Dette er den andre boka av Santa Montefiore utgitt på norsk, og den beste så langt. Plottet var mykje meir originalt og uforutsigbart enn Sommerpaviljongen, så det var ein positiv opplevelse – og setter endå høgare krav til boka som nettopp er komen, Birøkterens datter. For det bør jo berre gå oppover, eller kva?
Boka har to historier – ei i notid, og ei i fortid. Begge foregår i det same herskapshuset i Dorset, og blir knytt saman når franskmannen Jean-Paul dukker opp. Før budde nemleg Ava og hennar familie der, men no har Miranda flytta inn der saman med sin familie. Miranda og David har problem i ekteskapet, og Miranda blir nysgjerrig på Jean-Paul – på alle måtar. Men kor langt er ho villig til å la det gå? Like langt som Ava lot det gå?
Boka er sitrande, og full av spenning! Boka har vekslande synspunkt, og den kan vere litt forvirrande i byrjinga, men ein blir fort vant til det. Plottet er som sagt kjempeoriginalt, og eg gråt i bøttevis på slutten.
Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015
Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.