Leseeksemplar
Dette er den første boka til Slaatsveen, men ho har skrive mykje for tv og slikt. Og for ei skriveglede denne dama må inneha! Det er ikkje så mykje for meg å seie om sjølve innhaldet i boka, for det er mange små fortellinger om folks liv (stort sett dagligliv, oppsummeringer av skjebner og planter og jord); det er formen og det reint trykkmessige som er morsomst her. Det kjappaste og mest skildrande eg kan seie om innhaldet er at vi veksler mellom det vanlegaste vanlege og det mest absurde, fint vikla saman.
Slaatsveen overskrider eigentleg det litterære og går inn i det formmessige i alle «fortellingene», nokre som lengre dikt, nokre som små strofer, nokre som eigne mønstre og former. Teksten er av og til rett fram, ofte sidelengs, skrå, med underlege marger, mellomrom og plassering.
Det er rett og slett eit lite kunstverk, på grensa til performancekunst, for boka verker nesten levande. Ho berre leiker med alt av sjangerregler, for det er korkje noveller, dikt eller noko anna eg har vore borti. Og kirsebæret på toppen er at boka til tider er meta og refererer til teksten (som å legge inn fotnoter, eller notat setninger som blei til overs og kan plasserast inn der dei passer). Det er absolutt humor i mi gate!
Dette er blomstrande, reinspikka forteljerglede, og boka er ei overflod i seg sjølv. Slaatsveen er morsom, stilsikker og utforskande. For ei gave til alle litteraturelskere dette er blitt!
Forlag: Gloria
Utgivelsesår: 2018