Sitat

«Kjærlighet for voksne» av Anna Ekberg

Leseeksemplar

Dette er den andre boka til Anna Ekberg, som er eit pseudonym for dei samme danske menna som står bak A.J. Kazinski. Som den andre boka til «Ekberg», er dette òg ein såkalla kjærleikskrim; ei krimgåte bygd rundt ei kjærleiksfortelling. Og slik som den første boka, Den hemmelige kvinnen, er resultatet blitt veldig bra.

Leonora og Christian har vore gift i over tjue år, og saman har dei sonen Johan. Heile barndommen sin har Johan vore kreftsjuk, men er no heilt frisk. Dette skulle ha vore dei beste åra i ekteskapet deira, men så oppdager Leonora at Christian har ei elskerinne. Ho vert rasande, for er det noko Leonora ikkje skal etter å ha ofra ei fiolinistkarriere og heile livet for å passe ein sjuk son, så er det å bli forlatt for ei yngre kvinne. Uansett kva.

Historia vert skildra gjennom ein faktisk forteller: den pensjonerte politimannen Holger, som aldri fekk bevist skuld i saka og ikkje kan gløyme den. Han fortel den til dottera si, Josefine, som er ein litt annen type enn han. Saman fungerer Holger og Josefine som forteljar, kommentator, kritikar og moralpoliti. Det er ikkje dårleg skrive, men strengt tatt ikkje naudsynt. Om dei delane hadde vore kutta ville boka vore endå litt tettare, og endå litt betre. Dei øydelegg ikkje plottet, men det bidrar heller ikkje til å gjere det betre. Boka er lang nok som den er, med Christian og Leonoras bakgrunnshistorier og minner.

Og dette er menn som kan skildre kvinner! Det er jo noko av det mest fascinerande med alt, kor truverdige både Leonora og Zenia, den andre kvinna, er. Skildringane av Zenia er faktisk noko av det mest fascinerande med heile boka, spesielt frå eit feministisk perspektiv. Ho vert skildra av både Christian og Leonora, som har vidt ulike syn på denne kvinna (naturleg nok). Men dei oppfatter henne nokså ulikt, og Leonora er den som snakker mest om utsjånaden hennar, medan Christian er meir opptatt av det oppe i hovudet og korleis sexen er. Det er veldig truverdige tankar frå både den forelska og den rivaliserande part.

Alt i alt er boka ganske truverdig, for forfattarane klarer å skrive fram gode argument og tvinge handlinga framover. Språket er godt, men omsetjinga ber preg av at originalspråket er dansk, og er tatt hakket for lett på. Men det er ei god bok, som held deg på pinebenken, og kaster deg av den når del to starter, og sparker deg i sida når del tre kjem.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.