Sitat

«Lara Jean»-trilogien av Jenny Han

Alle har vel (uansett om dei vil innrømme det eller ikkje) sett To All the Boys I’ve Loved Before på Netflix? Eg elsker klissete kjærlighetshistorier om ungdommer, og eg er ikkje redd for å seie det. Så då eg fann ut at dette var ei filmatisering av ei bok, kasta eg meg over trilogien. For ja, det er ein trilogi! Og det kjem fleire filmar! (YAY!)

Så bok nummer en heiter det same som filmen, To All the Boys I’ve Loved Before, og er ganske lik filmversjonen. Det er ikkje veldig mange endringar i plottet, og endringane er faktisk positive. Til dømes er Peter og Josh meir sympatiske på skjerm enn papir. Og eg vil nekte for det om det blir nevnt, men filmen er faktisk litt betre enn boka.

Om du ikkje har sett denne herlige romantiske komedien, så er plottet slik: Lara Jean er den mellomste av tre søstre med ein enkefar, og livet blir snudd opp-ned når den eldste av jentene, Margot, flytter utanlands for å gå på college. Verre blir det når dei private kjærlighetsbrevene Lara Jean har skrive (og aldri planlagt å sende) til forelskelsane sine faktisk blir sendt. Endå verre er det at eitt av breva er til nabogutten og Margot sin eks, Josh. Så Lara Jean starter eit falsk forhold til ein annen brevmottaker, Peter, som vil vise eksen sin at han er over henne. Og alt skulle gått ganske greit, men Lara Jean oppdager raskt at det er vanskeleg å skille kva som er falskt og kva som er ekte i eit liksomforhold mellom to venner.

Mykje av poenget med historia er at ein må tørre å ta sjanser på ekte mennesker, og ikkje forelske seg i idealer og idear om menneske. Og som dei fleste bokelskarar, gøymer Lara Jean seg i fiksjon, men her blir ho pressa ut av komfortsonen, og må leve livet, noko som viser seg å gå betre enn forventa. Språket er langt frå det beste og handlinga skrid ganske ujamt fram, men Han klarer likevel å halde tempoet såpass høgt at det praktisk talt er umogleg å legge vekk boka. Det er den typen slukebok som gjer at du ser på klokka og det plutseleg er to om natta. Og så hjelp det veldig på interessa å ha sett filmen, så du treng ikkje vente med å sjå filmen.

Filmen fortsetter halvveis inn i bok nummer to, P.S. I Still Love You, så i starten er det ikkje mange overraskingar her. Eg vil ikkje avsløre så mykje av handlinga vidare (eg prøver å unngå plottblottarar her).  Men eg kan seie såpass at ein av Lara Jean sine drømmetypar dukkar opp att, og ting blir komplisert. Lara Jean må gå frå å vere ei forelska jente til ei kvinne som må tore å be om kjærleiken ho har krav på. Ho slit med å kjenne seg som eit andreval, og må finne ut om ho kan vere i eit forhold der ho kjenner seg nedprioritert.

Den siste og avsluttande boka, Always and Forever, Lara Jean, flytter oss litt fram i tid, til Lara Jeans sisteår på high school. For henne vert året prega av usikkerhet og kaoset ved å få ei ny stemor. College er ikkje langt unna; kan kjæresteforholdet hennar overleve ei såpass stor endring av kvardagslivet? Kan ungdomsforelskinga overleve, eller må ho prioritere si eiga framtid åleine?

Eg vart ganske så forelska i desse bøkene, for det er herlige bladvendarar. Dei er lettleste, men likevel fulle av djupe tema som betyr mykje for mange tenåringsjenter. Jenny Han er ikkje redd for å ta opp og diskutere tema som seksualitet, prevensjon, sjølvkjensle, søskenforhold, lojalitet, oppvekst, you name it. Ho fronter sunne og fullstendig ærlege haldningar om tema alle jenter burde tenke litt på. Om du ikkje har fått med deg bøkene (eller filmen), så bør du hive deg rundt!

Forlag: Scholastic
Utgivelsesår: To All the Boys I’ve Loved Before (2014), P.S. I Still Love You (2015), Always And Forever, Lara Jean (2017)