ein del av desse jentene. Og Weifa (som ikkje er det ekte namnet hennar) passar veldig dårleg inn. Ho elsker å provosere, og er ikkje redd for å seie meininga si høgt (sjølv om meininga hennar berre er det motsette av andres, uansett kva det gjeld). Og når jentene i gjengen oppfører seg dumt og fjollete, klarer ho sjeldan motstå trangen til å gi dei beskjed om akkurat det.
Kapitla er delt opp basert på påstander andre har ytra om Weifa, der ho fortel historier knytt til kvar påstand, og kva ho sjølv meiner om den. Gjennom desse påstandene vert tida til Weifa på vidaregåande skildra, og vi får fram eit ganske nyansert bilete av ein ungdom som føler at ingen passer dårlegare inn enn henne.
Weberg sitt språk er on-point, truverdig, lettlest og fylt av den sarkasmen og arrogansen ein innbilsk vidaregåandeelev har. Ho får fram idiotien, men og sårbarheita som desse jentene er fulle av. Denne boka er for alle som har opplevd unødig jentedrama. For dei som alltid har følt seg litt eldre enn dei jamnaldrande. For alle som har fulgt flokken, og ikkje minst for dei som valgte å stå utanfor.
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018