Sitat

«Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Boka er sponsa av Samlaget

Eg trur ikkje eg ville plukka med meg denne boka dersom eg ikkje hadde høyrd Olaug Nilssen lese høgt frå boka. Eg var jo ikkje spesielt begeistra for Få meg på, for faen (boka altså, filmen likte eg godt) og hadde altså ingen planer om å lese denne boka. FØR. Førførfør…! Før Olaug leste høgt frå den, og eg heldt på å grine.

Dette er ein sjølvbiografisk roman, ikkje ein dokumentar. Grunnen til dette er at det er Olaug sine eigne erfaringar det er snakk om, men dei er utelukkande hennar oppleving av «saken» (om eg kan kalle dét det). Det er altså ikkje fiksjon, men skjønnlitteratur basert på røynda.

Sjølve handlinga i boka spinner rundt at ni år gamle, autistiske Daniel treng ein avlastningsplass på institusjon, men at dette er vanskeleg å få til fordi foreldra ikkje vil få stilt ei diagnose for psykisk utviklingshemming. Det heile vert ein kamp mot byråkratiet og diagnosesamfunnet og samfunnet generelt, ein kamp mot seg sjølv og pedagogar og legar av alle slag – for ikkje å snakke om den fysiske kampen mot sonen sjølv. Kva er eigentleg rettferdig? Kva burde ein kunne kreve, ønske seg, søke om? Kva er rimeleg?

Boka er ærleg og sår, og ikkje minst engasjerer den og gir eit nytt blikk inn i livet som mor til ein «annleis» unge. Den kjensla ho skriv fram, om å føle seg utilstrekkeleg, den kan eg relatere til. Eg skal ikkje påstå at eg forstår Olaug eller veit korleis ho har (hatt) det, men eg forstår vel meir at eg ikkje forstår. Så sånn sett skjøner eg jo litt meir enn før, og eg sympatiserer i det minste. Og det er jo ei bragd i seg sjølv, å gjere boka såpass ekte og rørande at ein verkeleg bryr seg om det ein les. For den er det; djupt rørande.

(Eg sleit med lyset når eg tok bilete av boka; den er grønn, ikkje turkis. Eg kunne så klart tatt eit nytt bilete seinare, men det gadd eg faktisk ikkje. Innhaldet er det viktigaste her.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Olaug Nilssen finn du HER.

1 thoughts on “«Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Kommentarfeltet er stengt.