Sitat

«Voksne mennesker» av Marie Aubert

Leseeksemplar

Marie Aubert tok det norske litteraturlandskapet med storm då ho debuterte med novellesamlinga Kan jeg bli med deg hjem i 2016. Eg var òg en av dei som vart slått i bakken av kor presise og attkjennelege novellene var. Og sjølv om romandebuten kanskje er mynta på eit litt eldre publikum enn novellene var, er det utan tvil ekstremt godt handverk.

Ida er 40, singel, barnlaus. Og ikkje fordi ho vil det, men det har berre blitt slik. Veslesyster til Ida har no endeleg blitt gravid etter årevis med forsøk og spontanabortar, og spenningane mellom systrene er til å ta og føle på. No er dei på hyttetur saman med familien, og Ida orkar nesten ikkje tanken på å vere rundt dei og føle seg mislukka.

Ved hjelp av eit finurleg og velkomponert språk har Aubert gitt oss ein brutalt ærleg roman om det å vere ufrivllig åleine. I det siste har det vore mange gode romanar om folk som vel å vere single eller å ikkje få barn, og her er eit verdig motstykke. I tillegg til einsemda ho viser fram, blir du konfrontert med søskenrivalisering og desperasjon. Romanen er humoristisk, sår, nærmast ukomfortabelt direkte og full av ein komplisert lengsel.

I tillegg skal det nemnast at Ida er ein ganske fascinerande karakter, på godt og vondt. Ho kjenner seg utanfor i familien sin, og det gjer vel alle til tider. Måten ho oppfører seg på er ofte ganske fæl og irrasjonell, men ein kjenner samstundes på sympati og attkjenning. Ho handler basert på trass, sjalusi eller (feilplassert) lojalitet, og er så stolt at ho føler at ho ikkje kan ombestemme seg. Aubert skildrer nådelaust kor stygge vi kan vere med dei vi er gladast i, og kor kompliserte kjenslene våre for familie er. Og ikkje minst presenterer ho spørsmålet: når blir vi eigentleg vaksne?

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Marie Aubert finn du HER.