Leseeksemplar
Eg er heilt satt ut. Dette var ein verkeleg intens og rørande roman. Eg hadde så utruleg vondt på slutten, eg måtte lese ferdig, men eg ville ikkje at boka skulle ta slutt og eg hadde så utruleg vondt. Det var tårer i auga, og eg klarte ikkje anna enn å sjå for meg den snille onkelen min, lenka til en rullestol og med et djupt ønske om å ikkje vere til bry. Han har òg hender som har levd.
Jørgen Heim ligg på sjukeheimen og det er hans siste døgn. Timane vert telt ned ved hjelp av pleierane sin journal. Han er dement, full av smerte og lengsel. Han glir inn og ut av rommet på sjukeheimen og oppveksten sin på garden Heim. Minnene tek han tilbake til ein barndom som den yngste sonen, brått ein ungdom som odelsgut og eit liv som bonde. Det er vonde minner, gode minner. Han angrer på noko, er stolt av andre ting. Jørgen Heim har ikkje levd noko ekstraordinært liv, han er ikkje ein ekstraordinær mann – men han er eit godt menneske, inkludert alle sine feil og mangler. Og tida hans renn ut.
Det er ei hypnotisk og treffande historie. Perfekt om du likte Om dyr og syn, Begynnelser eller Stoner. (Kanskje vi kan kalle denne boka ein slags kombo av alle tre?) Måten teksten runder seg sjølv, gjentar seg utan å bli kjedeleg, gir litt meir kvar gong, skaper eit portrett av Jørgen, det er fantastisk godt. Den er rett og slett fantastisk god, og Jørgen Heim kjem til å leve med meg ei stund. Dette er noko av det beste innen norsk litteratur for året, og det er synd fleire ikkje har oppdaga denne perla. Dette burde jo vore både Brageprisnominasjon og Bokhandlerprisnominasjon. Og herregud, eg har tårer i auga medan eg skriv omtala mi. (Mjønes, slutt å bland deg opp i tårekanalene mine på denne måten. Men fortsett med å skrive bøker.)