Sitat

«Mudderhund» av Inge Schilperoord

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg sikkert ikkje ville lest, om det ikkje var for at ein kollega fortalte meg om den. Det er Sidespor-serien til Aschehoug, så du veit jo at du får noko spesielt og lite kommersielt. Og eg kan starte med å seie at eg trur mange vil bli støtt av boka, men at det òg er ei bok så mange som mogleg bør lese. Men ver forberedt på at det tidvis er ganske tøff lesnad.

Jonatan er nettopp sluppen ut av fengsel, på grunn av manglande bevis i saka mot han. Saka han vart tiltalt for var altså pedofili. Han har gått mykje i terapi og er ganske trygg på seg sjølv. Han har strenge rutiner og arbeider mykje for å halde tiltrekkinga si mot barn i sjakk. Han reiser til mora som skal flytte ut av ei blokk klar for riving, berre for å oppdage at ei dame har flytta inn i naboleiligheita, med den vesle dottera si, Elke. Jonatan prøver så hardt å avvise henne, men ho er så einsam. Alt går fint så lenge dei berre kan passe fisken han prøver å friskne til, men det vert vanskelegare og vanskelegare. Og så døyr fisken.

Dette er ei bok ein bør prøve seg på. Den tek opp att ein ganske viktig debatt som var i vår, om pedofili. Mange misforstår både uttrykket, legninga og definisjonen av ordet. Vi må kunne skille mellom pedofile – folk som mot sin vilje har ei legning – og overgrepsmenn (og -kvinner). Det handler om å kontrollere impulsane ein får, begjæret og reaksjonane sine. Veldig mange pedofili skammar seg og arbeider utruleg hardt for å fungere som eit normalt medlem av samfunnet. Schilperoord er kriminalpsykolog, og klarer å skildre denne indre kampen skarpt og sårt, og ikkje minst truverdig. I dette tilfellet er jo Jonatan ein som prøver, og ikkje får det til. Refleksjonane han gjer seg i boka er noko å ta med seg vidare.

Eg vil avslutte med at det er ei ganske velskriven bok. Eg gir den absolutt toppkarakter. Den starter så roleg, vakker, vag og sår, og dess lenger ut i boka vi kjem, dess meir brutal, rå, ekkel og mørk blir den. Og eksplisitt. Det kan vere direkte motbydelig å lese til tider, men det er eit tema vi må tørre å snakke meir om! Schilperoord er ikkje redd for å ta opp eit tema dei fleste ser på som tabu, og som definitivt vil få enkelte lesarar til å rase. Du er advart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017