Sitat

«Dette er også Noreg. Kommunal feelgood» av Jens Kihl

Leseeksemplar

Eg veit ikkje om det finnest bøker som er meir passande titulert enn denne. Undertittelen er tilnærma perfeksjon; feelgood er ordet! Herregud, så gøy. Kihl er politisk kommentator i Bergens Tidende, og har (imponerande nok) besøkt alle Norges kommuner. Han skriv i forordet at han ikkje unner nokon å lese om reisa hans gjennom absolutt alle kommunane, men det synest han verkeleg kunne unna oss; eg vil i alle fall gjerne ha ei bok eller fem til!

Boka tar hovudsakleg føre seg Oslo, Grue, Horten, Vinje, Bremanger, Røyrvik, Loppa og Hasvik, men du får glimt frå heile landet. Som nordfjording kan eg ikkje motstå å godte meg når Bremanger (Sunnfjord, altså) får gjennomgå. Hugsar de den Madcon-videoen (All I Do) som berre var total krise og kosta millioner? Vel, Jens Kihl hugsar. (Og klikk på linken, så får du sjå kaoset.) I tillegg får du påspandert eit lite sitat frå alles favorittordførar, Alfred Bjørlo.

Skrivestilen til Kihl er særeigen; lettlest, snappy, og personleg, utan at det blir for mykje. Uttrykksmåten han er sarkastisk og leiken, noko som alltid blir betre på nynorsk. Det er berre fakta. I starten tenkte eg at boka var morosam, men ikkje «le høgt»-morosam. Så gjekk det cirka fem minutt og eg lo faktisk høgt fleire gonger. (Kor ofte gjer ein egentleg det?) Eg måtte lese fleire parti om att, og las dei opp høgt for alle i umiddelbar nærleik. Det er absolutt min type humor – knusktørt og sassy.

Det er ikkje til å legge skjul på at boka er politisk, men kva forventar ein frå ein politisk kommentator? (Og er ikkje alle gode bøker politiske?) Dette blir ståande som ein favoritt for bokhausten og leseåret 2019. Kjøp den som ei gave til deg sjølv, eller som ei gave til folk du faktisk liker. Eg spår julegavefavoritt!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2019