Sitat

«Å tale og å tie» av Vigdis Hjorth

Leseeksemplar

Om ein har vore borti norsk litteratur på totusentalet, så har ein høyrd om Vigdis Hjorth. Og finst det folk som i alle fall på eitt eller anna nivå ikkje synest at Hjorth er interessant? Eg trur nei. (Og om du no tenkjer at du i alle fall ikkje synest ho er interessant, så er det nok fordi du har lest noko om eller av henne, og dermed var ho interessant nok.) Og Vigdis (for eg trur eg torer å prøve meg på fornamn, for etter denne boka føler eg jo at vi kjenner kvarandre) er vanskeleg å vere ueinig med, for sjeldan les ein så overbevisande essay. For ein litteraturelskar som meg, er denne boka ei enorm gåve.

I samlinga tek ho for seg Alf Prøysen, Rolf Jacobsen, Agnar Mykle, Bertolt Brecht og Alexander Kielland. Ho gir oss eit innblikk i norsk litteraturhistorie og litteraturkultur, mannstradisjon og kvinnetradisjon. Ho skriv uhøgtideleg som alltid, og er personleg. Ho startar med det som kjem før byrjinga. Tekstane er fulle av fakta og personlege tankar, og eins eigne tankar trasker av garde i takt med Vigdis sine, men ho klarer å samle dei akkurat i tide, rett før ein dett av. Språket er vittig, reflektert, innsiktsfullt, spekka med tanker om språk og politikk, og det er som å snakke med ei venninne.

Og tankane spinn jo vidare av seg sjølv, som sagt. Spesielt det ho seier om feminismen og kvinnesyn satte seg litt fast i mine. At menn ofte blir skremt av jenter med appetitt, uansett om vi snakker for mat eller sex. Og uansett korleis kvinner ser ut, er det feil på ein eller annan måte. Det er ei dobbeltheit der, for dei vil ha tynne jenter om dagen og tjukke jenter om natta. (Eg klarer ikkje å gjengi det på langt nær like godt, så ta og les boka!)

Så tek ho òg opp verkelegheitslitteraturdebatten (pust!), og eg tenker i alle fall at ho har heilt rett; ærlegdom er ein dyd, og alle fortolker røynda, uansett kva ein kan seie sanninga er. Å skrive er jo å gi av seg sjølv, og kva så om det ikkje er alle som synest det passer seg? Litteraturens privilegium er jo å vere upassande! Å påføre folk ubehag via kunst, det må vere lov. Så eg heier på at Vigdis fortsetter å påføre oss ubehag og gode leseopplevingar!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.