Sitat

«A Very Large Expanse of Sea» av Tahereh Mafi

A Very Large Expanse of Sea er ein ungdomsroman frå fantasyforfatteren Tahereh Mafi, og den er som eit knyttneveslag i magen. Det er ein kombo av ein søt ungdomsroman og ein politisk kritikk, og ein velskriven ein. Sjølv om handlinga er satt til 2002, kjennest den like aktuell ut som no.

2002. Shirin er dotter av persiske innvandrar, og foreldra sitt mål i livet er eit betre liv for sine to born. Målet er i utgangspunktet fint, men resultatet er at familien flytter omtrent ein gong i året, til eit finare nabolag i ein betre by. For storebroren er ikkje dette eit like stort problem som for Shirin, som er 16 år og bruker hijab. 9/11 var året før, og diskrimineringa og hatet er til å ta og føle på for ei ung muslimsk jente. Og Shirin har bestemt seg for at ho ikkje bryr seg, at ho ikkje liker folk. Men så møter ho Ocean, og det blir vanskeleg å berre behandle han som «folk», for Ocean behandler Shirin som det individet ho desperat ønsker å bli sett som. Og dess meir seriøst forholdet blir, dess meir misliker resten av byen at jenta som dekker til håret sitt har fått kloa i deira golden boy.

I starten av boka synest det som om vi fortsatt er i 2002, men så blir det som eit tilbakeblikk, og det gjer det lett å tenke seg at det kanskje delvis er ekte tilbakeblikk frå Mafi. Og enkelte av hendingane er like absurde som dei er grusomme, og eg klarer ikkje la vere å tenke på at slikt kan ein ikkje dikte opp.

Eg kan ikkje seie mykje anna enn at boka er utruleg god, og eg kan absolutt anbefale den. Språket har ein god flyt, og det er vanskeleg å leggje vekk boka. Avslutninga virker litt samanraska, og trygler praktisk talt om ein toer; det gjer eg òg.

Forlag: Electric Monkey
Utgivelsesår: 2018