Sitat

«En helt vanlig familie» av Mattias Edvardsson

Leseeksemplar

Eg las nettopp eit av dei beste rettssalsdramaene eg har lest, Skandalen av Sarah Vaughan, men denne slår den glatt. Det er ein svensk forfattarar, og eg har sett den samanlikna med Størst av alt av Malin Persson Giolito. Heilt ufortent, for En helt vanlig familie er minst fem gonger så god. (Størst av alt blei litt vel ungdomskrim for min del, og ikkje spesielt nervepirrande, men eg høyrer Netflixserien er betre enn boka.)

Familien Sandell verkar som den sunnaste og beste familien ein kan tenke seg. Faren Adam er prest, mora Ulrika er jurist og Stella er ein intelligent tenåring som snart skal ture åleine gjennom Asia. Rett etter at Stella fyller nitten år, kjem ho ein kveld heim midt på natta. Dagen etter vert ho henta frå jobben sin, anklaga for mord og varetektsfengsla. Adam og Ulrika veit ikkje kva dei skal gjere, og får ikkje kontakte dottera. Ho kan jo ikkje ha drept nokon! Likevel kjem tvilen snikande, for dei veit veldig godt kor utagerande og egenrådig Stella kan vere. Men likevel, mord?

Edvardsson klarer å sjå handlingane frå både barnet og foreldras perspektiv, og det er umogleg å ikkje sjå truverdige menneske her. Vi har alle (om vi no er nærmast foreldrerolla eller barnet) opplevd dei små gnisningene, dei små misforståingane eller usemdene som vi ikkje heilt klarer å glatte over i dagleglivet. Dette er ei sterk skildring av foreldrekjærleik, offer, avmakt og tillit. Det er ei ekstrem historie når ein ser på det samla, men kvar einaste del kunne ha (eller har) skjedd i røynda.

Historia vert bygd opp i tre delar; først frå farens perspektiv, så dottera og til slutt mora. Eg tenkte først at det var rart, og det burde vore dottera som uttalte seg sist og avslørte alt for lesaren, men eg heldt godt kjeft her. Det er sylskarpt og iskaldt heile vegen, dei korte kapitla auker tempoet, og det er umogleg å legge frå seg boka utan å tenke men kva skjedde etterpå? Dette var rett og slett ei intens leseoppleving, og om du ikkje får med deg denne, går du glipp av noko stort.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2019