Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag
Ei av favorittbøkene mine frå då eg var mindre var skriven av Helene Uri, så å stifte kjennskap til forfattaren i vaksen alder var noko eg gledde meg veldig til. Tenk om denne boka kunne gje meg like mykje glede no som Dråpen som fikk alt til å skje ga meg som åtte-åring? Og det er veldig hyggjeleg å meddele at det gjorde den! Eg har faktisk nettopp nominert den som min favoritt til Bokhandlerprisen, så god var den faktisk; Den beste norske boka hittil i år.
For kan vi snakke litt om språket til Helene Uri? Kor fantastisk godt det er? Det er så medrivande, nervepirrande, lett gjenkjenneleg og truverdig. Uri vinklar historia slik det passar seg, og avslører meir og meir underliggjande tankar og synspunkt. Ho dreg spenninga brått opp til toppen, før ho berre slepper henne ned att. Det kjem (akkurat tydeleg nok) til uttrykk at Uri har tenkt veldig mykje på korleis vi vil oppfatte Ebba og Karl etter kvart som vi kjem tettare inn på dei gjennom boka.
Ebba og Karl har vore i gift i nokon-og-førti år, og har alltid framstilt seg sjølve (og blitt framstilt) som det perfekte par. No er det frost i Oslo, og isen ligg tjukk og speilblank utanfor inngangsdøra, og hindrar dei i å gå ut or leiligheita si. Ebba er rastlaus og Karl irritabel. Det blir ikkje betre når maten (og kaffien) nærmar seg slutten, og friksjonen mellom mann og kone veks. Dei kjeklar og kjem med småstikk til einannan om alt som har skjedd i fortida, om episoder som dei hugser ganske ulikt.
Perspektivet i boka vert meir og meir nyansert dess lenger uti vi kjem, og på fjerde eller femte dagen går verkeleg alt over styr. Ebba har prøvd desperat å halde oppe sine eigne illusjonar, men det er grenser for kor lenge ein kan vere innestengt med ein mann ein både elsker, hater og elsker å hate. For kven av dei har eigentleg rett om den andre? Kven eig sanninga om eit ekteskap? Og er det for seint?
Om eg ikkje var tydeleg nok i innleiinga mi, seier eg det eksplisitt her òg: Dette er den beste norske boka frå 2016. (Og årets beste julegavetips!)
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016
One thought on “«Hålke» av Helene Uri”
Kommentarfeltet er stengt.