Sitat

«Det fins et rom i meg som står tomt» av Linda Klakken

Leseeksemplar

Linda Klakken er verkeleg eit allsidig talent. I fjor las eg ei kjempegod barnebok ho har skrive (sjekk ut omtala mi her), og lyrikken hennar er like god. Den er klassisk i tematikken; kjærleik. Diktene roterer rundt kjærleik og natur, og er skrive med ein varme, ein humor, eit hint av noko velkjent. Eit av dei beste diktene starter heime samlinga:

seterjentene sier

hvis du treffer et menneske
og hjertet ditt slår fortere
hendene skjelver
og knærne svikter
så er det ikke
den rette

men hvis du møter
et som gjør deg rolig
og bekymringene
og angsten
stilner

hva da, seterjentene?

Vidare er diktene fulle av sterke kjensler setje opp mot einannan; kjærleik mot forelsking, forventing mot vonbrot. Å ofre seg sjølv fullt og heilt for kjærleiken, eit ønske om å oppnå eit ideal av kjærleiken – og så kva ekte kjærleik faktisk består i. Det er ikkje alltid kjærleik ved første blikk, full klaff, lukkeleg alle sine dager; men er det den storslåtte versjonen som er den beste? Eller den ekte, for den saks skuld?

hvis jeg fikk gjort alt om igjen

du er kanskje ikke
den første jeg har elska

men jeg skulle ønske
du var det

Dette er poesi du kan lese gong på gong, og aldri bli lei, for du vil alltid finne noko nytt. Det som er så utruleg fint med lyrikk er at alle får ulike ting ut av det dei les, alt etter kva temaet er, når dei les det, kva som skjer akkurat då. Nokre dikt er skrivne for å bere enorme mengder meining eller vere politiske, men vi har òg dikt som berre er til for å nytast og å kunne kjenne seg att i. Klakken si samling er nettopp det: ei nyting.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Linda Klakken finn du HER.