Sitat

«Vindu mot Central Park» av Fiona Davis

Leseeksemplar

Om du har lest den første boka til Davis på norsk, Hotellet, og likte den, kjem du til å elske denne. Vindu mot Central Park er basert på sanning – men også denne er basert på ei bygning, heller enn hendinger. Det er litt kult. Som Barbizon er i Hotellet, er Dakota bygninga alt skjer i her, og veksler mellom notid (eller 1985, men det er vel nesten notid?) og slutten av 1800-talet.

I 1985 vert Bailey Camden skriven ut av ein rusklinikk, og står på bar bakke. Heldigvis for henne skal søskenbarnet Melinda pusse opp leiligheita si i den historiske Dakota-bygningen, og Bailey får – som utdanna interiørdesigner – ansvaret for arbeidet og ein mellombels stad å bu. Medan ho rydder i kjellerboden, finn ho nokre inngraverte kofferter, der den eine tilhørte Sarah Smythe, ein tidlegare beboer. Sarah kom til Dakota då det opna i 1884 for å bestyre den nymotens bygården, forlot England for å prøve lykka i eit nytt land. Og i starten går det ganske bra, men som Bailey kjem til å oppdage, endte Sarahs liv i New York alt anna enn lukkeleg.

Dette er ein knallgod underhaldningsroman det er vanskeleg å legge ned; lett å lese, spennande historie og levande karakterer. Davis skriv absolutt på nivå med Lucinda Riley, og kanskje betre, etter mi meining. (Her heng i alle fall dei to parallelle historiene saman med einannan.) Vindu mot Central Park er ei skikkeleg sjarmbombe blanda med ei kløktig historie, og blir med det ei leseglede av dei sjeldne.

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Fiona Davis finn du HER.