Sitat

«Black Rabbit Hall» av Eve Chase

Black Rabbit Hall

Dette er altså debutboka til Eve Chase, og kom på norsk i år. Og etter utruleg mange anbefalingar om boka, kjøpte eg den –  innbunden og til fullpris, ei sjeldan oppleving. Og eg angra eigentleg litt, men mest fordi gullfargen på omslaget smittar og øydela lommeboka mi.

På slutten av sekstitalet, på Black Rabbit Hall, skjedde fleire tragiske ulukker som endra Ambers liv for alltid – både på godt og vondt. Over tredve år seinare kjem Lorna og forloveden til godset for å sjekke om det er brukandes til bryllupsloka. Jon er skeptisk, men Lorna forelskar seg i huset og lar seg lokke til å kome att og bu der ei helg. Og det blir ei helg som kjem til å forandre livet hennar.

Omtalene om boka seier at det er veldig likt Daphne DeMaurier, og det er eg heilt einig i: ein knakandes god slutt, men det skjer ikkje noko i dei første 75% av boka. Så godt som ingenting. Og slutten er litt forutsigbar, litt ikkje. Men den var likevel fin å lese, mest på grunn av det friske og gode språket. Midt på treet, altså.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kjære» av Linnéa Myhre

Kjære

Linnéa Myhre er kanskje ein av dei skribentane idag ein kan identifisere seg med. Ikkje at eg har hatt eteforstyrringar, men kjensla av at andre stirer, sosial angst og andre ubehagelige opplevingar i dagliglivet.

I denne boka, som har den perfekte tittel til innhaldet, er det brev Myhre skriv til familie, venner, redaktører og andre som har gjort henne glad eller forbanna. Nokre av breva er jo nesten public shaming, men med Myhre sin sarkasme, sjølvironi og mørke humor vert det berre ei fryd å lese.

Om du ikkje er i stand til å takle sanninga om det sjuke kropps- og prestasjonspresset dagens jenter (og gutar) opplev i dag, vil du nok ikkje gidde å lese boka. Er du derimot oppegåande og forståelsesfull, så er dette ei veldig fin bok det er verdt å lese. (Og så gleder vi oss til den tredje!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.

Sitat

«Alt som teller» av Ingrid Ovedie Volden

Alt som teller

For ei lita perle! Det er ikkje ofte eg les ungdomsromanar lengre, men denne verka interessant. Den handler om Petra. Petra er 12 år og går i sjuande. Ho elskar partal, og hater oddetal – verst av alt er primtall. Heilt til ho oppdagar pi. Tanken på eit tal som aldri slutter, gjer henne kvalm og ho kaster opp. Fordi ho kaster opp, vert ho sendt til PPT, som kan fortelje henne at ho lir av tvangstankar. Litt og litt må Petra utfordre seg sjølv, og slik møter ho Thomas.

Boka er kjempefin. Den skildrar utruleg godt korleis det er å føle seg litt annleis utanfor, samstundes som ein veit kven ein er – og likar denne personen. Den handler om venskap, og familie. Og så litt om matematikk, då. Og grukar. (Veit du ikkje kva ein gruk er? Les boka.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Katalysatormordet» av Hans Olav Lahlum

Katalysatormordet

Denne er spanande. Og ein får litt vondt og dårleg samvit av K2. Han ser ei jente springe som ein gal mot trikken, men når den ikkje. Ein time seinare vert kvinna funnen skoten og drept i trikkesporet. K2 veit at han kunne redda ho om han berre hadde trukke i nødbremsa. Jenta viser seg å vere ein del av ei gruppe unge sosialistar.

Men historia startar eigentleg ikkje her – den startar eigentleg med ein hyttetur to år tidlegare, der gruppas leiar forsvant utan eit spor. Og denne leiaren var forlova med den avdøydde jenta. I tillegg til å skulle løyse mordet saman med Patricia, oppdager K2 at han kanskje har kjensler for henne. Og løysinga – wow, wow, wow.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Bienes død» av Lisa O’Donnell

Bienes død

Denne boka vil rive deg opp innanfrå, frå ende til annan. Den vil få deg til å gispe, skrike, stirre vantru mot sidene med eit blankt blikk. For om denne boka ikkje ryster deg, er du laga av stein (og kan berre gå heim først som sist).

Boka handler om to systre: Marnie på 15, og hennar litt yngre syster Nelly. Dei har hatt ein ganske fæl og spesiell barndom. Foreldra er tunge rusmisbrukarar, og kunne ikkje brydd seg mindre om borna sine. På julaftan gravlegg dei foreldra sine i hagen. Nelly veit at Marnie drepte dei, og Marnie veit at Nelly drepte dei. Dei er heilt åleine, og ingen kan vite om det. Boka handler òg om naboen deira, den eldre mannen Lenny. Lenny er homofil, og fordi ein elsker av han var, vel – ung, har han rykte på seg som pedofil i staden. Jentene held seg unna Lenny – det burde jo alle gjere – men Lenny ser at noko ikkje stemmer, og at dei treng hjelp.

Boka er rå. Den er full av sjokkerande element, fine samtaler og vanskelege tankar. Den passar for både vaksne og ungdom, og eg trur at uansett kor gamal du er, vil den treffe deg midt i hjartet.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Go Ask Alice» av Beatrice Sparks

Go ask Alice

Denne boka las eg gong på gong på barneskulen, på norsk. I ettertid har eg oppdaga at boka ikkje er ei anonym dagbok som proklamert, men at det på 80-talet vart oppklart at det var ein roman skriven som ei anonymisert dagbok.

Denne boka er to dagbøker, liksom ført av ei anonym jente ved namn Alice. Ho veks opp i USA i overgangen mellom 1960- og 70-talet. Ho er ikkje spesielt sosial av seg, og når familien flytter til ein annan by blir situasjonen berre forverra. Alice vert dratt inn i verd av dop og sex, og stikk fleire gonger av heimanfrå. Til slutt vert ho lagd inn på mentalsjukehus. Skildringane av «trip»-ane, presset, tankane ho slit med… Det er rett og slett sjukt å lese.

Dette er ikkje ei bok ein les for å kose seg med. Det er ei vond bok, ei grusom historie og ein stor tankevekkar. Lesinga går av seg sjølv, og ein blir heilt oppslukt av historia. Det viser berre at verkelegheita kan vere vel så grusom som fiksjonen (som likevel var fiksjon).

Forlag: Arrow Books
Utgivelsesår: 2011 (1972)

Norsk tittel: «Bare spør Alice»

Sitat

«En sang fra fortiden» av Katherine Webb

En sang fra fortiden

FOR ei historie! Wow. Når eg las bakpå, tenkte eg at dette kom til å vere ein slags «Lolita»-type bok, men åånei. Denne historia var noko heilt spesielt.

Boka handlar om Mitzy fra Blacknowle, på slutten av 30-talet. Ho er 14 år fyrste gong ho møter kunstnaren Charles Aubrey og familien hans. I løpet av tre sommarferiar kjem dei til landsbyen hennar, og ho forelskar seg i Charles.

I notida møter vi Zach. Zach er ein kunstnar og stor fan av Charles Aubrey. Han reiser til Blacknowle for å finne informasjon om Aubreys liv til boka si. Og til si store overrasking møter han Mitzy, som er på mange av Aubreys maleri. Og Mitzy har mange hemmelegheiter ho ikkje vil at nokon skal oppdage.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«Få meg på, for faen» av Olaug Nilssen

Få meg på for faen

Tommel ned fra meg. Eg har, som dei fleste andre på min alder, sett filmen, og den er jo morosam. Men herregud, så kjempeskuff boka var. Delen om Alma og Artur, som dyttar pikken sin mot låret hennar (og er heile filmen, eigentleg) er berre 1/4 av boka. Og det einaste verdt å lese, sjølv om det berre er eit par scener frå filmen.

Resten av boka er liksom berre Maria, som studerer og arbeider som reinhaldsarbeider i Bergen, og mora til Maria i Førde, som får ei slags feministisk midtlivskrise. Maria skriv eit føredrag i sosiologi om livet sitt som reinhaldsvikar (og som kva som helst univers ville gitt F). Mora hennar, «Kona til Sebjørn» oppdagar at ho ikkje har noko liv, og bestemmer seg for å sitje på røykjerommet til den lokale nepefabrikken (som ho ikkje arbeider for) og stikk av til Oslo for å lenke seg fast på Stortinget. Artig idé, men tjaaaa. Nei, det funker ikkje. Ikkje som ungdomsbok!

Dette skal jo vere ein ungdomsroman, og eg liker gjerne romaner som er skrivne på ein spontan, absurd og kreativ måte – men denne sleit eg med. Den er for innvikla til at ein normal ungdomsskuleelev ville likt den (trur eg), men for barnsleg for ein vaksen. Ei omtale av ei anna av bøkene hennar vert kalla noko nytt og eige, men for min del kom det ikkje naudsynt noko positivt ut av dette «nye og eige» (unnteke temaet ungdomsseksualitet, som absolutt bør belysast meir). Det er få bøker eg ikkje liker, men denne var, vel – unødvendig for min del. Ikkje verdt strevet.

Forlag: Det norske samlaget
Utgivelsesår: 2005

Fleire bøker av Olaug Nilssen finn du HER.

Sitat

«BH-er og besvergelser» av Sarah Mlynowski

BHer og besvergelser

Dette var utan tvil ei av favorittbøkene mine då eg var yngre. Denne vart lest opp og ned i mente fleire gonger.

Boka handler om Rachel. Rachel er 14, men ikkje spesielt moden for alderen, slik som besteveninna. Eller veslesystera på 9. Dette gjer Rachel rasande og misunneleg til tusen, for ho har nettopp oppdaga at både mora og systera er hekser, og har magiske krefter (og systera var den fyrste modne dottera, og fekk kreftene). Mora har lagt vekk magien, og synest heller ikkje at det passer seg for niårige jenter å bruke magi. Men Rachel har andre planer, og prøver å bruke systera sin magi til sin fordel – det er jo trass alt ho som er eldst, og skulle hatt kreftene (meiner ho).

Boka er kjempemorosam, lettlest og herlig oppbygd. Den passer kjempefint for jenter i alderen 12-16 år. Det er chic lit + Harry Potter.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2009

Sitat

«Lenas dagbok» av Lena Mukhina

Lenas dagbok

Dette er noko av det sjukaste du vil lese i heile ditt liv – enkelt og greitt fordi det er sant. Lena Mukhina var ei ekte jente som budde i Leningrad (St. Petersburg) under den grusame beleiringa av byen frå 1941-1944 – ei russisk Anne Frank. Folk svelte i hel i hundretusenar, kannibalisme var ikkje uvanleg, og folk åt snikkarlim for å overleve.

Lena er 16 år når krigen mellom Tyskland og Sovjetunionen bryt ut. I byrjinga handlar boka berre om dagleglivet: gutar, skule, vener. Så fort byen vert beleira, skryt Lena av dei sovjetiske styrkene og seier krigen straks vil vere over. Men etter kvart som flyalarmane går oftare og oftare, og svelten tek til, glir notatene hennar over i korleis ho skal overleve denne krigen. Heilt åleine.

I fororda og etterordet finn du mykje informasjon og fakta om beleiringa, les absolutt fororda før du starter på sjølve dagboka!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Etter deg» av Jojo Moyes

Boka er sponsa av Bastion forlag

Etter deg

Ein blir ofte skuffa av oppfølgjarar (og dette er jo oppfølgjaren til Et helt halvt år), så eg var nesten redd for å starte på denne boka. Men denne skuffa ikkje. Herregud, så flott! Eg elska jo historia om Lou og Will, og var knust på slutten. Men denne boka tok opp att tråden på ein fin måte, med ei heilt anna historie, sjølv kort tydeleg Lou er prega av Will.

Lou har flytta til London. Ho lev i si eiga vesle boble, og usikker på kven ho er, kvar ho er og kvar ho skal. Og ut av det blå, dukker Wills ukjende dotter opp. Lily er ein trøblete tenåring, som klarer å rote seg bort i problem overalt, og Lou klarer ikkje la vere å prøve å ta vare på henne. I tillegg til å leike reservemamma, forelsker ho seg i ambulanseføraren Sam. Lou tenkjer fortsatt på Will, men klarer ikkje finne ut kven av dei ho føler seg utro mot.

Det som er så flott med Jojo Moyes bøker er at det kun er handling på handling – det er ikkje overpynta språk eller vekt på utsjånad eller naturskildringer. Det er enkelt, ærleg og bra. Og eg gler meg allereie til den tredje boka.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«Svart belte» av Marianne Clementine Håheim

Boka er sponsa av Oktober forlag

Svart belte

Hjartet mitt blør i skrivande stund. Denne boka vart slukt på ein liten time, og det var ikkje snakk om å leggje ho ned. Boka er skriven av ei veninne av ei veninne, og er sjølvbiografisk. Dette er Marianne.

Marianne er 13 år gamal når no utviklar anoreksi. Ho er ikkje lei seg eller manglar noko – ho føler rett og slett at ho er for mykje. Og om ho kunne skjert vekk alt, sett vekk frå skjelettet, ville livet vore perfekt. 15 år gamal strevar ho fortsatt med å skape den kroppen ho sjølv ynskjer å ha. 15 år gamal blir ho òg lagt inn på psykiatrisk avdeling i Bergen. Etter noko som verka som ei evighet, er ho endeleg frisk nok til å reise heim. Frisk? tenker Marianne. For det er ikkje slik, ho var jo aldri sjuk.

Eg kunne skrytt i det uendelege av denne boka, men eg kan avslutte med å seie at dette er boka for deg som vanlegvis ikkje likar å lese. Den er lettlest, med korte avsnitt i staden for kapittel, og heilt, totalt, absolutt nydeleg. Og ja, så er den jo på nynorsk!

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«The Fault In Our Stars» av John Green

tfios1

Tårer, tårer og atter tårer. Det er ordet som skildrer boka alle har lest. Eller i alle fall sett filmen. Men uansett, boka er sjølvsagt betre.

Hazel Grace er 17 år, og har uhelbredelig kreft. Livet er ganske enformig og kjedeleg, heilt til ho møter Augustus. Gus er 18, og er i remisjon. Han mista beinet, men er frisk. Dei vert gode vener, og Hazel møter ei ny verd. Gus legg ikkje skjul på at han er forelska i henne, men Hazel er alt for redd til å gjengjelde kjenslene. Ho skal jo trass alt døy, og det kan skje når som helst. Enkelte ting er uunngåelege.

Det er ei veldig annleis bok. Karakterane – som er tenåringar – er veldig modne menneske. Dei diskuterer vaksne emner, men opplever og dei vonde kjenslene som følgjer med ungdomslivet. Den er varm, og den som ikkje græt av boka, burde skamme seg.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av John Green finn du HER.

Sitat

«Ikke bare appelsiner» av Jeanette Winterson

Ikke bare appelsiner

Det mest sjokkerande med denne boka er så klart at den er basert på forfatterens eige liv. Eg blei litt sånn «what the fuck» når eg oppdaga det på slutten. For boka var heilt sjuk.

Boka handler om Jeanette. Jeanette veks opp i ein veldig religiøs familie, i eit veldig religiøst samfunn. Mora har faktisk adoptert Jeanette, for å unngå unnfangelse. For etter ein jomfrufødsel, er adopsjon nest best. Det er faktisk så ekstremt at Jeanette er døv i tre månader, og mora og kyrkja berre trur ho er inne i ein salig tilstand. Også på skulen vert det tydeleg at Jeanette er frå eit annleis miljø. Og betre blir det ikkje når ho forelsker seg i ei jente.

Det kan høyrast ut som ein dramatisk roman, men heile boka var eigentleg berre epos. Det er mykje allusjonar, spesielt til Bibelen og «Alice i Eventyrland». Det dukker også opp eit par avsnitt som berre er tankar, metaforar, eventyr, og antalet av desse stig utover i boka. Men ja, boka var uansett heilt fantastisk. At Winterson er ein fantastisk forteljar, er det ingen tvil om.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2006 (1985)

Fleire bøker av Jeanette Winterson finn du HER.

Sitat

«Tschick» av Wolfgang Herrndorf

Tschick

Å, satan i gatan. Det er ei stund sidan eg har lese ungdomsromaner, men det er like kjekt kvar gong. Dette var oversatt tysk ungdomslitteratur, med undertittel «Adjø, Berlin!».

I boka forteller Mike Klingenberg oss om sommaren sin, då han og ein russisk tilflyttar, Tschick, tjuvkoplar ein Lada og legg ut på biltur mot Valakia. Dei er akkurat ferdige i åttande klasse, og alt må takast litt på sparket. Korleis ein køyrer bil, stjel bensin og skaffar seg mat. Dei møter ein del interessante karakterer, hamner i to bilulykker, på sjukehus, Mike får sitt første kyss av Isa, og dei spekulerer og filosoferer over verda.

Boka er skriven med mykje humor, likegyldighet og ei brennande interesse. Ei rein fornøying å lese!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Olivensteinen» av Gunn Marit Nisja

Enno ein gong har Gunn Marit Nisja skrive ein nydeleg roman om kvinnesynet i Egypt. Den er ikkje like fantastisk som Naken i hijab, men så trur eg det er lite som kan slå den, da.

Denne boka handler hovudsakleg om Hoda, ei 18 år gamal jente som veks opp med familien sin utanfor Kairo, i Giza. Hoda er gifteklar, og blir brått vekt frå ein fri barndom. I tillegg dukker Sabrin og Mahrousa opp i huset, og norske Sigrid. Hoda vert dratt mellom det egyptiske samfunnet, Sigrid sin norske moral og dei moderne egyptiske jentene.

Det er ei veldig flott bok, men den burde vore delt opp i ein trilogi. Ikkje at den er for lang, den er derimot for kort. Det er altfor mange fantastiske kvinnehistorier som vert fortalt (Sabrin, Hodas mor, Hodas grandtante osv), og dei burde få sine eigne bøker for å kome til sin rett. Det er jo litt for seint å endre på no, menmen. Next time!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Gunn Marit Nisja finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006

Sitat

«Evig søndag» av Linnéa Myhre

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Evig søndag

Gud så lenge eg hadde hatt lyst å lese denne boka då eg fekk den i posten!

Ei så ærleg bok skal ein leite lenger. På same måte som bloggen til Linnéa, Alt du vet er feil, er den tvers igjennom ekte. Ein får eit så realistisk innblikk på livet til ei jente med mange problem og tankar i livet. Ein følgjer henne frå då ho først møter psykiateren sin og ein ser korleis ho betrar seg igjennom boka. Eg leste den ut på eit par timar. Det er verkeleg ei vakker og unik bok, og ein kan ikkje noko anna enn å få sympati med Linnéa.

Linnéa har ein utrulig flott humor, og ein sjølvironi utan like. Boka er veldig morsom og har med artige detaljar. Blant anna åt Linnéa basically bare lomper eine året boka foregår. Det er mykje varme med i boka, spesielt mellom Linnéa og mora. Boka anbefalast på det sterkaste.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.