Sitat

«Bitter Orange» av Claire Fuller

Leseeksemplar

Når språket er godt, plottet/slutten er fantastisk komponert, men boka mangler drift totalt. Dette er den tredje boka til Claire Fuller, og det første møtet mitt med henne. Den har massevis av skryt på omslaget som lover ein mørk og atmostfærisk page-turner. Boka var absolutt mørk og atmosfærisk, men page-turner? Neppe.

I notida møter vi ei eldre dame, Frances, som ser tilbake på fortida si. Meir spesifikt éin sommar, den i 1969 då ho skulle rapportere om hagens tilstander i eit hus ein rik fyr nettopp har kjøpt og vil renovere. I huset bur òg ekteparet Cara og Peter. Det finn Frances ut ved å spionere gjennom golvplankane sine. Og sjølv om paret er ganske unge og vakre, og Frances er ei kjedeleg middelaldrande dame, oppdager ho at dei gjerne vil tilbringe tid med henne.

Nitti prosent av det som skjer i boka er ganske kjedeleg, men innimellom dukker det opp eit par bisarre situasjoner som nesten gjer det verdt det. I tillegg til den totalt overraskande slutten. Sjølve språket er ganske godt, men for min del skjedde det alt for lite jamt over til at lesetida var verdt det.

Forlag: Fig Tree
Utgivelsesår: 2018