Sitat

«Paganinikontrakten», «Ildvitnet» og «Sandmannen» av Lars Kepler

Tidligare i vinter skamroste eg den fyrste boka i serien om Joona Linna, Hypnotisøren, og skreiv som sant var at når eg starta på den ein kveld, så las eg sju timar i strekk og satt oppe til klokka to. Så å skulle starte på bok nummer to, det var skummelt. No var lista lagt ganske så høgt. Men trur du pokker ikkje ekteparet «Kepler» sveva over stanga med glans??

Paganinikontrakten

For Paganinikontrakten var absolutt like spennande som bok nummer ein, sjølv om her var meir politiarbeid og mindre hobbyetterforskning. Denne gongen var tema som politikk, ulovleg sal av våpen og afrikanske borgarkrigar sentrum i historia.

Etter å ha blitt født og oppvokst i eit kvinnefengsel i El Salvador, er Penelope Fernandez no eit høgt respektert menneske i det svenske samfunnet, og i ein alder av berre tjuefire år har ho fått mykje merksemd som pasifist og fredsforkjemper. Etter ein heftig tv-debatt, dreg ho på båttur med kjærasten Bjørn og veslesystera si, Viola, som slenger seg med for å kome seg litt unna etter å ha slått opp med sin kjærast. Båthygga får ein brå slutt når Penelope kjem inn i lugaren sin etter eit kort stopp og finn Viola død i si eiga seng. Sittande. Når ho oppdager mannen som prøver å drepe Bjørn i vatnet mellom båten og land, set panikken inn. Penelope og Bjørn må rømme for livet.

Samstundes i Stockholm, vert forretningsmannen Carl Palmcrona funnen død i sin eigen heim, og det viser seg å vere eit høgst merkverdig sjølvmord. Joona prøver å få jobben som etterforskningsleder, men det skipet er segla, så i staden heng han seg på Saga Bauer i Sikkerhetspolitiet. Der finn han etterkvart ein samanheng mellom Palmcronas død og forsvinninga til Penelope og Bjørn, som får større konsekvenser enn det svenske politiet kunne drøymd om.

Språket er så godt at det nesten gnistrar av sidene når du blar, kapitla er korte og råspennande, og det svenske ekteparet hoppar bukk over klisjeane. Det er rett og slett berre himla bra, og skamrosen av krimserien må jo berre fortsette der han slapp etter den fyrste boka. For det er jo faktisk ei knallbra bok når du tenker at du skal lese eit kapittel på morgonkvisten (eller kvist og kvist, klokka ni), og når du sjekker klokka igjen er den ti på halv tolv, og det kjennest ut som om berre fem minutt har gått. Skummelt.

Ildvitnet

Ildvitnet er den tredje boka i serien om Joona Linna, og sjølv om den ikkjer nøyaktig like fengande som dei to første, har den andre aspekt som gjer at boka likevel får nærmare toppkarakter hos meg. For det fyrste held Kepler på trenden om å synleggjere psykiske lidingar i samfunnet og utnytting av desse, det handler om barn (og det er helt jævlig kva enkelte menneske kan få seg til å gjere med og mot barn). Og så får vi veldig mykje av spenninga frå privatlivet til Joona, og eg gler meg til å sjå utviklinga av denne.

Det har skjedd to mord på ein institusjon for psykisk sjuke unge jenter, Birgittagården. Ganske brutale mord, utført med stump vald mot hovudet som rammar ein av jentene og den femti år gamle nattevakta Elisabet. Joona Linna er under interetterforskning, og vert sendt som observatør. Men sta som han er, blandar han seg inn der han kan. Det viser seg at den einaste som manglar på Birgittagården er ein av dei nye elevane, Vicky. Når Vicky på rømmen stel ein bil og køyrer ut i elva, oppdager ho at at det sit ein fire år gamal gut i baksetet, og plutseleg er ho drapsmistenkt og ettersøkt for kidnapping.

Sandmannen

Som nevnt ovanfor har det dukka opp små biter frå privatlivet til Joona, og det er vel det denne boka handler om. Ikkje at Joona gjer så veldig mykje ut av seg i plottet, det meste av arbeidet er lagt på Saga Bauer, som går undercover inn til Jurek Walter. Jurek vart sendt på psykiatrisk isolat for tretten år sidan, av Joona. Det var nokon ganske sjuke ting han hadde gjort, blant anna kidnapping. Og ut av det blå dukkar eit av ofra opp att, Mikael Kohler-Frost. Han kan ikkje hugse å ha rømt, og han held på å døy av legionella. Han fortel av systera var fanga saman med han, og basert på Mikael sin tilstand, skjøner Joona og kollegane at dei må handle raskt dersom Felicia Kohler-Frost skal bli funnen i live.

Eg har sett mange kommentere at dette er favoritt-Kepleren deira, men det skjøner eg helt ikkje. Altså den var knallbra og spennande, men eg klarte jo faktisk å legge den frå meg frå tid til anna. Og så synest eg den ikkje var like kreativ som dei andre, eg følte løsninga var litt juks. Du hadde kun eitt hint på kva løysinga kunne vere, men ja. Litt juks var det, i alle fall i følge «gode krimregler». Men eg skal la det gå, for epilogen var berre WHAT. Eg har jo femte bok liggande her, men den må nesten vente litt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Paganinikontrakten (2011), Ildvitnet (2012), Sandmannen (2013)

Fleire bøker av Lars Kepler finn du HER.

Advertisements