Sitat

«Et hundeliv» av Arne Svingen

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Et hundeliv

Dette er vel eigentleg ei barnebok, men den kan lesast av absolutt alle aldrar. Det er ikkje bilete i den, så det er ei «vanleg» bok. Eller vanleg og vanleg, fru Blom. Boka er unormalt morosam, og veldig unik!

Synsvinkelen tilhøyrer ein hund. Hunden Basse (eller som han har kalt seg sjølv, Reginald Birger El Nachos Bigdog IV), som tilhøyrer Narko-Kjell. Basse lev det han sjølv kaller eit hundeliv, for han må heile tida bite folk og bur i ei rotete leilighet. Narko-Kjell eigde Basse før han vart Narko-Kjell og berre var Kjell (sjølv om Basse ikkje er einig i dette med at nokon eig han). Han ser på seg sjølv meir som ein ven som Narko-Kjell desperat treng. Dette vert bevist når Narko-Kjells halvbror Gusto dukker opp (mora kalte han opp etter si favorittkaffimaskin), og treng Kjell som verge medan mora er på sjukehuset. Og det kan forandre litt av kvart.

Boka er som sagt morsom, og ei ganske god barnebok. Uten å skulle virke belærande, viser den litt av korleis narkomane kan ha det, og kor vanskeleg rusmisbruk kan vere å leve med – og at det kan vere like vanskeleg å bli kvitt uvanen. Basse sine kommentarar er veldig on point, anten dei er kritiske eller vennlege. Resultatet er i alle fall ei knallbra bok!

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Caraval» av Stephanie Garber

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Caraval

Eg har nettopp lest den nye store it-boka. I alle fall spår eg det (og ikkje berre fordi den blå stjerna på omslaget glitrar). Det er ei magisk bok, på fleire måtar. Ikkje berre er den skriven så rasande bra at sidene flyr, men det er faktisk ein god del magi med i boka. Så ikkje tru på alt du les…

Boka handlar om søstrene Scarlett og Donatella («Tella»), som bur på øya Trisda. Vi befinn oss i ein fantasiverden, men vi kan like gjerne innrømme med ein gong at dette er tilnærma Spania under sein middelalder. Faren deira er ein grusom tyrann som elsker å plage døtrene sine, og dei vil desperat vekk. I fleire år har Scarlett skrive brev til Legenden, for å bli invitert til å delta på det fantastiske Caraval-spillet han arrangerer kvart år. No har ho gitt opp, og har ein ny plan for å redde seg sjølv og Tella: ho skal gifte seg med ein greve. Dette synest Tella er ein elendig idé, så når Scarlett ein dag får tre billetter i posten, kidnapper ho søstera ved hjelp av sjømannen Julian. Når Scarlett kjem til øya der spelet foregår, oppdager ho raskt at det verkar mykje meir ekte enn ho hadde forventa. For søstera er borte, og ho sit att med ein frekk og innpåsliten sjømann som bruker henne for å få delta i spelet. Og til trass for alle advarslene om at det berre er eit spill, synest Scarlett at kjærleiken, smerten og magien verkar ekte nok.

Okei, eg lover: Du vil la deg sjølv bli dratt inn i denne boka. Den er så vanvittig fengande og lettlest og herleg og magisk og ja, eg veit ikkje kva. Dersom eg må seie noko som helst negativt om boka, er det at historia kan minne om Hunger Games, og ikkje verke så original. Vel, det er inntrykket før du faktisk les boka. For den er supersmart komponert, kreativ og vil utfordre deg og det du trur på. Du vil bli fortvila og du vil juble, for så å bli knust. Garber har laga ein skikkeleg labyrint av ei historie, som du føler aldri lar deg løse gåta og vinne spillet. Og så insinuerer epilogen om at det kjem ei bok til, for historia verkar ikkje på langt nær ferdig.

Og som om dét ikkje var nok!! Boka er allerede planlagt filmatisert av Twentieth Century Fox, så det er berre å lene seg godt tilbake i stolen og smile. Og lese, så klart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Stephanie Garber finn du HER.

Sitat

«Kunsten å være normal» av Lisa Williamson

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Kunsten å være normal

Denne boka MÅ du lese. Det er ein ungdomsroman, men den bør verkeleg lesast av alle vaksne. Dersom nokon har lest I en og samme person av John Irving, så kan du sjå på denne boka som ein light versjon av den. Den er opplysende, personleg og viktig.

Boka handlar om David. David vil vere jente, eller David er jente. Berre at han er biologisk gut. Han held på å gå inn i ein vekstspurt og veit at han snart må seie det til foreldra; det er kun dei to bestevennane som veit det. Når skulen startar etter sommarferien er det ein ny gut på Eden Park, nemleg Leo. Leo vil helst vere for seg sjølv, vere usynleg og berre bli ferdig med skulen. Men både Alicia Baker og David og hans venner har bestemt seg for å bli venn med Leo. Leo viker unna, heilt til han i eit raserianfall slår ned David si bølle. Leo forbanner seg sjølv for å gitt seg sjølv så mykje merksemd, for han har ein hemmelegheit som han ikkje vil dele med nokon. Noko som kan bli problematisk når han forelsker seg i Alicia.

Det er altså to parallelle historier (eller, dei er jo vikla nøye inn i kvarandre), fortalt av to unge gutar med mykje på hjartet. Dei er veldig ulike, kjem frå ulike heimar og er flinke til heilt ulike ting. Det som er så utrulig bra med denne boka er at den ikkje prøvar å normalisere transkjønn, for det er berre gitt at det er heilt normalt; sjølv om det er vanskeleg for folk rundt dei å akseptere til tider.

Boka prøver heller ikkje å overforklare temaet og proppe lesaren full i informasjon. Det er rett og slett ei vellykka bok. Og så trur eg det er ei bok vi treng i samfunnet. For éin ting er kva vi kan lære av sakprosa og dokumentarar, eg trur skjønnlitteraturen alltid vil spele ein viktig rolle i å få folk til å forstå denne typen tema.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«Brev til Victoria» av Marcelo Puglia

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Brev til Victoria

Spenn deg fast og gjer deg klar for ei emosjonell berg-og-dalbane. Fy søren for ei fantastisk bok (og eg kjem heller ikkje over kor VAKKERT omslaget er). Denne boka tar opp så viktige, men eigentleg ingen nye tema. Det er ei ganske tidlaus bok; om forholdet mellom menneske; om kjærleik til livet; om å bruke tida på det som betyr mest; om å klamre seg fast. Forfattaren har sjølv uttalt at denne boka ikkje handlar om liv eller død, men tid. Bruk den rett.

Mauricio har nettopp fått sparken, saman med halvparten av bedrifta. Med eit halvt års sjukeforsikring igjen via jobben, går han for sin årlege sjekk. Og til sitt store sjokk får han vite at han har ein hjernesvulst og seks månader igjen å leve. Mauricio vert knust; han har ei lita jenta på ein månad og ein vakker samboer. Han bestemmer seg raskt for å skrive brev til Victoria (dottera) som ho skal få når ho vert eldre. I løpet av det halve året vi følgjer Mauricio og hans nærmaste, opplever dei mykje. Boka er eigentleg berre ein lang veg med eit vanvittig antall twists and turns, og ein særs kreativ slutt.

Dersom du ikkje liker denne boka, gråter ein skvett eller blir rørt, må du ha eit hjarte av stein. Eg føler liksom at den passer for alle. Måten den knyt saman fleire historier på, forteljarmåten som vekslar mellom brev, personlege synspunkt og ein meir all-vitande forteljar.

Om du treng eksempel til andre verk for å skjøne om dette er noko for deg, kan du tenkje litt Paulo Coehlo, berre meir jordnært og moderne. Eller Breaking Bad, det er eit par parallellar her og (dødssjuk, korleis tene pengar raskt så familien har noko å leve av når eg døyr, nyfødt baby in the mix), berre mindre valdeleg. Eller Et helt halvt år, berre frå eit anna synspunkt. Konklusjonen min er i alle fall at det er ei veldig allsidig bok som vil passe for dei fleste.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Vann til elefantene» av Sara Gruen

Vann til elefantene

Korleis skal eg begynne å beskrive denne herlige romanen?? Det som er så herlig med denne boka er at nesten alt i ho er sant. Ikkje heile historia, den er fiksjon, men alle delane av henne. Nesten alt som skjer i boka, til dømes av dyra stikk av og ein løve blir funnen under ein oppvaskbenk med ein oppvaskar, er ting som faktisk har skjedd. Og det er ganske kult.

Romanen følgjer nesten-veterinæren Jacob Jankowski si reise med Benzini-brødrenes sirkus (ikkje det at Benzini-brødrene er der, då). Han hoppar på eit tilfeldig tog i fart etter å ha mista foreldra, heimen og droppa avsluttande eksamen. Dette toget viser seg å vere eit sirkustog, og dei treng tilfeldigvis litt hjelp med ein sjuk hest. Og før Jacob veit ordet av det, er han dyrlege for sjiraffar, løvar, kamelar og til slutt elefanten Rosie. På denne reisa oppdager Jacob kor egoistiske enkelte menneske han vere, og kor sjølvoppofrande andre er. Han finn kjærleiken, og knytter vennskap. Og utan å meine det, skapar han mykje drama.

Den rommar liksom det meste; vennskap, forelskelse, nye opplevingar, drama, hat, psykiske lidingar, grusomme menneske og attpåtil eit sirkus! Du føler at du er i ei blanding av Dagboken og Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, og om ikkje det høyrest interessant ut, så veit ikkje eg! Og no skal eg endeleg få sett filmatiseringa. (For eg er så klart ein sånn ein som skal lese boka først.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Sitat

«Chicks o’hoi» av A.N.P.

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Chicks ohoi

Denne boka har jo vorte ein liten snakkis sidan den kom ut, og hoppa ganske raskt inn på bestselgerlistene for sakprosa. Når eit leseeksemplar kom inn i butikken kunne eg ikkje dy meg, mest på grunn av det utruleg kule coveret.

Eg kan seie etter berre 40 sider at dette ikkje er ei «ekte» dagbok. Altså, det kan godt hende at dette er skrive av ei jente på min eigen alder, men eg synest det er så vanvittig tydeleg at denne «dagboka» har jenta skrive for å gi den ut. Det er ikkje ei «hundre prosent usensurert dagbok» i den forstand at jenta berre har notert ned kvardagen sin og SÅ bestemt seg for å prøve å publisere den. Det er ganske misvisande, etter mi meining, å kalle det «bekjennelser» og gudveitkva. Det er ei ung jente som fortel om livet sitt, og prøver å skrive djupe (dårlege) essay, endå dårlegare skjult som dagbokinnlegg. (Eg nekter i alle fall å tru på at den er ekte.)

Eitt av spørsmåla A.N.P. stiller dagboka si er om ho har ein unormal vennegjeng eller om ein berre aldri høyrer om folk sine sjuke tankar og handlingar. Eg haller ekstremt mot det første, for desse greiene er faen ikkje normale. Uansett kor normalt seksualitet er, så er enkelte av desse greiene berre seriøst fucka. Og warning/spoiler: boka inneheld dickpics. Er det i det heile tatt lovleg??

Elles kan eg seie at det meste som står i boka er totalt ekkelt. Sitat: «Jeg vil slikke flere hårete rumpehull.» Altså, eg er heilt for at seksualitet er normalt, men litt må det gå an å halde privat. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg kan jo sitere ein kollega: dette er eit makkverk. Det er faktisk noko av det verste eg har lese. Både innhaldet, skrivemåten… At dette er publisert, er på grensa til flaut. Stryk det. Det ER flaut. Ikkje kast vekk tida di på denne boka, uansett kor poppis den er for tida.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Veien fra Italia» av Anna Grue

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Veien fra Italia

Etter å ha lest ein del krim, litt Ibsen og eit par dokumentarar, hadde eg ein craving for ein skikkeleg kjærleiksroman, og plukka fram dette leseeksemplaret som eg fant på jobb. På omslaget står det at forfattaren kan sine saker, og at det er ei bok som flyt over av kjærleiksforviklingar. Så eg satte i gang, men følte at det var meir forviklingar enn kjærleik det var snakk om, og det skal holde hardt å påstå at dette er ein kjærleiksroman.

Vittoria, ei ung italiensk kvinne, har køyrd frå Roma til København i den vesle fiaten sin, saman med babyen sin, Massimo. Ho er på flukt, og kan aldri sjå seg tilbake. I Danmarks hovudstad flyttar ho inn på eit litt shabby hotell, der ho møter nattklubbservitrisa Conny, som er Vittorias rake motsetning. Dei danner likevel eit nært vennskap, til tross for sine ulikheiter. Når Vittoria får jobb som husbestyrerinne for enkemann doktor Møller, vert kvardagen hennar snudd på hovudet. Ho strevar hardt for å tilpasse seg sitt nye liv som dansk, men oppdager at det er vanskeleg å leve eit godt liv med eit stor hemmelegheit hengande over seg – spesielt når ho nektar å dele den med nokon.

Veien fra Italia er absolutt ikkje den største leseopplevinga mi, men eg satte stor pris på det historiske perspektivet og tidsbiletet i boka, som føltes veldig autentisk. Eg likte og mislikte karakterane om einannan, så slikt sett var desse òg veldig naturleg portrettert. Faktisk trur eg at eg heller hadde elska ein roman om Conny, ikkje Vittoria. Veldig kort oppsummert fant eg boka til å henge midt på treet; nokon vil nok elske den, andre synes den er forferdelig kjedeleg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kledd naken» av Agnes Lovise Matre

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Kledd naken

Eg er vel ikkje den fyrste i landet til å lese Kledd naken av Agnes Matre, men eg håpar då verkeleg at eg ikkje blir den siste. Denne boka fortener eit breitt publikum. Temaa som vert tekne opp er viktige. Boka er jo heller ikkje ny, men voldtekt slutter jo aldri å skje. Orda «viktig» og «bok» bør her plasserast saman.

Iselin lev eit perfekt liv. Ho er gift med ungdomskjærasten, har to fine barn og er lærar i bygda. Det einaste problemet ho har er at ho er litt husredd, men det har jo aldri skjedd noko. Heilt til ho vert brutalt voldtatt etter ein bygdefest, og i tillegg av ein nær venn. Ingenting blir det same. Panisk vel ho å halde det for seg sjølv, og angsten overmannar henne. Ekteskapet skrantar, ungane lid og sladderen går over heile bygda. Iselin er hjelpeslaus.

Temaet er sårt som få, og ein vert konstant provosert når ein les. Eg er jo frå ein liten stad sjølv, så bygdemiljøet i boka er veldig gjenkjenneleg. For de som har lest bloggen min ei stund, veit at eg gjerne snakkar om pendlerbøker; lettlestebøker med korte kapittel. Denne er slik. Ekstra spennande er det at perspektivet skiftar, om ikkje ofte, frå Iselin til mange av dei involverte. Boka er kjempebra, men det er litt vel drøyt å kalle det ein kriminalroman, slik bladet inni seier. Og ja, sjølv om slutten var kanskje likevel litt for vag for min smak, så anbefaler eg boka.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016 (Comino forlag 2015)

Sitat

«Hjertet er en ensom jeger» av Carson McCullers

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Hjertet er en ensom jeger

I går var det 100 år sidan Carson McCullers var født, og i haust kom nyutgivelsen av Hjertet er en ensom jeger (originalt utgitt i 1940). Eg vart ganske overraska over at boka var så gamal, for eg synest den verka så moderne når eg først starta å lese. Eg tenkte i alle fall 1960-åra. Og så tenkte eg at forfattaren var ein mann. Men what, det var ei tjuetreårig ung kvinne som skreiv boka (det er ho som er avbilda på omslaget). Og ho har skrive tre andre romanar pluss ei novellesamling. (Blir ikkje sjokkert om dei kjem på nytt på norsk snart, med tanke på den sjuke populariteten denne boka her har oppnådd.)

Boka handler om fem-seks karakterar i Sørstatane på slutten av trettitalet, som alle i meir eller mindre grad roterer rundt den døvstumme John Singer. Alle har sitt å stri med, og føler Singer er den perfekte lytter (ironisk nok). Det er både unge og eldre, kvinner og menn som liker og føler seg knytta til Singer. Singer sjølv, er derimot håplaust einsam og utrøysteleg etter at vennen Antonapoulos vart sendt til eit asyl (med god grunn, altså). I liva til desse menneska skjer det eit par store hendingar, men det meste er kjedeleg (utan at boka er kjedeleg). Men slik er vel dei fleste liva våre. Det er dessutan ikkje handlinga som gjer denne boka verdt å lese, det er alle dei psykologiske innsyna, temaa, og den menneskelege innsikta.

Som sagt trudde eg boka var nyare når eg starta å lese, rett og slett på grunn av den naturlege skildringa av ulike raser i boka. Rasisme er eit veldig lite tema i boka, det er ikkje mykje hat mellom farga og kvite, og mange har vennlege forhold. Og så er et ein svart lege. Eg visste ikkje at farga hadde lov å ta utdanning på trettitalet, og spesielt ikkje i Sørstatane? Vel, ein kan jo sei at boka var lærerik.

Språket er veldig poetisk, og stort sett forteljande. Perspektivet er sett litt utanfor karakterane sine hovud, og ein føler verkeleg at ein blir fortalt ei historie. Til tross for at det var skikkelig kvalitetslesing, så var det ikkje ei historie som fanga meg og vil bli sittande for alltid. Denne boka passer for deg som ikkje er så glad i underhaldningsromanar og krim, men foretrekker «djupe» bøker. Og om du synest Stoner var for lettlest, er denne midt i blinken. Og uansett, så er det verdt å prøve seg på denne moderne klassikeren. Kanskje treff den deg rett i hjartet?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016 (1940)

Sitat

«Historien om et godt menneske» av Birger Emanuelsen

Boka er sponsa av Tiden norsk forlag

Historien om et godt menneske

Ikkje la deg lure av den vesle, kvite pocketboka på biletet over. Det er ingenting lite ved denne boka. Det er ein viktig puslespillbit i samtidslitteraturen. I tillegg til å vere lettlest og underhaldande, så klart.

Thomas kjem frå ein liten by på Sørlandet, der skilsmissene florerte, fredre drog, dopet flaut og ungdomskulturen var brutal. Opp i alt dette hadde Thomas eit lite knippe venar, som han mista kontakta med då dei reiste vekk for å studere. No har han fått sparken frå jobben som journalist, og med den vesle familien sin flytter han tilbake til heimbyen, under påskudd av at mora er sjuk. I heimbyen vert han konfrontert med framtida, notida og fortida, og mykje av det går på korleis Thomas behandler andre menneske.

Thomas er som menneske veldig opptatt av korleis andre menneske ser på han, ser på kona, korleis han kan få dei til å tru dette og dette, slippe unna med ting, og korleis han sjølv ser på dei andre. Han framstår nesten unaturleg ekte som menneske, i ei rå og ærleg skildring av dagens samfunn.

Denne boka er perfekt for alle som fekk med seg Kyrre Andreassen si bok For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges i haust, og vice versa. Det er ein skikkeleg moderne roman, med samfunnskritikk og realisme. Alt i boka kjennest ut som om det kunne skjedd, frå det kleine ein kjenner rundt menneske ein pla vere venar med, til kjærleiksforhold, og til eigentleg heile dagleglivet. Det er ei god skildring av dagens samfunn og av medmenneskelegdom.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Orkansesongen og stillheten» av Anne-Cathrine Riebnitzsky

Boka er sponsa av Font forlag

Orkansesongen og stillheten

Du vil aldri, aldri, i dine villaste fantasiar gjette deg til kva som skjer i løpet av denne romanen. Riebnitzsky kan i alle fall overraske! Kapitla er korte, og det at vi følgjer fleire personer kunne fort gjort det vanskeleg å hengje med, men det fungerer liksom. Du heng ikkje på kanten av stolen i spenning, men du vil likevel kose deg kvart minutt du les.

Presten Monica reiser til Guatemala for første gong på tjue år for å slappe litt av, og kome seg unna sorggrupper, kyrkjemøter, konfirmantar og bekymra foreldre. Ho er ein litt annleis prest, veldig folkeleg, ærleg og menneskeleg. På reisa si, og heime i Danmark, krysser ho mange liv (som igjen kryssar kvarandre, tenk Love Actually/Valentine’s Day). Ein av desse er Beate, advokat og jeger med ei sur kjerring til mor. Ein annan er den Nory, tenåringsjenta frå Guatemala som drøymer om eit nytt liv i USA.

Men karakterane i boka oppdager at alt ikkje blir som ein skulle ønske, og av og til går det nesten for bra. Romanen tek for seg forholdet (ofte turbulent) mellom foreldre og barn; alt vi er villige til å gjere for å beskytte dei, for å kome oss vekk i frå dei (enten det er foreldre eller barn), samstundes som vi er glade i dei. Det er og tema som narkotikasmugling, angst, rådyrjakt (ikkje spør, berre les) og religion. Det høyrest kanskje litt rart ut, men det fungerer knallgodt. Eg storkoste meg med boka, og så velskriven og lettlest som den er, flaug den forbi.

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Fremmedkrigerne» av Erlend Ofte Arntsen

Boka er sponsa av Kagge forlag

Fremmedkrigerne

Etter at eg las To søstre av Åsne Seierstad like før jul, vart eg veldig interessert i å lese meir om helvetet som pågår i Midtausten, og Kagge hadde fleire bøker om det hyperaktuelle emnet, blant anna denne. Og boka er like bra skrive som To søstre, med mykje og lettinntakeleg info rundt islamsk ekstremisme. Den manglar jo det bindeleddet som søstrene fra Bærum var tematisk i Seierstad si bok, men bortsett frå det er det like mykje god fakta lagt fram på ein interessant og lesverdig måte. Og så er jo mange av personane frå islamistmiljøet på Austlandet med, så det er jo nesten eit slags lite gjensyn.

Boka følgjer i hovudsak tre kompiser frå Lisleby i Fredrikstad; Abo, Torleif og Samiulla. Bortsett frå denne fellesnemnaren, har dei litt ulike oppvekstar, både stabile og meir ustabile situasjonar. I slutten av tenåra konverterer Torleif, og Abo og Samiulla vert meir religiøse. Med ein forkjærleik for konspirasjonsteoriar, manglande støtte frå dei vaksne i liva sine og vennskap som oppstår innanfor islam, er vegen kort til ekstremismen og jihad (yo!).

Historia er fortalt kronologisk, og med jamt høg spenningskurve. I tillegg til å leggje fram historia om desse tre (og litt fleire) på ein høgt lesverdig måte, prøver òg Arntsen å leggje fram litt ulike løysinger på og analyser av korleis desse unge menna bestemte seg for å reise i jihad. Eg synest boka er nøktern og rettferdig lagt fram, utan at det vert kjedeleg og altfor politisk korrekt og «skulerett» skrive.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Luridiumstyven» og «Kryptalporten» av Bobbie Peers

Begge bøkene er sponsa av Aschehoug forlag

Dette er dei to fyrste bøkene om William Wenton, i det forlaget sjølv kaller ein «storslått spenningserie». Og gjett om det er!

Luridiumstyven

William er 11-12 år gamal, og bur i Noreg. Kvifor veit han eigentleg ikkje, for han er engelsk, og ingen vil fortelje han det heller. William er ein smart gut, og veldig glad i løyse koder og gåter. Han veit ikkje heilt korleis han løyser dei, han kjenner kun murringa i magen og fingrane som beveger seg. Etter å ha løyst Umuligheten, ei «umulig» kode på eit museum, byrjar ting å skje. Foreldra snakker om eit institutt, men før dei får reist dit, er ein enorm robot i hælane på William, og alt vert svart. Når han vakner, er han på ein heilt utruleg stad, og har hamna i sitt livs eventyr (så langt, det er jo allereie ei bok til!).

Men ja, eg synest boka var kjempespennande! På slutten var eg redd for at boka ikkje var avsluttande, for eg forsto ikkje korleis Peers kunne løyse opp knuta han hadde skapt på så lite tid?? Det gjekk jo faktisk opp til slutt. Boka er lettlest, med stor og fin skrift, mange korte kapittel og ein del blanke sider, så den tek ikkje meir enn ein time eller to (for ein vaksen) å lese ut. Språket er enkelt utan å bli barnslig og flatt, og eg trur mange unge lesarar vil like boka. Og så er det jo fint at William er eit litt annleis førebilete; liten og tynn, kjempesmart, nysgjerrig og modig. Vi treng fleire slike «antiheltar» i barne- og ungdomslitteraturen.

Kryptalporten

For tida kjenner ikkje William seg så bra. Han får anfall der han vert iskald og ikkje er bevisst, så når han skal tilbake til Instituttet er han ganske letta. Heilt til han kjem dit, og alt er forandra. Sikkerhetsnivået er maksimert, og han er innelåst mesteparten av dagen, og har ein vakt-obot med seg elles. Sjefane på Instituttet oppfører seg annleis, og William merkar at dei ikkje stoler på han lengre. Men kvifor? Og kva er det dei skjuler?

Dette plottet er litt vagare enn Luridiumstyven, og eg skjønar ikkje heile greia eigentleg (problemstillinga med luridiumet). Men ja, ein kan ikkje skjøne alt kvar gang, kan ein? Spesielt når det kjem til sci-fi, ein må liksom berre godta det ein vert fortalt. Og for å ikkje snakke om cliff-hangeren på siste side!

Så kort oppsummert: kan absolutt anbefale bøkene! Både til vaksne og barn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: Luridiumstyven (2015), Kryptalporten (2016)

Fleire bøker av Bobbie Peers finn du HER.

Sitat

«Forbilde» av Sophie Elise

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Forbilde

I dag er det nøyaktig seks år sidan Sophie Elise Isachsen starta ein av Noregs mest leste bloggar, og starta reisa si som kanskje den mest omtale bloggaren. Ei reise som har krevd mykje. Og Sophie kan skrive, skikkelig godt faktisk.

Sophie var ikkje den mest populære jenta i Harstad. Ho vart mobba, sleit med sjølvskading og dårleg sjølvbilete. Sjølv etter at ho starta bloggen sin og vart populær i Noreg, vart ikkje livet i Harstad betre. Ho brukte mykje tid på bloggen, som ho såg på som ein billett bort i frå heimbyen, og på seg sjølv. Silikon vart tatt, nasa vart fiksa på, extensions var alltid på plass. Slekt braut kontakta med familien, folka på vidaregåande vart ikkje noko hyggelegare. Og om ho no kom seg til Oslo, ville alt bli betre? Ville rosabobla la vere å sprekke? Vel…

Det er vel to typar menneske her i landet; dei som likar Sophie Elise og dei som ikkje gjer det. Begge desse typane bør eigentleg lese denne sjølvbiografien: anten vil du begynne å like Sophie, eller så vil du like ho enda bedre. Det er ei sterk historie, og det er eigentleg ein ganske viktig refleksjon over dagens samfunn. Og om du les dette, Sophie, så vil eg berre seie ein ting: du kan vere stolt av denne boka. Den er god.

(Eg må berre legge til at eg ikkje forstår kvifor VG har gitt boka terningkast fire, eller kvifor Dagbladet kaller det «først og fremst deprimerende lesing» og «skrivefør, men selvopptatt». Det er en sjølvbiografi, så klart handler den om ho sjølv. Det er liksom eit sjangerkrav. Dust.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Sophie Elise finn du HER.

Sitat

«Vindeltorn» og «Maretorn» av Tone Almhjell

Begge bøkene er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Då eg var på Gyldendal sitt høstmøte i Bergen i fjor haust, Forfatterne kommer!, fikk vi utdelt Maretorn av Tone Almhjell i ein goodiebag. Eg vart fyrst og fremst interessert fordi forfattaren sjølv satt framme på podiet og var superherleg – med dyreøyrer festa i håret. Barnebøker har jo ikkje vore mi greie på ei stund, men med ny jobb i barne- og ungdomsavdelinga hos Norli, har det teke seg litt opp! Så etter å ha somla meg til å få skaffa meg den fyrste boka hennar, Vindeltorn, var det berre å sette i gong.

Vindeltorn

Dette er den perfekte barneboka. Hadde eg funne denne på biblioteket som tiåring, ville eg bladd den i filler. No til dags er det sjeldan eg tillèt meg den luksusen å lese ei bok fleire gonger, men kven veit? Eg skal i alle fall kjøpe med meg eit eksemplar til nevøen min, for eg kan ikkje tenke meg den ungen som ikkje vil bli sugd inn i dette universet.

Vindeltorn handlar om Lin, som har kalt seg sjølv dette i ein trolljegerleik med bestevennen. Ho har flytta til byen, og saknar Niklas. Ho saknar og Rufus, musa ho hadde til kjæledyr. Heldigvis for Lin, møter ho Rufus igjen i det ho entrar ein sprekk i kjellarveggen – men Rufus er no ein og ein halv meter stor. Ho har hamna inn i ein verden av dyrlingar, der avdøde kjæledyr lev vidare omtrent som på menneskevis, med hus og kle. For Lin blir det dessverre ikkje berre glede i gjensynet med den elska musa, for det viser seg at ho er ein Vindeltorn, og det er no hennar oppgåve å løyse eit stort og viktig mysterium.

Det er ei verd med snakkande dyr, med mystikk, litt skrekk, merkelege og vakre band, og til saman blir det ei nydeleg og glitrande framstilling av fantasy. Boka er helt herleg, og eg smelta heilt. Så då hoppar eg like så godt rett vidare på å lese Maretorn, den frittståande oppfølgjaren som kom i haust.

Maretorn

I Maretorn er vi ca eit halvt år framme i tid. Niklas sakner Lin, som enno ikkje har flytta att til Sommerhjell. På tur i skogen vert han plutselig forfulgt av noko, kanskje ein bjørn? I panikk klatrer han opp i eit tre, der han til sin store skrekk oppdager ei gaupe som berre stirer på han. Og snakker til han. Niklas veit ikkje kva han skal tru, og resten av bygda oppfører seg merkelegare og merkelegare. Når han avdekker eit par hemmelegheitar om den avdøde mora si, fører det han ut i fare og inn i eit eventyr. Niklas hamner i den same verda som Lin var i tidlegare, men han hamner i ein by teken av marer, med troll, knokkelnebb og ondskap. Han er kanskje ingen Vindeltorn utvalgt for oppgåva, men er det noko Niklas heller ikkje er, så er det ein feiging. Og med gaupa Tyst ved si side, tek dei opp kampen mot marene.

Og det er så spennande! Det er så bra skrive, lettlest og medrivande og berre herleg! Å leve seg inn i denne verda Almhjell har skapt, det er som å leve i ein draum du ikkje vil vakne frå. Av med hatten, og eg bøyer meg i støvet, for dette er ei leseoppleving utan like.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: Vindeltorn (2013), Maretorn (2016)

Sitat

«Se meg» av Nicholas Sparks

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Se meg

Når du tenker Nicholas Sparks tenker du sikkert Dagboken, The Last Song, klissete kjærleikshistorier og slikt. Vel, du har for så vidt rett. I bøkene til Sparks (og filmatiseringane) er det mykje kjærleik, og det er det for så vidt her òg, men den siste boka hans inneheld så mykje meir. Det som fyrst kan verke å vere ei typisk motsetningar tiltrekker-historie, utviklar seg raskt til å bli ein spenningsroman av eit eige kaliber.

Maria er ganske perfekt: vakker, intelligent, hardtarbeidande advokat. Colin er derimot annleis, med si valdelege og kriminelle fortid. Han har brukt mykje tid og krefter på å forandre seg, og Maria forelsker seg mot betre vitande. Men akkurat når forholdet deira når ei høgde og dei begge er stormande forelska, viser det seg at det er Maria si fortid som skal ta dei att og presse dei til det ytterste. Historia tar ein nifs turn, og livet til Maria vert dramatisk forandra, og Colin er på nippet til å øydelegge alt for seg sjølv.

Det er ei strålande historie, ein gnistrande roman og alle andre lovord du kan kome opp med. Om du før har tenkt at Sparks sine bøker er for romantiske for deg, ombestem deg ASAP, for denne boka er vanvittig spanande, absolutt på nivå med «klassiske» thrillere. Den grip tak i deg, og slepp ikkje før siste side er ferdig lest. Og kanskje ikkje då heller.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Fie faller» og «Noe skal skje» av Therese Aasvik

fie-faller

Kva gjer du når livet ditt kollapser? Når mannen din vil gå fra deg for ei anna? Som ikkje ein gong er yngre og penare enn deg? Når ungane dine ikkje liker deg lenger? Når du misliker alle «vennane» dine, og det viktigaste i livet ditt er å bruke smarte hashtagger på Instagram? Når alt eigentleg går til helvete? Vel, Fie prøver å fikse alt, slik ho alltid gjer. I femten år har ho brukt all si tid på å prøve å vere perfekt, vere den perfekte kona og passe inn i ektemannens vennegjeng (som alle er gifte med kvarandre). Men enkelte ting kan ikkje fiksast, og Fie må prøve det meste på nytt. Utan å avsløre for mykje, kan eg jo seie at enkelte ting kan fiksast.

Boka er tynn og ganske lettlest, med ein herleg liten snert av samfunnskritikk. Fie er ein ganske spennande karakter med mykje under den utruleg overflatiske overflata, som desperat prøver å finne tilbake til ein person ho ikkje veit om ho var. Det var underhaldande å følgje den vesle (eller store?) reisa hennar, og eg er spent på å starte på den nye boka hennar som kjem i januar.

Noe skal skje er sponsa av Vigmostad & Bjørke

noe-skal-skje

Og som dei seier på alle matprogram, vi har juksa litt! For før du les om at eg har lest Fie faller, har eg lest Noe skal skje òg. Denne boka er endå tynnare, og skriven med ein heilt anna stil enn debutboka.

Vi møter Fred, ein middelaldrande (antar eg) ungkar som lev eit ganske roleg og kjedeleg liv (han heiter «Fred» for ein god grunn). Fred ynskjer at noko skal skje, men ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg, for seriøst rare ting byrjar å skje. Samstundes fortel Fred om ungdomstida si, og det var visst litt av kvart som skjedde då òg. Vi finn eit enkelt og veldig komplisert menneske i Fred, og det er umogleg å bli glad i han. Det er ei fin og original bok, ein slags spenningsroman light. Absolutt verdt å lese!

Så for å oppsummere, er eg veldig imponert over skrivestilen til Aasvik, og ho er offisielt ført opp på mi uoffisielle liste over forfattarar eg skal følge med på vidare. Eg les verkeleg alt for lite norsk litteratur, alt eg går glipp av!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: Fie faller (2016), Noe skal skje (2017)

Sitat

«Lars er LOL» av Iben Akerlie

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Lars er LOL

Vinneren av ARKs barnebokpris. Debutboka til skodespelar Iben Akerlie. Ei barne-/ungdomsbok om Downs syndrom, forelskelse og Harry Potter. Litt stikkord for deg, der. Ikkje det at du ikkje har hørt om boka, for då har du ikkje vore i live det siste halvåret. Lars er LOL er kanskje den mest omtalte barneboka dei siste par åra, og hyppig lest av vaksne, noko som er forståeleg.

Kort oppsummering: Amanda liker Adam, Adam oppfører seg som ein dust, Amanda får Lars med Downs syndrom som fadderbarn, Amanda drit seg ut. Det er ei veldig søt og sjarmerande historie om vennskap, å passe inn, å gjere det rette, og ikkje minst om korleis det er å vere ungdom for tida. No er det ikkje lenge sidan eg var på den alderen (eller søren, det er snart ti år sidan, uæh), og eg kan totalt identifisere meg med Amanda. Å hamne i slike situasjonar som ho hamnar i, måten ho tenker på, kjennest likt meg på den alderen. Det kjennest litt fint.

Akerlie tek opp viktige tema i boka, skriv lett og flytande og arbeider seg raskt gjennom historia. Eg er positivt overraska, for eg har lest at språket skulle vere for vaksent for ein sjetteklassing (noko eg ikkje er einig i, men så var nok ikkje eg ein typisk sjetteklassing heller). Boka passer like godt for barn som for vaksne, og eg sikker på at historia vil rykke like mykje i hjarterotene dine som i mine.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Iben Akerlie finn du HER.

Sitat

«Løgnen» av C.L. Taylor

Boka er sponsa av Panta forlag

Løgnen

Først av alt: kudos til Panta (eller Pantagruel) for den ubeskrivelig deilige og estetiske leseopplevinga. Skriftstørrelsen, margen, proporsjonane, papiret… Aldri har det vore så behagelig for auga mine å lese ei bok først. I tillegg til at boka så klart berre sug deg inn.

Jane lev eit roleg liv: ho er saman med ein lokal barneskulelærer, ho jobbar deltid på Green Fields Animal Sanctuary (kva er det norske ordet??) og lev eit roleg liv. Heilt til ein dag, då ho får eit brev der det står «Jeg vet at du ikke heter Jane Hughes». For Jane er eigentleg Emma. For fem år sidan opplevde Emma eit mareritt på ferie i Nepal med tre venninner (og eg meiner eit seriøst mareritt, det var grusomt skummelt). Nokon har oppdaga at ho ikkje er den ho seier ho er, og er bestemt på å avsløre Emma, og sørge for at ho får svi for det som skjedde.

Eg sleit verkeleg med å legge vekk denne boka, og 440 sider forsvant på under to døgn (kjærasten min er ikkje så glad for det, eg satt oppe og las til langt på natt). Den er akkurat slik den vert forespeila på baksida: ein sit med ei creepy kjensle heile tida ein les. Eg var heilt og totalt oppslukt av denne historia. Anbefalast på det sterkaste! Og eg gler meg vilt til den nye thrilleren hennar som kjem snart.

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av C.L. Taylor finn du HER.

Sitat

«En eventyrlig julereise» av Corina Bomann

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

En eventyrlig julereise

Superpopulære Corina Bomann har no rett før jul kome ut med ei smal julehistorie (i eit nydeleg omslag). Den er som sagt smal, i tydinga tynn, og er berre ei kort historie om eit par ulike juleopplevingar.

22-årige Anna Wagner hater jula. Ho orker ikkje stresset, og reiser heller til Syden. Men i år har lillebroren på 9 år bedt henne kome heim til jul, og ho klarer ikkje seie nei. Lille julaften setter ho seg på toget til Berlin, men sovner. Når ho vakner, har ho hamna i Binz, 200 kilometer unna hovudstaden. Det er seint på kvelden, ingen mobildekning og rådyre hotell. Anna har flaks og får skyss med ein brøytebilsjåfør, og slik startar hennar tur heim; hennar eventyrlige julereise. Vel, eigentleg er den ganske jævlig. Og overalt kor ho ender opp, er ho omringa av Last Christmas

Boka er ikkje like god som Sommerfugløya og Måneskinnshagen, men så er den òg mykje tynnare med eit mykje mindre eksotisk tema. Den tar derimot opp alle forventningane og stresset rundt juletida, som mange kjenner på. Ei bok til ettertanke, og koseleg julelesning. Ei deilig bok å slappe av med no i romjula.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.