Sitat

«Den stille uke» av Sven Petter Næss

Leseeksemplar

Bortsett frå den enorme mengden krim eg har lese den siste månaden, er det sjeldan eg plukker opp noko anna enn ein psykologiske thriller innan sjangeren, så det var ganske på slump at eg plukka med meg den her frå jobb. Det er ein klassisk politikrim skriven av ein debutant, så eigentleg ikkje min smak. Men sjølv eg må innrømme at det her er ei knallgod bok, som det er umogleg å mislike.

Harinder Singh trudde aldri han skulle vende tilbake til den vesle småbyen i Østerdalen, men som etterforsker i Kripos drar ein dit ein blir bedt om å dra. Det er straks påske, men ein ung gut er drept, og saka har vokse ut av hendene til det lokale politiet. Guten viser seg å vere yngstemann i byens kaksefamilie, og det er ønskelig at saka vert oppklart straks. Det viser seg å bli vanskelig, spesielt når fleire menneske forsvinn og ein brann bryt ut.

Språket er friskt og truverdig, og Næss skildrar menneske og miljø så alle som har vakse opp utanfor storbyen kan kjenne seg att. Stereoptypar og originalar, du finn begge deler godt miksa saman her, og det fungerer. Plottet er intelligent, og skrid fram i perfekt tempo. (Det er ingenting verre enn krimforfattarar som kastar blindspor rundt seg som Hans og Grete på tur i skogen.) Dette er ikkje anna enn knakande godt handverk, og om du er på veg til fjellet i dag; stopp innom ein bokhandel på vegen og plukk med deg denne!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019