Boka er sponsa av Cappelen Damm
Dette er ei slik bok der sidene berre flagrer av gårde; ei sånn bok du tar deg sjølv i å skumlese fordi den er så spennande, og deretter må tvinge deg sjølv til å lese i eit normalt tempo. Og herregud, for ei avslutning. Eg har ikkje grått så voldsomt av ei bok på månedsvis; denne historia er enkelt og greitt så nydeleg at eg ikkje helt har ord.
Vi er i Frankrike under starten på andre verdskrig, og tyskerane har okkupert den vesle byen Vianne bur i med familien sin. Mannen vert sendt ut i krigen, og Vianne si ti år yngre syster Isabelle vert sendt til henne for å hjelpe henne. Men når ein tysker flytter inn i huset, orker ikkje Isabelle å vere der meir. Ho rømmer til Paris og blir ein del av motstandsrørsla, under kodenamnet Nattergalen. I boka følgjer vi både Vianne og Isabelle i sine ulike, men likevel begge grusame, opplevingar av krigsåra.
Boka er full av familieband, kjærleik, håp, ideologi, vennskap, offer, mot, sorg og gleder. Det er ei rasande godt språk, og dei fem hundre sidene går unna i ein fei. Kristin Hannah har klart å komponere ein bortimot perfekt roman, som både engasjerer leseren og framstår som truverdig. Det er ikkje ei bok som er svart-kvitt i moralen, men som viser dei komplekse menneska bak ein uniform eller ein tittel. Eller eit kodenamn.
Det er rett og slett ein helt strålande roman, og om du likte bøkene til Alyson Richman eller Historiefortelleren av Jodi Picoult, er dette ei bok for deg. Eg veit nesten ikkje kva meir eg kan seie om den, for eg har både ingen ord og altfor mange ord. Dette er ei bok som vil bli hos meg i lang tid, kanskje er den til og med umulig å gløyme?
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015
One thought on “«Nattergalen» av Kristin Hannah”
Kommentarfeltet er stengt.