Sitat

«Piken på toget» av Paula Hawkins

Piken på toget

ÅÅÅÅÅÅÅ, satan! Eg vil bare skrike meg hes akkurat no. Korleis, korleis er det mogleg at ei bok kan fengje så mykje? Denne greia vart slukt.

Boka handlar om Rachel. Rachel er alkoholiker, og for to år sidan forlot mannen hennar ho for ei anna kvinne, Anna. Saman med Anna har eksmannen hennar, Tom, fått ei dotter. Rachel er ganske stuck i tilveret sitt, så av og til dikter ho opp historier. Dette gjer ho på toget på vei til jobben ho latar som ho har, og spesielt om eit ektepar ho kallar Jason og Jess. Men ein dag vert Jess meldt savna – og blir funnen drept. Rachel klarer ikkje la vere å blande seg, og i løpet av ein månad raser heile verda hennar saman.

Boka er spanande til eit nytt nivå, eg klarte knapt å legge den frå meg. Den er fortalt frå både Rachel, Anna og Megan (det eigentlege navnet til Jess) sine sider. Eg følte (klisjéaktig nok) at eg satt inne i ei lita mørk boble når eg las. Eg var livredd medan eg las boka, og det vart eigentleg verre når eg såg likheitane mellom romankarakterane. Herregud, så nervepirrande!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Paula Hawkins finn du HER.

Sitat

«Uten personlig ansvar» av Lena Andersson

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret 

Uten personlig ansvar

FOR EIN ROMAN!!! Alle som har lest forløperen Rettsstridig forføyning, bør lese denne. Helvete heller, les den uansett. For alle bør lese denne. Den er meir enn dobbelt så tjukk som forgjengeren, og dobbelt så bra. Om det er ei bok eg trur alle kan identifisere seg med, er det vel denne. For uansett i kor stor grad, har vel alle vore forelska i nokon som ikkje var akkurat like interessert?

For boka er ei fantastisk analyse og ein fantastisk roman. Ester er no forelska i skodespelaren Olof Sten, fem år etter forholdet med Hugo Rask. Og Olof er gift, men veldig ambivalent. Eigentleg utnytter han Ester på det grovaste, og forholdet varer i omlag 4 år. Eller, i følge Olof har dei ikkje eit forhold. Kun vennskap, sex, dype samtaler, hotellturer … Men hey. Han kan ikkje forlate kona, og det er alt Ester ønsker.

Det blir djupt forklart korleis eit einsida forhold kan utvikle seg, kvifor ein vel å tru det ein trur, og ser det ein vil sjå. Eg kan med handa på hjartet seie at boka lærte meg veldig mykje om meg sjølv. Denne boka er utan tvil ein klassiker som vil vere relevant ei lang stund framover.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lena Andersson finn du HER.

Sitat

«Rettsstridig forføyning» av Lena Andersson

Rettsstridig forføyning

En roman om kjærlighet. Det er ei ganske kort bok, og ho kan enkelt lesast på ein kveld. Boka tar deg med inn i livet til Ester Nilsson, ein frilans skribent som er utdanna innan filosofi. Ho forelskar seg i kunstnaren Hugo Rask, og vert besatt. For å seie det mildt. Ester går i frå sambuaraen, og byrjar å henge rundt gatene Hugo bur og arbeider. For dei er jo meint for kvarandre.

Tja. Ester meiner kanskje det, Hugo – not so much. Han er så polygam som ein får det, men Ester vil ikkje innsjå det. Ho har alle bevisa rett foran ansiktet, men finn heile tida alternative sanningar. Det blir og fokusert på maktfordeling; den som vil minst, bestemmer mest.

Boka er ei analyse, meir enn ein roman. Tida går raskt, og unødige hendingar og samtaler er klipt vekk. Kun viktig dialog og augneblink er tekne med. Det gir boka raskt framgang, og den er slutt før du veit ordet av det. Og då vil du nok hoppe rett inn i oppfølgjaren, Uten personlig ansvar.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Lena Andersson finn du HER.