Leseeksemplar
En kongelig affære er ei skikkeleg slukebok av ein underhaldningsroman, akkurat slik som dei to andre bøkene hennar: I gode og i onde dager (med utgangspunkt i den russiske revolusjonen) og Kvinner og barn først (med utgangspunkt i Titanic). Den nyaste romanen tar for seg den moderne, britiske kongefamilien, hovudsakleg Wallis Simpson og litt Prinsesse Diana.
Vi får opprulla historia til den berykta Wallis Simpson, sett frå auga til hennar beste venninne, Mary Kirk. Det er ei dramatisk historie om eit djupt og komplekst vennskap mellom to like sterke, men veldig ulike kvinner. Samstundes og vekselvis følgjer vi òg Rachel, som tilfeldigvis er i bilen bak Prinsesse Dianas bil då ho krasjer. Den romantiske helga i Paris får dermed ein brå slutt, men så oppdager Rachel at det er noko som ikkje stemmer med dødsfallet.
Dette er ein roman som er perfekt for fans av Lucinda Riley og Kate Morton, men personleg synest eg Paul gjer det mykje betre. Eg er veldig glad i historie, og utgangspunktet i dei veldig reelle historiene gjer at bøkene hennar har det vesle ekstra. Og igjen klarer ho å overgå forventningane du har til denne typen romanar, og går ikkje i alle klisjé-fallgruvene, som ein lett kunne gjort. Resultatet er ei lettlest, rørande og spennande bok for alle som er interessert i historie; ein rein lesefest for koselege kveldar i haustmørket. Anbefalast heilhjarta!
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019
Fleire bøker av Gill Paul finn du HER.