Boka er sponsa av Bastion forlag
Eg var ganske skeptisk til at dette skulle vere «den nye Jojo Moyes«. Kvifor i alle dager treng vi ein ny Jojo Moyes? Men ja, etter å ha lest boka forstår eg samanlikninga. Sjølv om denne boka er hakket søtare, slo den meg faktisk litt i magen.
Boka handler om Jess, som er åleinemor for tiåringen William. Denne sommaren tek ho han med på ferie til Frankrike, for å tilbringe tid med den fråverande faren sin, Adam. Som om det ikkje er slitsomt nok å vere rundt eksen sin i vekesvis, har ho dårleg samvit for å reise frå mora, som har Huntingtons syndrom, og sakte, men sikkert, mister seg sjølv og døyr. Denne reisa til Frankrike var eit av moras største ønsker for Jess, men Jess sjølv har eit heilt eige motiv for å ta turen.
Utan å avsløre for mykje handler boka om sjukdom – ein arveleg og dødeleg sjukdom – og familieband, kjærleik, ansvarsfølelsen mellom ein forelder og eit barn (begge vegane), å tvinge seg sjølv til å vere den vaksne, tilgjeving og stoltheit.
Boka er søt og romantisk, og utrulig sjarmerande! Sjølv om det er ein lettlest kjærleiksroman, er den medrivande og rørande. Det er jo denne typen bøker Bastion forlag er kjent for, og dette er verkeleg Bastion på sitt beste. Eg må jo berre innrømme at promoteringa er heilt korrekt: dette er ein ny Jojo Moyes. Når kjem filmen?
Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017