Sitat

«Broren til Hugo» av Per Knutsen

Wow, korleis har eg ikkje fått med meg Per Knutsen før? Då eg starta på lydboka tenkte eg at denne passa fint etter å nettopp ha høyrd ferdig trilogien til Roy Jacobsen. Nordnorsk, same tidsperiode. Til og med same innleser! (Nils Johnson, anbefalast!) Og eg tenkte det var eit bra alternativ til alle som trenger noko nytt etter Jacobsen. Men etter kvart syntes eg det var betre enn Roy Jacobsen. Det var som Roy Jacobsen og Carl Frode Tiller fletta saman mellom to permar.

Erkki er veslebroren til Hugo, og etter andre verdskrig veks dei opp saman i Nordland. Det er ikkje akkurat lett: faren er nazist, mora ei finsk flyktning. Dei favoriserer Hugo, om ein kan seie at nokon er favorisert. Heimen er ganske vond, med mykje banning og vald. Erkki passer ikkje inn, feminin og enkel som han kan virke for den drikkfeldige familien sin. Men når Hugo tabber seg ut i studietida, er det Erkki som vert favoritten. For ei stund.

Seriøst, dette er ei flott bok. Skikkeleg god lesning om ein skikkeleg vond oppvekst. Historia var truverdig, med alle sine stygge og vakre skildringer. Eg vil påstå at boka først og fremst handler om skam. Skam over å velge feil, over å bli utstøtt, over å ha feil tilbøyeligheter. Det er mykje skam, mykje misunning, mykje lengsel. Det er rett og slett mangel på kjærleik. Men det er ikkje berre fælt, det er mykje glede her òg. Lojalitet, ønsker om utdanning og noko meir, mot til å vere seg sjølv. Den er fin. Skikkeleg ekkel, vakker og praktfull.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016