Sitat

«Bienes død» av Lisa O’Donnell

Bienes død

Denne boka vil rive deg opp innanfrå, frå ende til annan. Den vil få deg til å gispe, skrike, stirre vantru mot sidene med eit blankt blikk. For om denne boka ikkje ryster deg, er du laga av stein (og kan berre gå heim først som sist).

Boka handler om to systre: Marnie på 15, og hennar litt yngre syster Nelly. Dei har hatt ein ganske fæl og spesiell barndom. Foreldra er tunge rusmisbrukarar, og kunne ikkje brydd seg mindre om borna sine. På julaftan gravlegg dei foreldra sine i hagen. Nelly veit at Marnie drepte dei, og Marnie veit at Nelly drepte dei. Dei er heilt åleine, og ingen kan vite om det. Boka handler òg om naboen deira, den eldre mannen Lenny. Lenny er homofil, og fordi ein elsker av han var, vel – ung, har han rykte på seg som pedofil i staden. Jentene held seg unna Lenny – det burde jo alle gjere – men Lenny ser at noko ikkje stemmer, og at dei treng hjelp.

Boka er rå. Den er full av sjokkerande element, fine samtaler og vanskelege tankar. Den passar for både vaksne og ungdom, og eg trur at uansett kor gamal du er, vil den treffe deg midt i hjartet.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Ensom ulv» av Jodi Picoult

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Ensom ulv

Etter berre å ha lest to bøker av henne, er Jodi Picoult allereie blitt ein av favorittane mine. For ein fantastisk forteljar! Og måten ho skiftar perspektiv og driv historia framover på – ein kan bli imponert av mindre. Om du ikkje har lest noko av Picoult før, sett i gong å gjere det – no.

Denne handlinga er utrulig original, og litt typisk amerikansk. Boka kretser rundt Luke – naturverner, far, eksmann og ikkje minst ulveelskar (Luke har faktisk eit motstykke i verda, noko som gjer det endå meir spanande å lese alle historiene om naturopplevingane). Han ligg for tida i vegetativ tilstand (koma) på sjukehuset. Legane trur han aldri vil vakne opp, og dottera Cara og sonen Edward blir bedt om å ta avgjerda for livsforlenging. Problemet er at dei er ueinige, og Cara er mindreårig, medan Edward har vore fråverande i seks år. Problema i familien aukar når rettsvesenet vert innblanda på ulike måter.

Historia fenger, flyt raskt og er nesten umulig å leggje frå seg. I byrjinga er kanskje språket litt vel metaforisk til å vere personleg forteljar, men det gjer ikkje så mykje. Karakterane er realistiske, ein både likar og mislikar dei, og det er nesten skummelt å tenkje på at historia også godt kan vere realistisk.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jodi Picoult finn du HER.

Sitat

«Irma Dahl – den dedikerte begravelsesagenten» av Kristine S. Henningsen

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Irma Dahl

Fyrst av alt vil eg berre vite korleis i alle dagar ein kan kome på ideen om å skrive denne boka. Og så vil eg klappe litt. For denne boka er strålande! Den er velskriven, banebrytande og latterleg morosam. Eg storkosa meg gjennom heile leseprossessen, og det vart eit par seine netter; eg ville ikkje legge boka ned.

Vi møter Irma Dahl. Irma tok (uheldigvis) livet av ein pasient som sjukepleiar, og etter ho vart permittert har ho tatt vakter på Kirkens SOS. Men irritasjonen stig når ho aldri møter nokon på telefonlinja som faktisk vil ta livet sitt. Og kva er då vitsen?? Så ho får seg jobb i eit gravferdsbyrå, og elskar det umiddelbart. Ho strekk seg den ekstra mila for alle (nesten) avdøydde, og er ressurssterk til fingerspissane. Irma har eit annleis forhold til døden enn dei fleste, og dette, i kombinasjon med litt brukne sosiale antenner, skaper ganske mange utrulege situasjonar.

Boka er tragisk, og morosam. Døden er jo noko ein ikkje skal spøke med – men ein skal ikkje snakke om han på ein kvardagsleg måte heller. Henningsen bryt ned eitt og eitt tabu, og resultatet er fantastisk. Ho har kanskje satt lista for moderne tragikomikk. For ver så snill, la det kome meir.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Go Ask Alice» av Beatrice Sparks

Go ask Alice

Denne boka las eg gong på gong på barneskulen, på norsk. I ettertid har eg oppdaga at boka ikkje er ei anonym dagbok som proklamert, men at det på 80-talet vart oppklart at det var ein roman skriven som ei anonymisert dagbok.

Denne boka er to dagbøker, liksom ført av ei anonym jente ved namn Alice. Ho veks opp i USA i overgangen mellom 1960- og 70-talet. Ho er ikkje spesielt sosial av seg, og når familien flytter til ein annan by blir situasjonen berre forverra. Alice vert dratt inn i verd av dop og sex, og stikk fleire gonger av heimanfrå. Til slutt vert ho lagd inn på mentalsjukehus. Skildringane av «trip»-ane, presset, tankane ho slit med… Det er rett og slett sjukt å lese.

Dette er ikkje ei bok ein les for å kose seg med. Det er ei vond bok, ei grusom historie og ein stor tankevekkar. Lesinga går av seg sjølv, og ein blir heilt oppslukt av historia. Det viser berre at verkelegheita kan vere vel så grusom som fiksjonen (som likevel var fiksjon).

Forlag: Arrow Books
Utgivelsesår: 2011 (1972)

Norsk tittel: «Bare spør Alice»

Sitat

«Vinterindianere» av Anne Gjeitanger

Vinterindianerne

Dette er ei tynn lita flis av ein roman, i veldig typisk Oktober-stil. Den er lågmælt, fin, sår, men kva handler den om?? Ein må liksom lese vaskelappen bakpå for å forstå kva ein skal lese. For meg vert det litt feil.

Boka handler om Anne på fem-seks år. Ho forel om barndomen på hytta, og kvardagslivet etterpå. Heile boka er eit svær før. Veslebroren døyr (og det er ikkje spoiler, det blir avslørt heilt i byrjinga). Det er ei veldig fin bok, og ein kan kjenne seg igjen i mykje. Boka er fortalt i retrospekt, men tankegangen og samanhengen er likevel som hos eit barn. Eg kan kjenne igjen mange av mine eigne refleksjonar og logiske, men likevel ulogiske, tanker.

Boka er på knappe 100 sider, så eg burde jo ha lest den på ein time. Men stoffet var sårt og tungt, og det gjorde at eg måtte ha pauser for å fordøye det eg hadde lese. Ei fin, lita bok. Langt i frå nokon framtidig klassiker, men verdt lesinga om du har ein time (eller to) til overs.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Du elsket alltid havet» av Lucy Clarke

Du elsket alltid havet

Eg er Lucy Clarke-fan til tusen. Eg kan ikkje tenkje meg folk som ikkje liker bøkene hennar, same om du er 15 eller 50. Dei er fantastisk spennande, og har alltid ein twist som får deg til å sperre auga opp og gispe høgt (sjølv om du kanskje sitter på bussen og folk stirer).

Katie si verd vert rysta når ho får ein telefon frå politiet om at systera, Mia, vert funnen død på Bali. Politiet der seier at ho tok sitt eige liv, men Katie nekter å tru på det. Ho bestemmer seg for å finne ut kva som eigentleg skjedde, og reiser frå sitt A4-liv for å fylgje i Mias fotspor. Men turen vert ikkje heilt som venta, og det ho oppdager, endrar alt.

Den er så fantastisk bra, denne boka. Det er den fyrste Lucy Clarke-boka omsett til norsk, og eg er så glad for at det fins to til (og at ho skriv på den fjerde!).

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Lucy Clarke finn du HER.

Sitat

«Hele livet på en dag» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Hele livet på en dag

Kvar skal eg starte? Skal eg starte med kor viktig og opplysande denne boka er? Eller fortelje om tårene som strømma langs kjakane mine i går då eg las dei siste 100 sidene?

Richman bruker ekte historier i bøkene sine – med fiktive karakterer, vel å merke. Men det er så hjerteskjerande at dette faktisk har hendt menneske for berre 70 år sidan. Boka handler om Lenka og Josef, eit ungt par som finn kvarandre i Praha på 30-talet. Utan at nokon ser det kome, står krigen på døra, og dei vert skilde frå kvarandre. Lenka får beskjed om at Josef døyr i ei skipsulykke, og Lenka blir antatt død i Auschwitz. 60 år seinare møter dei kvarandre att – i sine borneborns bryllaup.

Denne boka handler om alt i mellom desse hendingane. Om jøder, holocaust, sorg, og gleda ved nytt liv. Rett og slett ei utruleg viktig og nydeleg bok.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Hvis du får dette brevet» av Sarah Blake

Hvis du får dette brevet

Når eg byrja å lese denne boka, synest eg at det gjekk kjempetreigt dei fyrste 50 sidene, synest kapitla var for lange, avsnittinndelinga rar, skjøna ikkje koplinga mellom hovudpersonane og synest mykje var overflødig. Men så plutseleg var eg på side 134, og så 384, og så var plutseleg boka slutt.

Boka handler om Frankie Bard, ei amerikansk ung kvinne som er i London for å sende reportasjar på radio om andre verdskrig. Frankie opplever mykje på si reise i Europa under krigen, og vert aldri den same att. Ho prøver å formidle at jødane vert sende i døden, men sensuren gjer det vanskeleg. I USA sit to andre kvinner, Emma og Iris, og høyrer på sendingane, og vi følgjer dei og opplever at krigen kan ta mykje i frå ein – sjølv om ein er på andre siden av kloden.

Boka vinkler så fantastisk bra kor uvitande USA var om jødeutryddinga (og resten av Europa for den saks skyld), og det er så uvirkeleg å tenkje på – at ingen skjøna kva som foregjekk. Den viser òg kor utruleg viktig posten var som kommunikasjonsmiddel, og kor mykje som kan stoppe opp dersom ein postmester skulle finne på å ta eit brev, lese det, og aldri sende det vidare. Ei ufatteleg viktig og interessant bok – anbefales til alle!

NB! Husk å lese forfattarens notat, takk og fortelling om fortellinga bakerst! Utruleg interessant.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2012

Sitat

«Lenas dagbok» av Lena Mukhina

Lenas dagbok

Dette er noko av det sjukaste du vil lese i heile ditt liv – enkelt og greitt fordi det er sant. Lena Mukhina var ei ekte jente som budde i Leningrad (St. Petersburg) under den grusame beleiringa av byen frå 1941-1944 – ei russisk Anne Frank. Folk svelte i hel i hundretusenar, kannibalisme var ikkje uvanleg, og folk åt snikkarlim for å overleve.

Lena er 16 år når krigen mellom Tyskland og Sovjetunionen bryt ut. I byrjinga handlar boka berre om dagleglivet: gutar, skule, vener. Så fort byen vert beleira, skryt Lena av dei sovjetiske styrkene og seier krigen straks vil vere over. Men etter kvart som flyalarmane går oftare og oftare, og svelten tek til, glir notatene hennar over i korleis ho skal overleve denne krigen. Heilt åleine.

I fororda og etterordet finn du mykje informasjon og fakta om beleiringa, les absolutt fororda før du starter på sjølve dagboka!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«En himmel av brev» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

En himmel av brev

Åh, for ei følelsesladd bok! Den tok meg med storm! Språket var så utruleg poetisk, utan at det blei svevande og klissete. Alyson Richman er definitivt ein forfattar eg skal lese meir av etter denne leseopplevinga.

Boka handlar om Elodie og er sett i Italia under andre verdskrig. I opninga av boka møter vi Elodie, no Anna, som går av båten i Portofino. Der møter ho legen Angelo, som redder henne frå nazistane på kaia. Så rykkast vi tilbake i tid, før Tyskland invaderte Italia. Vi får oppleve Elodie sine sterke familieband, vennskapsband, forelsking og kjærleik for musikken, som er bakteppe for heile romanen. Vi møter ei jente som får verda si rive i to og blir med i motstandsrørsla. Vi får òg oppleve Angelo slik han var før hans verd vart knust ti år tidlegare.

Boka er rørande, varm, vakker og så utruleg flott. Den er sterk og vond å lese til tider, spesielt når ein les etterordet til forfattaren og får vite at så utruleg mykje er faktiske hendingar. Eg kan eigentleg anbefale boka til absolutt alle!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Leve kongen!» av Fay Weldon

Leve kongen

Dette er den andre boka i Fay Weldons trilogi, Kjærlighet og arv. Først av alt, IKKJE les bak på! Ikkje på nokon av bøkene. Det er kun spoilers, og det som står bakpå denne er rett og slett ikkje sant.

Denne boka er ganske annleis enn den fyrste. Vi får ikkje lenger oppgitt handlinga frå minutt til minutt, men susar gjennom eit halvt år fort som fy. Vi får heller ikkje tilbringe tid med tenarane til familien Dilberne. Vi møter derimot eit ny karakter, Adela.

Adela er dottera til grevens veslebror, og vert foreldrelaus etter ein stor brann. Ho hamnar midlertidig hos biskopen av Bath og Wells, og familien Dilberne har ingen hast med å hente ho. Dei er altfor opptekne av den foreståande kroninga av kongen og dronninga, gode vener av familien. Som vanleg kan ein rekne med at Rosina finn på faenskap, men Adela, som tidlegare prestedotter, finn og på sprell medan ho ventar på at ein skal finne ut kva som skal skje med henne.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.

Sitat

«Fyrvakt» av Jeanette Winterson

Fyrvakt

Eg elska den fyrste boka av Winterson, Ikke bare appelsiner, så eg blei så klart litt skuffa av denne. Men korleis kan noko bli like bra som den semi-biografiske boka om ei lesbisk jente som veks opp med ei gal mor av ein pinsevenn? Akkurat.

Denne boka handla om Silver. Silver bur i Salts i Skottland, og som unge blir ho foreldrelaus. Etter litt om og men hamnar ho hos den lokale fyrvaktaren, Pew. Pew er ein gamal mann, som baserer livet sitt på historier: både å vere ei og å fortelje dei. Vi følgjer spesielt ei historie, om pastoren Babel Dark. Boka tar for seg artenes evolusjon, spørsmålet om Gud eksisterer, og kan historier ende?

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2005

Fleire bøker av Jeanette Winterson finn du HER.

Sitat

«Birøkterens datter» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Birøkterens datter

Eg skriv omtala mi av ei bok så fort eg kan etter å ha lese den, og eg kan fortsatt kjenne stivna tårer på kinna mine. No fell eg ofte ei tåre eller to når eg les ei engasjerande bok, men dette var annleis. Eg rett og slett hulka meg gjennom dei tre siste kapitla. Ufatteleg rørande og varm. Aldri før har eg kjend så mykje omtanke og medkjensle for karakterar i ei bok.

Vi får historiene til Grace og dottera Trixie gjennom tre ulike tiår. På slutten av tredvetalet følgjer vi Grace som ungdom; vi går saman med henne gjennom ungdomsforelskelse, farens død og andre verdskrig. Grace må gi kall på alt ho er glad i for å reise til Amerika saman med ektemannen Freddie. På midten av syttitalet er Grace blitt ei middelaldrande dame med ei tenåringsdatter, Trixie, som er håplaust forelska. Håplaust er nøkkelordet. Men Trixie gløymer aldri ungdomsforelskelsen, og som vaksen dame i 1990 oppdager ho mora sin store hemmelegheit og sorg – og ikkje minst korleis den er knytt opp mot henne.

Dei som har titta litt innom her før, veit kanskje at eg har vore nokså ambivalent til Santa Montefiore, men har synest at bøkene hennar berre har blitt beire og beire. Og bønene mine blei sanne, for dette er den beste boka til Santa Montefiore så langt! Utruleg nydeleg, godt skrive, og flott historie! Om ein er einig i moralen i boka, og kor vidt enkelte ting utviklar seg litt vel raskt og urealistisk, er éin ting; men det som verkeleg betyr noko er jo så klart om den er bra! Så les den; viss ikkje går du glipp av ei stor oppleving.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Bilydar» av Marianne Clementine Håheim

Boka er sponsa av Oktober forlag

Bilydar

Så grusomt sårt og fint. Er det så mykje meir å seie? Dikta til Marianne er nydelege. Dei har si eiga form, og sin eigen stil. At Marianne er ei sterk personlegheit skin gjennom. Og kor lett det er å kjenne seg att i dikta! Dei er slåande, og dei sit i.

Dikta handler om død, familie, venner, kjærleik – fysisk kjærleik. Dei handlar om å skrive, kanskje om noko anna enn kroppen sin. Og ordet «bilydar» vert også definert i boka, og når ein les definisjonen og knyt det opp mot alle dei vakre dikta, så dør ein litt innvendig.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Marianne Clementine Håheim finn du HER.

Sitat

«Etter deg» av Jojo Moyes

Boka er sponsa av Bastion forlag

Etter deg

Ein blir ofte skuffa av oppfølgjarar (og dette er jo oppfølgjaren til Et helt halvt år), så eg var nesten redd for å starte på denne boka. Men denne skuffa ikkje. Herregud, så flott! Eg elska jo historia om Lou og Will, og var knust på slutten. Men denne boka tok opp att tråden på ein fin måte, med ei heilt anna historie, sjølv kort tydeleg Lou er prega av Will.

Lou har flytta til London. Ho lev i si eiga vesle boble, og usikker på kven ho er, kvar ho er og kvar ho skal. Og ut av det blå, dukker Wills ukjende dotter opp. Lily er ein trøblete tenåring, som klarer å rote seg bort i problem overalt, og Lou klarer ikkje la vere å prøve å ta vare på henne. I tillegg til å leike reservemamma, forelsker ho seg i ambulanseføraren Sam. Lou tenkjer fortsatt på Will, men klarer ikkje finne ut kven av dei ho føler seg utro mot.

Det som er så flott med Jojo Moyes bøker er at det kun er handling på handling – det er ikkje overpynta språk eller vekt på utsjånad eller naturskildringer. Det er enkelt, ærleg og bra. Og eg gler meg allereie til den tredje boka.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«Bienes historie» av Maja Lunde

Bienes historie

Dette er Boka. Legg merke til den store B-en. For dette er den beste norske boka i 2015. Om boka hadde vore tre gonger så tjukk, ville eg fortsatt ha ynskt at den var lengre.

Boka har tre historier, som sakte, men sikkert flettast inn i ein annan. Eg veit nesten ikkje kva for ei eg likte best av dei tre, dei var så ulike! Det var tre heilt ulike forteljarar, både i tid og stad, personlegdom, stemme… Alle historiene var knytt rundt bier (naturleg nok) og eit sterkt band mellom foreldre og barn – og kor raskt det kan forsvinne.

Vi les om William, ein melankolsk (eller deprimert) forskar i England 1852 – han vil gjerne studere bier og lære alt om røkting av dei, men slit med å få inspirasjon til å komme seg ut av senga. George er ein birøkter i dagens USA, og blir ramma av biedauden som herjar Amerika. Han prøver òg å få eit nært forhold til son sin, men aner ikkje kvifor alt han prøver vert feil. Og så er det Tao. Tao er ei kinesisk kvinne i eit framtidig Kina – 2098. Biene er alle daude, og handpollinering sysselset nesten heile Kina. Europa og Amerika har så godt som gått under. Tao sitt liv er ganske einsformig, inntil son hennar vert sjuk, og forsvinn frå sjukehuset. Som den mora ho er, er Tao villeg til å ofre alt for å son sin att.

Eg vil avslutte og oppsummere med eitt ord: MESTERVERK.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Maja Lunde finn du HER.

Sitat

«Et helt halvt år» av Jojo Moyes

Et helt halvt år

Eg kan ikkje fatte at eg har gløymd å skrive om denne boka! For den er jo så flott, og no er oppfølgjeren like rundt hjørnet, Etter deg. Dette er jo ei bok dei fleste er blitt glade i, så denne rosen blir nok berre ei i mengda.

Uansett, boka handler om Lou, som mister jobben på kafeen der ho har arbeidd heile ungdommen. Via arbeidsformidlinga får ho jobb som heimesjukepleier hos ein velståande familie. Pasienten er ein ung mann på hennar eigen alder, Will. Etter ei grusom motorsykkelulykke har han hamna i rullestol, og hatar livet. Lou skjøner at ho berre er der for å vere barnevakt, men blir glad i Will og gjer alt ho kan for å gi han livslysta att.

Boka er utruleg lettlest, sympatisk og en pageturner av eit nytt kaliber!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«Nathalie» av David Foenkinos

Nathalie

Denne boka var søt. Og syrlig. Eigentleg var den litt som sånne godteri som er sure utanpå, men når du har slikka vekk pulveret er det berre søtt og godt. Men det var liksom ikkje klissete og kvalmande. Den var faktisk veldig fin.

Boka handler om eit merkeleg kjærleiksforhold. Nathalie opplever at mannen hennar Francois blir påkøyrd og døyr. Dei var perfekte for kvarandre, og ho anar ikkje korleis ho skal kome seg vidare i livet. Etter ei stund begynner ho å arbeide att, med en sleezy sjef som konstant legg an på henne (host, kvalming). Ho er absolutt ikkje interessert i han. Han ho derimot vert interessert i, er ein assistent frå Sverige, kalla Markus. Han er middels tjukk, middels pen, middels alt, eigentleg. Men han er morosam, og intelligent. Begge to vert like overraska over tiltrekkinga mellom seg.

Boka er absolutt verdt dei to-tre timane den tar å lese ut! Den er kjekk å lese, fordi den vekslar synspunkt mellom fleire ulike menneske. Deilig lesning, og perfekt for en fin sommarkveld.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av David Foenkinos finn du HER.

Sitat

«Sommerpaviljongen» av Santa Montefiore

Sommerpaviljongen

Ett ord: OK. Etter å ha lest Hagen i Hartington gleda eg meg til å begynne på denne. Og eg vart litt skuffa. Bøkene er skrivne på same måten: sakte framgang, skildrane og godt språk, og kjappe byter av synspunkt (utan endring av avsnitt, noko som er kjempeforvirrande dei første par kapitla ein les, men ein blir vand med det).

Boka starter med at Lord Frampton døyr. Heile familien er knust. I gravferda dukker det opp ei ung kvinne, som hevdar å vere den ukjende dottera til lorden. Med litt sunn skepsis i begynnelsen, vert ho snart ynskt varmt velkomen inn i familien. Kun éi i familien er mistenksom på denne nye «dottera», som dukker opp og vert invitert til familiens gods og arver fleire millioner.

Eg kan eigentleg ikkje sei så mykje meir utan å avsløre alt. Sjølv synest eg boka var ekstremt forutsigbar, og etter berre første kapittel hadde eg forstått heile storylinen. Men det er berre meg, da. Uoriginal historie? Kanskje. Godt skrive? Absolutt. Den passar fint som sommerlektyre på stranda.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Evighetens Roma» av Domenica de Rosa

Evighetens Roma

Denne boka er ei fin lita greie. Den handlar om Gaby som får sitt første barn. Ho er i lykkerus, heilt til ho får vite at faren døydde same dag. Gaby vert knust, for ho har alltid vore veldig nær faren. Heile familien reiser fra England til Italia, landet der faren var i frå, for å spre askene hans (på litt ulovlig vis). Kvar og ein av søstrene til Gaby har ei meining om kvar dei trur faren ville ha askene sine spreidde hen.

Vi reiser på ein nydeleg tur igjennom Roma, både det turistane kjenner, og Roma for dei innfødde. Det vert dramatikk i familien på mange ulike nivå. Boka er ei nydeleg historie om familie, kjærleik og sakn. Og eg er allereie igang med neste bok av Domenica de Rosa!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Domenica de Rosa finn du HER.