Leseeksemplar
Illustrert av Inga H. Sætre.
Den første boka til Akerlie, Lars er LOL, var det man kan kalle en brakdebut, ein heidundrande suksess, prisvinnande snakkis. Så lista er lagt ganske høgt for andreboka, sjølv om den er mynta på eit litt anna publikum – og er illustrert!
Finn og Maja kjeder seg, og bestemmer seg for å invitere venner og naboer til ein enorm brusfest – ein kjempefest! Men ein kan ikkje stole på sløve tenåringar som skal dele ut invitasjoner for deg, for då blir plutseleg kven som helst buden. Og så er det jo ein sjanse for at invitasjonen ender opp hos eit par kjemper – som tek invitasjonen til kjempefesten veldig bokstavelig.
Akerlie mikser det ekstremt truverdige (som skildringane av tenåringane) med det absurde (som kjempane). Ho trekk gamle myter inn i det moderne samfunn, der dei mytiske skapningane møter moderne problem. Språket er litt voksent, slik som i Lars er LOL, men heller ikkje i denne synest eg at det trekk ned. Humoren og i boka fungerer like godt for voksne som for dei yngre leserane, og i tillegg til handlinga er det eit djupare lag; kor viktig det er å sjå folk, å inkludere folk og pleie vennskap.
Illustrasjonane er perfeksjon. Streken til Inga H. Sætre er nydelig: klåre farger, leiken og utrykksfull, og den oser av glede. Av barnlig glede! Eg tenker at denne boka er ein umiddelbar klassikar, og om Akerlie klarer å halde dette nivået på framtidige bøker, snakker vi ein arvtakar til Astrid Lindgren og Roald Dahl. Boka er rett og slett eventyrleg, og eg tilrår henne sterkt!
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019
Fleire bøker av Iben Akerlie finn du HER.