Sitat

«Snøen stryk ut alle spor» av Lars Ove Seljestad

Skrive for framtida.no

«Show, don’t tell» er ofte brukt som eit slags mantra litteraturen. I denne romanen bryt Seljestad fullstendig med denne regelen, og frå første sekund fortel han. Allereie frå første side vert ein som leser sugd inn og blir fortalt innstendig korleis hovudpersonane har det, og grepet fungerer ypperleg.

Historia veksler mellom ein tolvårig gut som veit at mora har svikta som forelder og at ingenting er som det skal heime – og vidare på skulen eller vennegjengen – og ei mor som veit ho har mista grepet, men gjer så godt ho kan. Stikkord er for lite pengar, festing, utestenging og omsorgssvikt.  Guten vert sintare og meir desperat i løpet av boka, medan mora blir sårare og tristare. Det er ikkje akkurat koselesning, men ingen kan nekte for at det er utruleg godt skildra portrett av både mor og son. Det har skjedd eit slags rollebyte mellom mor og son, der han tek seg av det meste i heime. Allereie i første kapittel forstår vi at noko ikkje er som det skal når han vasker si eiga t-skjorte, eit plagg han fann frå ein mann mora har hatt med seg heim. Det er ingen som tør å blande seg inn, for ingen ser kor langt det har gått. Guten mangler gode autoritetsfigurar i livet, og ynskjer merksemd meir enn noko anna – men alt han gjer vert oppfatta feil. Det er skildra slik at ein kjenner det med heile seg.

Etter kvart som historia vert rulla opp, forstår vi at dette ikkje berre er ei historie om det som er her og no, men som rører ved større tema. Det er ei forteljing om usynleg sjukdom og andre usynlege plager, om einsemd og grov ommsorgssvikt på fleire nivå. I tillegg handler boka om at enkelte hendingar kan påverke resten av nokons liv og smitte over til neste generasjon.

Snøen stryk ut alle sporer ei flis av ei bok på rundt hundre sider, men klarer likevel å romme enormt mange kjensler. Tematikken minne litt om Arbeidsnever av Jan Kristoffer Dale, ei anna tynn bok. På overflata kan historia sjå ut til å handle om ei mor på uføretrygd som ikkje klarer eller ha råd til å oppdra sønene sine, men det ligg mykje meir under. Romanen handlar minst like mykje om å vakse opp for tidleg og miste plassen sin i verda. Det står på baksida at det er ei forteljing om einsemd og utanforskap, men òg om kjærleiken og viljen som held det heile oppe. Eg les ikkje boka heilt slik, for eg finn lite kjærleik og vilje, utan at det gjer boka noko dårlegare. Alt i alt er boka sylskarp, både i presise formuleringar, men òg i korleis Seljestads effektive og attkjennelege bilete skjer i hjartet. Ei av dei siste setningane i boka kan oppsummere innhaldet enkelt: «Saman er til for dei andre.»

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019

Advertisements