Sitat

«Animals» av Emma Jane Unsworth

Denne boka vart langlista til Man Booker i år, men kom ikkje med på kortlista. Det skulle då bare mangle, for eg forstår ikkje korleis den er nominert til, eller har vunne, prisar i det heile. Kva er det med denne romanen engelskmenn elskar, som eg ikkje fattar i det heile??

Laura og Tyler er bestevenninner, og har budd saman i årevis. Dei er veldig nære, sjølv om det kan virke som om alt dei gjer er å drikke seg dritings og dope seg saman. Men livet kjem til å endre seg ganske snart, for Laura er blitt forlova med Jim, ein fyr Tyler ikkje kan utstå. Vennskapet byrjar å slå sprekker, og det same gjer forholdet mellom Laura og Jim.

Eg klarer ikkje å like hovudpersonane, spesielt ikkje Laura. Å ha usympatiske karakterar kan jo fungere bra, men då må handlinga og språket veie opp for det – og det skjer ikkje her. Eg synest ikkje boka var så hysterisk morsom som omtalene påstår, for eg blir berre flau på Laura sine vegne, og ikkje på ein god måte. Det er altså på grensa til ukomfortabelt kor irritert og klein eg blir av å lese om kor dumt ho oppfører seg (spesielt når ho veit kor dum ho er, men ikkje tar tak i det).

Unsworth skviser inn nokre god sitat og passasjer mot slutten, som denne: Those drunken indiscretions, how often we mistake them for intimacies. Men så kjem ho drassande med klisjeen om at det vi forelsker oss i hos ein person, er det vi ender opp med å mislike, og det er så uoriginalt. Og då tviler eg; har ho også raska med seg den gode setninga over frå nokon andre? Den passer ikkje veldig naturlig inn. (Ikkje at eg skal skulde ho for plagiat eller noko, men slikt får ein jo til å tvile.) Og mangelen på research irriterer meg. Kor vanskeleg er det å google om dei bruker euro i Sverige eller ikkje? (Det tar deg to sekund, Unsworth, og svaret er nei.)

Alt i alt byr ikkje boka på noko nytt. Ingen nye tema, ingen nye problemstillingar. Og utan språket, karakterer eller handling til å halde boka flytande, veit eg ikkje heilt kva som står igjen?

Forlag: Canongate
Utgivelsesår: 2014