Sitat

«Blå flaggermus» av Harald Nortun

Skrive for framtida.no

Det er sjeldan kost å komme over ein roman for barn og ungdom som famnar så mykje på så få sider, spesielt ein som er så velskriven som det her. Nortun slepper oss inn i ein klassisk «sommar som endrar alt», og gir oss båe slag i magen og ein varm klem.

Sander har vakse opp med mora si i ein dårlegare del av byen, rett ved huset til bestevennen Tomas. Han gler seg til sommarferien, men så reiser Tomas tidlegare på ferie enn planlagt, og mora har fått seg ny kjærast. Og Sander kan ikkje utstå moras rike nye type som prøver å åle seg inn og tek mora hans i frå han. Han kjenner seg utanfor og oversett, og blir etter kvart pinleg klar over at det er mange sider ved livet hans som ikkje er heil som det skal.

Nortun portretterer eit litt annleis barn når vi blir kjende med Sander. Han er nysgjerrig, sterk og intelligent – men ekstremt sårbar. Det er noko verkeleg gripande i skildringane av eit barn som langsomt oppdager at han og familien hans er annleis, og korleis den veksande forståinga snur opp-ned på kvardagen. Samstundes kjenner han seg stolt over kven han er, og Nortun balanserer Sander mellom tryggleik og uvisse. Det han veit og ikkje veit kjem fint fram, og saman med tema som barnevern, abort, religion og fattigdom, får boka ei sjeldan djupne. Og er eigentleg menneska frittgåande?

Men det er ikkje berre ei trist og vond historie, sjølv om det er store og tunge tema som vert tekne opp. Boka er full av herlig og blasfemisk humor, barnleg glede og ein god porsjon optimisme. Denne romanen er noko av det beste eg har lese på ei stund innan norsk barne- og ungdomslitteratur. Boka tar for seg så mange såre emner, utan å bli for vond til at det er kjekt å lese. Nortun vekslar mellom muntert og alvorleg språk og innhald, og han får verkeleg fram kjensla av eit barn som held på å bli ungdom. Boka er morosam, rå, gripande og enormt godt skriven, og eg tilrår henne sterkt!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2019