Leseeksemplar
Øyevitnet er den første boka i ei ny serie av ein svensk forfatter. Eg les veldig lite klassisk politikrim, slik dette er, for det kan bli ganske kjedelig i lengda, men denne var fin! Den handler mykje meir om etterforskeren enn sjølve mordet. Faktisk er hovudpersonen ikkje politi ein gong, berre sivil etterforsker, så det er litt annleis.
Harriet har nettopp fått ei sivil stilling som etterforsker hos politiet i Landskrona i Skåne. Ho synest det passa å bli overflytta frå Stockholm og flytte heim til faren som har begynt å rote litt på sine eldre dagar. Ho forventer ein ganske roleg jobb, men allereie kvelden før ho offisielt skal starte i jobben blir ho kalla ut: ei kvinne frå bygda hennar er myrda og mannen hennar er forsvunnen. Saka viser seg å vere vanskeleg å løyse (og det blir ikkje lettare av at Harriets nye sjef misliker henne), og spora peiker snart mot nokon Harriet kjenner alt for godt.
Dette er ganske snill og litt morsom krim, sjå for deg at Karin Brunk Holmqvist hadde bestemt seg for å skrive krim. Dette ville i så tilfelle vore resultatet. Boka er ekstremt lettlest, og underhaldande. Krimgåta er ikkje spesielt innvikla, men blir ein større og større del av handlinga etter kvart. Raskt lest og kanskje like raskt gløymd, men veldig fin krimbok til dei som i hovudsak ikkje liker krim.
Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2019