Sitat

“Biter av lykke” av Anne Ch. Østby

Boka er sponsa av Font Forlag

 photo Biter av lykke_zpsw0srn5bf.jpg

Eg har no lest den nye boka til Anne Ch. Østby som etter ein månad har tatt heilt av internasjonalt med rettigheter solgt i øst og vest (bokstavelig talt). Og det er ikkje så rart, for dette var ei ganske kort, lettlest feelgood bok som innfrir løfta sine; ho er akkurat det skrildringa på omslaget seier at ho er: ein roman om kjærleik, håp og sjokolade. Ikkje berre romantisk kjærleik, men meir ein vennskapeleg kjærleik og ikkje minst ein kjærleik til livet.

Kat er 66 år og enke. Ho sit no som eigar av ein kakaoplantasje, og kjenner litt på einsemda. I staden for å invitere klassevenninnene på besøk, inviterer ho dei derimot til å flytte ned til seg på Fiji (Kat er altså typen som ikkje gjer ting halvvegs). I boka blir vi kjende med Ingrid (med ein indre tvilling, Vildrid), Maya (som har demens), Lisbeth (som berre reiste i frå ektemannen) og Sina (desperat etter å kome seg unna den middelaldrande og hjelpelause sonen). Og Atheca, den fijianske kvinna som jobbar for Kat og tek med seg desse kvinnene sine i kveldsbønene sine.

Dette er ei bok om kor vanskeleg ulike typar kjærleik kan vere; kor vanskeleg det kan vere å ta opp att eit førti år gamal vennskap; kjærleiken som forsvinn i eit ekteskap (om den nokon sinne var der); kjærleiken til samfunnet rundt seg og trua på noko felles. Det handlar om å ikkje slutte å leve berre fordi ein er komen i ein “moden alder”, men utfordre livet og prøve noko nytt. Som å oppsøke ein kjekk mann midt på natta og bli med han inn på soverommet, som å dytte den vaksne ungen ut av redet, eller for eksempel å starte ein sjokoladefabrikk.

Dette er ei bok full av varme, vennskap, tilgjeving og nye opplevingar. Vi møter ein annleis kultur på godt og vondt, og lærer mykje. Og ja, ein tur til Fiji hadde jo ikkje vore å fornekte etter å ha lest denne fargerike boka! (Kunne gjerne tenkt meg å smake fisk kokt i kokosmelk med løk og chili.) Det er definitivt ein grunn til at denne boka er kjempepopulær akkurat no, så du treng ikkje vere redd for å kaste deg ut i det og kjøpe den! (Om du vil ha noko å samanlikne med, så minner den litt om Dora Heldt si bok Champagne og hetetokter kryssa med noko av Karin Brunk Holmqvist.)

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2016

One thought on ““Biter av lykke” av Anne Ch. Østby

Kommentarfeltet er stengt.