Sitat

“Mørke rom” av Gillian Flynn

 photo Moslashrke rom_zpsmemt8h76.jpg

Då var eg nettopp ferdig med Mørke rom, etter å ha tilbrakt nesten tre timar i senga med den i dag tidleg. Den er altså såpass avhengighetsskapande at å leggje den frå seg ikkje falt meg inn. Eg trur noko av det beste med Flynn sine bøker, er at du ikkje elsker hovudpersonen. Dei er helt vanlege personar; ofte grådige, egoistiske, sure og sjølvgode. Det blir litt sånn “kven bryr seg om det går bra med dei“?

For Libby Day har ting nemleg gått sjeldan bra. Vi møter henne som 31 år gamal, einsam, fattig og bitter. For 24 år sidan vart mora og dei to systrene brutalt drepne i noko som såg ut til å ha vore ei satanistisk ofring. Den eldre broren Ben sonar enno for drapa. Libby treng desperat pengar, så når nokre medlem frå Kill Club, ei gruppe menneske som er fiksert på grusame drap, tilbyr henne pengar for gamle brev, bilder og for å ta kontakt med resterande familiemedlem, er det vanskeleg å seie nei. Plutseleg er Libby dratt inn i eit helsikes oppstyr, og blir meir og meir overbevist om at broren ikkje drepte mora og systrene. Men hvis ikkje Ben gjorde det, kven gjorde det då?

Herregud, eg vart heilt skjelven av å lese denne boka. Kvifor? Det er eit par relativt groteske skildringar i denne boka, så obs obs! om du er redd for slike bøker. Men satan (hehehe) så god denne boka var! Etter mi meining er den endå betre enn Flink pike, med ein mykje betre slutt.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Gillian Flynn finn du HER.