Sitat

«Vaffelhjarte» og «Keeperen og havet» av Maria Parr

Denne barneboka (som allereie er ein klassikar) er heile tolv år gamal (!), men eg har ikkje lest ho før no. Noko som kunne virka ganske rart, for Maria Parr er frå ei bygd berre ein god halvtime unna heimstaden min. Og eg visste jo kven ho var! Eg hugsa eg høyrde og las i avisa om den unge jenta frå Sunnmøre som gav ut bok, og eg vart kjempesjalu. Eg skulle jo vere den yngste forfattarinna herifrå! Så ja, eg unngikk nok å lese boka i stille protest og blind misunning. Eg må jo berre flire når eg tenkjer på det. Og ikkje skjøner eg no kvifor eg var sjalu, for eg er yngre no enn Parr var då ho gav ut boka. Ho var jo 24 (eg innbilte meg alltid at ho var sånn seksten?), og eg er berre 21. Så vi får sjå, då! (Neida, ignorer den grusomt dårlege humoren min. Sjølv om alt er heilt sant.)

Dette er ein fantastisk herleg roman (for barn og vaksne) om Trille og Lena. Begge bur dei i den vesle sunnmørsbygda Knert-Mathilde (!), dei er faktisk naboar og bestevennar. I alle fall halvvegs. Trille veit at Lena er hans beste ven, men han er litt usikker på om det går begge vegar. I eit heilt år – frå sommaren før fjerde klasse og til slutten av skuleåret – følgjer vi desse to galne ungane. For dei er galne. Uansett kvar dei går, endar det opp med komplett sirkus. Og likevel går det heilt fint, for uansett kva som skjer, kan tante-farmor sine vafler fikse alt. Men, kva visst det skjer noko som vaflene ikkje kan fikse?

I tillegg til den deilige humoren og det freidige sunnmørsmålet, er her alvor og varme. Dette er ei nydeleg bok om vennskap, familie og om livet på bygda (noko eg veit det meste om). Om du (som meg) har gått glipp av denne boka så lenge, er det på tide å komme seg til butikken. Du vil ikkje angre! Dette er le-høgt-medan-du-er-heime-åleine-materiale.

Keeperen og havet er sponsa av Samlaget

Altså, grunnen til at eg kom i gang med å lese desse bøkene var fordi eg høyrde Maria Parr sjølv lese frå den siste boka. Og eg holdt faktisk på å flire meg i hel. Det var så vittig!

Endå ein gong følgjer vi Lena og Trille gjennom eitt år. Men sjølv om det er tolv år sidan førre bok, har dei berre blitt tre år eldre, og vi møter dei sommaren før sjuande. Og her endrar ting seg litt, for no flytter den nederlandske jenta Birgitte til bygda med sine reisande foreldre. Trille er snill og grei som vanleg og tek i mor Birgitte med – i følgje Lena – litt for opne armar. Lena blir berre surare når ho vert pressa av fotballaget sin nye trenar, sjølv om ho er overbevist om at ho er den beste keeperen. Her er mykje sprell og fanteri her òg, sjølv om det er ein del meir dramatikk. Til dømes å gå julebukk i orkan (som minner mistenkeleg mykje om nyttårsorkanen vi merka hardt på Vestlandet i 2012), og å merke at vennskap vakler og at ingen lever evig.

Denne boka er mykje modnare enn Vaffelhjarte, men det skulle då berre mangle når både forfattar og hovudpersonar er blitt eldre. Likevel er her den same sjarmen og gleda vi opplever i den fyrste boka. Begge bøkene vil få deg til å le og gråte om einannan, kanskje spesielt om du er frå ei lita vestlandsbygd. Og dersom du aldri har tilbrakt ein søndags ettermiddag med desse to bøkene, har du gått glipp av mykje glede her i livet. Eg ser fram til å lese desse høgt (eller berre tvinge dei på) tanteungane mine. Gjer det med dine òg.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: Vaffelhjarte (2005), Keeperen og havet (2017)

One thought on “«Vaffelhjarte» og «Keeperen og havet» av Maria Parr

Kommentarfeltet er stengt.