Sitat

«Søndager med The Supremes» av Edward Kelsey Moore

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Supremes

Ein fryd å lese! Åh, så mange fine ord eg kan finne til å skildre denne boka. Etter første kapittel var eg hekta, og eg har kosa meg så vanvittig mykje med å lese denne flotte boka. Eg gråt og lo, og eg vart ekstremt glad i karakterane i boka, og eg skulle ynskje den aldri tok slutt.

Boka handler om The Supremes; Barbara Jean, Odette og Clarice som er middeladrande, svarte kvinner i Indiana, USA. Dei har vore bestevenninner sidan 60-talet, og kvar søndag et dei på Earl’s All-You-Can-Eat etter kyrkjetid. Vi følgjer kvinnene gjennom kreft, tap av born og ektemann, utroskap og vennskap (og eit heilt sjukt vilt bryllaup!).

Boka har humor, den har varme. Vi snakkar mødre som røyker hasj, å kunne sjå daude mennesker (som den alkoholiserte Eleanor Roosevelt). Det var så mykje godt og morosamt i denne boka. Men det var og mykje sårt, som seksuelt misbruk, barnedaud og å miste den store kjærleiken. Eg gråt opptil fleire gonger.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Ny norsk tittel: «Alltid på en søndag»

Sitat

«Oscar og den rosa damen» av Eric-Emmanuel Schmitt

Forfattaren var usikker på om han skulle skrive denne bittelille boka i årevis før han faktisk skreiv henne. Den handlar jo om dødssjuke born, generelt eit tabu. Men boka er ikkje så veldig trist, ikkje eigentleg. Schmitt klarer å gjere boka varm og morosam, sett frå det naive og betrevitande perspektivet til ein tiårig gutt.

Vi følgjer kreftsjuke Oscar dei siste ti dagane av hans liv, der han saman med besøksvennen Marie-Rose (Rose-bestemor) lev som om kvar dag var ti år. Han opplev barndommen, ungdommen, vaksenlivet og alderdommen. Kvar kveld skriv han eit brev til Gud (som han ikkje heilt trur på), før han til slutt døyr.

Det er ikkje så mange slike bøker ute og går. Ei bok om leukemi som får deg til å smile medan du les? Når hovudpersonen, ein tiårig gut, døyr?? Det høyrast hjerterått og useriøst ut, men Schmitt har klart det. Ei flott lita bok.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2004

Fleire bøker av Eric-Emmanuel Schmitt finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006

Sitat

«Den du ikke var» av Lucy Clarke

Den du ikke var

Det var ikkje eit valg å bli riven med av denne boka. Det var faktisk heilt uunngåeleg.

Når Evas mann dør i ei tragisk drukningsulykke sit ho igjen med sorg og usikkerhet. Ho reiser til Tasmania, øya i Australia der mannen hennes kom frå, og hun får sjokk. For det viser seg at mannen hennar har lyge til henne – om bokstaveleg talt alt. Boka viser menneskelighet på eit nytt nivå, og vi kan kjenne Evas skuffelse, usikkerhet og skamkjensle – alt frå flauheita over å tråkke i ein sølepytt til oppdaginga av med bedrag som gjekk over år. I tillegg oppdager Eva at ho begynner å forelske seg i mannens bror, Saul. Men elskar ho han fordi han minner henne om mannen? Eller blei hun forelska i mannen fordi han lot som om han var broren? Eva mister oversikta over hva som er og har vore ekte i livet hennar.

I tillegg har boka ein helt fantastisk plottwist, og eg gråt fra ende til annan.

Forlag: Apropos forlag
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lucy Clarke finn du HER.