Sitat

«Thirteen Reasons Why» av Jay Asher

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Thirteen reasons why

Dersom dette omslaget ser ukjent ut for deg, er det sikkert fordi eg har originalomslaget, medan den nye utgåva har eit ganske anna omslag (svart, med ein gut med høyretelefonar på). For dei skal lage ein Netflix Original av boka, og gud forby om det ikkje skal finnast ein filmpocket (eg likar ikkje filmpocketar). Men ja, innhaldet og tittelen er no det same, så få tak i boka vil ikkje bli eit problem.

Ein dag etter skulen oppdager Clay Jensen ein pakke på døra si. Inne i pakken ligg det fleire kassetter (for den yngre garde: før cd-ar hadde vi slike små mini-vhs-ar med kun lyd på). Hannah Baker snakker på desse kassettene – jenta som tok livet sitt for nokre veker sidan. Ho forklarer at dersom du har fått desse kassettene er du ein av grunnane til at ho drap seg sjølv. Clay vert ganske satt ut, for han kan ikkje hugse å ha gjort Hannah noko. Han var jo faktisk forelska i ho?! Resten av natta bruker Clay på å høyre om Hannahs historier om dei andre som øydela livet hennar – og historia om seg sjølv.

Eg las boka på engelsk, men den kom på nytt på norsk no i år under tittelen 13 gode grunner, på Vigmostad & Bjørke. Den var veldig lettlest på engelsk, men det er jo ganske tilfeldig kva språk eg les på. Men handlinga er lik uansett, og den er knallbra. Eg vart verkeleg riven med frå første side, og sleit med å leggje frå meg boka (eg seier det ofte, men det er alltid sant). Det er ei veldig fascinerande bok! (Og ikkje så makaber som handlinga skulle tilseie.)

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017 (2007)

Fleire bøker av Jay Asher finn du HER.

Sitat

«Min fars fem bad og andre fortellinger» av Per Schreiner

Min fars fem bad

Denne boka med mange fortellinger er skriven av Per Schreiner, ein av manusforfattarane bak Kampen for tilværelsen (den sjukt morosame TV-serien om livet i Ullevål Hageby). Og eg kan eigentleg seie med ein gong at dersom du likte den serien (den er jo dessverre ikkje tilgjengeleg lenger), så vil du òg like denne boka. Den er like full av mørk humor, ei perfekt blanding sannsynlege og usannsynlege hendingar og viser fram dei små, fæle delane vi har inne i oss.

Som for eksempel å la formannen i burettslaget døy fastklemt under bilen sin. Å ikkje ville bli som far sin, som fyller tomromma i livet sitt med å byggje nye bad (derav tittelen på boka). Korleis det er å døy. Og er det innafor å lyge til foreldra sine om å ha fått barn? Korleis overleve ei helg med konas motbydelige familie?

Boka er fylt med temaa og brokkane nevnt ovanfor, pluss mykje meir. Eg trur eg kan garantere at du vil le, på ein litt sånn klein og vantru måte. Men du vil like det òg. Dét trur eg i alle fall at eg kan garantere.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Forbilde» av Sophie Elise

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Forbilde

I dag er det nøyaktig seks år sidan Sophie Elise Isachsen starta ein av Noregs mest leste bloggar, og starta reisa si som kanskje den mest omtale bloggaren. Ei reise som har krevd mykje. Og Sophie kan skrive, skikkelig godt faktisk.

Sophie var ikkje den mest populære jenta i Harstad. Ho vart mobba, sleit med sjølvskading og dårleg sjølvbilete. Sjølv etter at ho starta bloggen sin og vart populær i Noreg, vart ikkje livet i Harstad betre. Ho brukte mykje tid på bloggen, som ho såg på som ein billett bort i frå heimbyen, og på seg sjølv. Silikon vart tatt, nasa vart fiksa på, extensions var alltid på plass. Slekt braut kontakta med familien, folka på vidaregåande vart ikkje noko hyggelegare. Og om ho no kom seg til Oslo, ville alt bli betre? Ville rosabobla la vere å sprekke? Vel…

Det er vel to typar menneske her i landet; dei som likar Sophie Elise og dei som ikkje gjer det. Begge desse typane bør eigentleg lese denne sjølvbiografien: anten vil du begynne å like Sophie, eller så vil du like ho enda bedre. Det er ei sterk historie, og det er eigentleg ein ganske viktig refleksjon over dagens samfunn. Og om du les dette, Sophie, så vil eg berre seie ein ting: du kan vere stolt av denne boka. Den er god.

(Eg må berre legge til at eg ikkje forstår kvifor VG har gitt boka terningkast fire, eller kvifor Dagbladet kaller det «først og fremst deprimerende lesing» og «skrivefør, men selvopptatt». Det er en sjølvbiografi, så klart handler den om ho sjølv. Det er liksom eit sjangerkrav. Dust.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Sophie Elise finn du HER.

Sitat

«Jane Ashlands gradvise forsvinning» av Nicolai Houm

Jane Ashlands gradvise forsvinning

«Menn som skriv om kvinner», det var det dette «fenomenet» denne boka vart karakterisert under. No er det jo ikkje så veldig uvanleg at menn skriv om kvinner, men det er nok flest kvinner som skriv om menn enn vice versa. Og sjeldan eller ikkje, bra utført er den i alle fall. Denne romanen, altså.

Boka handlar om Jane Ashland, som er i djup sorg. Når Diazepamen sluttar å verke som ynskja, må ho gjere noko anna. Ho må fokusere, og det ender med at ho vert besett av slektsgransking, og ender opp i Noreg. Ho flyr, og på flyet møter ho Ulf («Er det et ekte navn?»). Når ho møter dei fjerne slektningane sine i Oslo, går omtrent ingenting glatt eller etter nokon plan, og ho reiser brått. Ho kontaktar Ulf, og vert med han på fjelltur, sjølv om ho synest Ulf er i overkant interessert i moskusbæsj.

Dette er ei bok om sorg, og korleis takle den. Eller ikkje takle den, og konstant bli fortalt at det no burde gått betre, her ta denne pilla, det går fint, korleis har du det, det er ikkje for seint å finne ein ny, her burde vore teikn til forbetring. Den handlar om å unngå å gå vidare, klamre seg til minner og ikkje byrje å gløyme. Det er rett og slett ei treffande, fin og velskriven bok om sorg og sakn. (Og så er omslaget kjempefint!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Klokken og sengen» av Eline Lund Fjæren

Klokken og sengen

Dette er ein samtidsroman med stor slagkraft. Det er eit eller anna veldig treffande å lese ein roman om ei jente på min alder, skriven av ei anna jente på min alder. Angsten, einsemda og tafattheten som er skildra, rører ved hjartet mitt (unnskyld klisjeen) og pirker bort i den delen av hjerna som rår over gjenkjenning og sympati.

«Eg» har flytta frå Oslo til Bergen. Ho bur i ei studioleilighet, søker på jobber ho ikkje vil ha, gidd ikkje stå opp og er ganske sikker på at ho har mista studieplassen sin. Ho har ikkje penger, mat, venner eller mykje anna i kvardagen, men ho er nøgd med å liggje under dyna. Noko av det ho derimot har i kvardagen er saknet etter «han» som vart att i Oslo, og framande menn fyller tomrommet. Og Julie, når ho orkar å svare på oppringningene frå Julie.

Språket er fargerikt, småsjukt, intimt, desperat, rått og ærleg. Det finst nok altfor mange av oss som veit korleis det er å foretrekke dyna framfor omverda, og dette er ei bok som gjev eit truverdig innsyn hos «oss». Eg veit i alle fall at etter å ha lese denne boka, er Fjæren sitt forfattarskap eit forfattarskap eg skal følgje med på framover. Og så må eg sjølvsagt få skaffa meg debutboka hennar, Ung jente, voksen mann.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Eline Lund Fjæren finn du HER.

Sitat

«Opp fra avgrunnen» av Kristian Hall

Boka er sponsa av forfattaren

Opp fra avgrunnen

Dette er eit personleg innlegg, kanskje det mest personlege denne bloggen vil ha. Når Kristian sende meg boka si, «Opp frå avgrunnen» med undertittelen «Veier ut av depresjon» vart eg kjempeglad. Sjølvutviklingsbøker er ikkje noko eg vanlegvis les, men denne ville eg lese. For er det noko eg har slite med dei siste to åra, er det depresjon.

Depresjonen min er ikkje noko eg snakkar om til mange menneske. Faktisk er det berre den næraste familien min og kjærasten min (til no) som veit at eg har slite. Slit enno. Det går ikkje berre over sånn av seg sjølv. Ein må gjere faktiske tiltak og jobbe med det. Før eg las denne boka hadde eg ikkje så store idear og planar om korleis eg kunne «fikse» meg sjølv. Eg fulgte berre instinkta mine – eg måtte kome meg vekk. Eg bytta vidaregåande skule midt i tredjeklasse, og flytta til ein heilt annan by – 10 timar vekke. Eg skifta miljø, droppa alle aktivitetar, – forlet mange gode ting óg – vart deltidsstudent og fekk meg ein jobb ved sidan, og hadde tre små tantebarn eg kunne fokusere på. Eg fikk nullstilt hovudet mitt sånn nokonlunde. Det var ekstremt vanskeleg å flytte så langt unna foreldra mine, veslesystera mi, bestevenninna mi og operaen, musikalane, russetida. Men eg visste at eg ikkje hadde noko val. Det kjendest ut som om eg skulle kvelast om eg måtte stå opp kvar dag og kjenne på presset som låg over meg. Så eg måtte ta nokre tøffe val. Og no er eg her.

Etter gjennomlesning:

Eg kan ikkje forklare kor mykje eg har sett pris på denne boka. Kristian skriv munnleg, sympatisk, ekstremt godt, og ikkje minst forståeleg. Han forklarar nøyaktig og likevel enkelt, og ein får eit innblikk i korleis hjerna, tankegangar, virkelighetsfiltre og mykje anna i oss fungerer. Medan eg las boka oppdaga eg at eg hadde allerede gjort mange av tiltaka sjølv, til dømes å flytte. Boka er full av fakta, idear, små og store konkrete tiltak og teknikkar ein kan gjere i dagleglivet for å få opp humøret, føle seg betre – og korleis ein får det til å vare.

Etter «superuka»:

«Superuka» er ei veke der ein skal utføre visse teknikkar og øvingar kvar dag, blant anna å starte dagen med å synge/danse i 15 minutt, føre takknemlighetsdagbok, få 8 timers søvn kvar natt og slike andre enkle teknikkar. Vert humøret betre? Fungerer det faktisk? Kan det verkeleg vere så enkelt??

Svaret er ja. Det kjennest nesten litt for godt til å vere sant, og anten det er placebo eller ikkje, så fungerer det. Men denne veka har eg kjend meg så mykje lettare, avslappa og komfortabel. Eg har ikkje vore nervøs for småting, eg har vore meir sosial, positiv og glad. Og ikkje minst ser eg mykje lysare på framtida. Sjølv om alt ikkje kjem til å gå like glatt, trur eg at denne boka kan vere ein ressurs for å få ting til å i alle fall verte enklare å handsame. Og dét kjennest godt å tenkje på.

ALLE burde lese denne boka. Ikkje berre dei (vi) som slit med depresjon. Pårørande, «kurerte» og generelt lukkelege menneske. Alle. Vi kunne alle trenge desse teknikkane i dagleglivet, og ikkje minst kunnskap om og innsikt i oss sjølve og dei virkelighetsfiltra vi har.

Til slutt vil eg berre takke Kristian for at eg fekk moglegheita til å lese denne boka. Tusen takk for hjelp og støtte – boka di er fantastisk.

Forlag: Fakkel forlag
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Evig søndag» av Linnéa Myhre

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Evig søndag

Gud så lenge eg hadde hatt lyst å lese denne boka då eg fekk den i posten!

Ei så ærleg bok skal ein leite lenger. På same måte som bloggen til Linnéa, Alt du vet er feil, er den tvers igjennom ekte. Ein får eit så realistisk innblikk på livet til ei jente med mange problem og tankar i livet. Ein følgjer henne frå då ho først møter psykiateren sin og ein ser korleis ho betrar seg igjennom boka. Eg leste den ut på eit par timar. Det er verkeleg ei vakker og unik bok, og ein kan ikkje noko anna enn å få sympati med Linnéa.

Linnéa har ein utrulig flott humor, og ein sjølvironi utan like. Boka er veldig morsom og har med artige detaljar. Blant anna åt Linnéa basically bare lomper eine året boka foregår. Det er mykje varme med i boka, spesielt mellom Linnéa og mora. Boka anbefalast på det sterkaste.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.