Sitat

«Jentene» av Emma Cline

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg har lengta etter å begynne på denne boka! Dei fleste har vel sett omslaget dersom dei har gått i ein bokhandel. Har du sett anmeldelsen av boka i VG òg, kanskje? Blitt skremd vekk av den toeren boka fekk? Eg trur aldri eg har sett ein anmeldelse med så lågt terningkast. Men når eg såg at det var VG som trilla toeren, kunne eg ikkje brydd meg mindre. VG gav jo ein femmer til Chicks o’hoi, som kanskje er det verste eg nokon sinne har lest. Så den dårlege omtala frå Verdens Gang, overser eg glatt. (Etter å ha lest boka, ser eg på den toeren som ein skam av eit terningkast. (Kanskje VG blanda terningkasta på denne og Chicks o’hoi? Eg håpar – for VGs rykte – at det er slik det er.)

Boka tek utgangspunkt i den høgst reelle historiske personen Charles Manson (kan eg kalle ein levande person historisk???), og jentene som var ein del av «familien» hans. No har jo alle desse nye namn, men elles er (så vidt eg veit) detaljane ekte, som den svarte skulebussen dei køyrde rundt i. Fokuset er heller ikkje Manson (eller Russell, her), men – slik tittelen gir vekk – jentene rundt han.

Hovudpersonen er Evie, ei no godt vaksen dame som lev i konstant frykt og håp for at politiet skal kome og ta henne. Ho har levd eit grått liv sidan 1969, og medan ho lånar strandhuset til ein ven, møter ho nokre ungdommar som minner henne om livet hennar som fjortenåring. Ho ser tilbake på den sommaren då alt endra seg, då ho var ein del av kulten som tok livet av fire uskuldige menneske, og korleis ho hamna opp i situasjonen. Ho tenkjer på korleis ting kunne ha vore, frampeik ho burde ha lagt merke til, og reflekterer over seg og si rolle i det heile. Korleis hamna ho her? Kven er desse menneska? Ville eg òg ha drepe nokon om eg var der den kvelden?

Perspektivet til den fjortenårige jenta er rått og brutalt, og ho har ei tydeleg stemme – til trass for den usikkerheita og sjølvbevisste haldninga ho sit med. Før denne kulten – med Suzanne som den viktigaste delen for henne – hadde ho aldri tenkt at vennskap kunne vere eit mål. Unge Evie går nemleg og berre ventar på kjærleiken, og hatar seg sjølv for det. Ho er open og sårbar, og sjølv om ho til tider er skeptisk og kritisk til livet på ranchen, lèt ho seg rive med.

Det er ein verkeleg intens og velskriven roman, med eit bakgrunnsteppe av eit tørt og støvete California. Språket er godt og gnistrande, men boka er langt i frå lettlest. Boka vil kreve mykje av deg, men den vil gi ein utruleg god leseopplevelse til gjengjeld. (Og så støtter eg meg til Leif Ekle si utsegn: denne boka fortener di fulle merksemd.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

One thought on “«Jentene» av Emma Cline

Kommentarfeltet er stengt.