Sitat

«Sirenene» av Joseph Knox

Leseeksemplar

Dette er endå ein slik krim/thriller som eg ikkje heilt veit kor eg skal plassere. Kriminalroman? Nei. Thriller? Njaaaa. Spenningsroman? Joda. Uansett kva ein ender opp med å definere det som, er det knakande godt skrive.

Aidan Waits er no kjent som ein korrupt politimann, suspendert frå jobben etter å ha blitt ferska i å stele dop frå bevislageret. Så dukker parlamentsmedlem Rossiter opp, og treng hjelp med ei forsvinningssak, under radaren, og då passer ingen betre enn utskjemde Waits. Dottera hans, syttenårige Isabelle Rossiter, har stukke av heimanfrå igjen, og Rossiter treng hjelp til å finne ut kvar ho er og om ho har det bra. Men som alltid i slike historier, oppdager Waits at sanninga ikkje alltid er like enkel som så.

Det er som sagt ei veldig godt skrive bok, og du kan regelrett kjenne atmosfæren av røyk, dop, og alkohol i ein skitten bar. Det er lite som er fint eller godt her, vi er djupt inne i eit rusmiljø i London. Boka er veldig lettlest, og tempoet er høgt, og du må verkeleg anstrenge deg for å følge med. Ei veldig original og god krimbok, som absolutt kan anbefalast!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017