Sitat

«Skandalen» av Sarah Vaughan

Leseeksemplar

Først av alt: dette er ikkje ein typisk krim, ikkje ein typisk psykologisk thriller. Dette er eit rettssalsdrama, og eit uvanleg godt eit. Det poenget Araminta Hall prøver å lage i Vår egen grusomhet om korleis kvinner blir behandla i rettsaker som omhandler deira seksualitet, er det poenget Vaughan her verkeleg klarer å få fram. Så om det ikkje naudsynt er krim du er ute etter i påska, men ei intelligent og medrivande bok, er dette eit strålande alternativ.

Ein kveld kjem mannen til Sophie seint heim. Det er ikkje uvanleg, men han pleier å gi beskjed på eit eller anna vis. Og når han først kjem heim, får ho den alltid like urovekkande beskjeden om at dei må prate saman. James kan fortelje at han har hatt eit forhold til ein yngre kollega, og at ho no har anmeldt han for valdtekt. Sophie si verd kollapser, og ho veit ikkje kva eller kven ho skal tru på. Kan mannen hennar, faren til hennar to born, verkeleg ha gjort noko så grusomt?

Skrivestilen til Vaughan er til å beundre. Den er effektivt, men detaljert. Og desse detaljane kjem dryppande, i heilt iskaldt tempo. Ho får mykje ut av å rote rundt oppe i hovuda til folk, sjølv om mesteparten av handlinga er lagt til ein rettssal. Det er eit innblikk i det engelske utdanningssystemet, det engelske rettsvesenet og den engelske politikken. Og sist, men ikkje minst, er det ein skarp kritikk til alle tre når det kjem til valdtektskulturen i den vestlege verda. I lys av #metoo, er det få bøker (i alle fall ikkje innan krim/spenning) som belyser dette like godt.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2019