Avslutninga av trilogien Kjærlighet og arv er den minst utforutsigbare boka av dei, sjølv om tittelen gir eit stort hint. Og for fyrste gong får vi vere med på dramaet, ikkje berre lese referat! Vi snakkar barnekidnapping, skilsmissetruslar og uaktsomt drap.
Rosina returnerer som rik enke fra Australia, med store planer om å gi ut ei bok om aborigineranes seksualvaner, og Isobel blir spinnvill. Som om ho, Isobel, ikkje hadde nok å tenkje på allereie? Kongen med følge og elskerinne skal kome på jakt, om berre seks månader! Rosina flytter inn saman med Anthony og Diana Robin, søskenparet vi møter i den fyrste boka. Dit flykter også Minnie når ekteskapet hennar leggast i grus.
Eit spørsmål ein kan stille seg er korleis alt dette ville gått om ikkje politibetjenten Andrew Strachan hadde blanda seg bort i absolutt alt? Uansett, dette er desidert den beste av bøkene! Vi er litt saman med tenarane igjen, og tidsperspektivet er meir normalisert, ikkje hypersakte som i den fyrste boka eller hyperraskt som i den andre. Vel verdt å lese!
Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014
Fleire bøker av Fay Weldon finn du HER.