Sitat

«Det Sara skjuler» av Kathrine Nedrejord

Leseeksemplar

Det er ikkje altfor mange bøker om norske minoriteter ute og går, sjølv om det har vore ein liten trend med samiske hovudpersonar dei siste par åra. I ungdomsromansjangeren er det enno ikkje så mange, og det trengs fleire! Sjølv når innhaldet er så knute-i-magen-vondt som det her, er det fint med eit innblikk i kvardagen til ei samisk jente.

Vi er i Karasjok, der Lajla og Sara går på vidaregåande saman. Ein laurdags kveld dukker Sara opp i Lajla sitt vindauge, og klatrer inn. Noko er tydelegvis feil, og Lajla ser Sara trekke seg inn i seg sjølv og bli eit skal. Sara vil ikkje snakke om det, men Lajla klarer ikkje å la det ligge. Når det blir klart kva som har skjedd, blir spørsmålet: kven gjorde det? Det er eit lite miljø, og alle kjenner alle. Nokon må jo vite noko?

Det er ein grufull og helvetes sterk roman. Det er fascinerande at fokuset i historia er Sara, men Lajla er forteljaren. Dette perspektivet gjer at Nedrejord skildrer kjensla av å sjå nokon du ser opp til og tenker på som umåteleg sterk, brått bli sårbar og liten. Lajlas instinkt til å verne om Sara er ei rørande skildring av eit djuptgåande vennskap.

Denne romanen vil du ikkje gå glipp av. Boka har eit hint av krim, men det emosjonelle og det samfunnskritiske er vektlagt meir. Korleis ser ein valdtektsmann ut? Ein kan sjå på romanen som ein kombinasjon av Hun ba om det av Louise O’Neill og Kledd naken av Agnes Lovise Matre. Det er eit seksuelt overgrep i eit lite, kristent og delvis belasta miljø, og å avsløre kven som har valdteken vil kreve ekstremt mykje, kanskje til ingen nytte. Hjelp det eigentleg å anmelde?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019