Den femte boka av Karin Brunk Holmqvist, og eg føler at dei fleste omtalene mine av bøkene hennar er ganske så like. Bøkene er jo sånn sett like? Eldre folk i morsomme situasjonar. Men nokon er jo betre enn andre (sjølv om ingen av dei kjem til å slå Potensgiverne uansett), og dette var ikkje av dei dårligare (som Rosa elefanter som mangla ein god slutt).
Denne historia er av mindre storleik enn dei andre. Den handlar rett og slett om to vennepar som har kolonihagar saman i storbyen. Gunnar kjøper blomster til Berta, og ei misforståing gjev han rykte som skjørtejeger. Gunnar blir rasande på hagekolonisten som spreidde ryktet om han, og bestemmer seg for å hevne seg. Og før han veit ordet av det, står politiet på døra.
Brunk Holmqvists bok er som vanleg full av vennskap og varme, og mange sprell.
Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2014
Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.