Sitat

«Alligatorvannet» av Lynne Bryant

Alligatorvannet

Å, som eg skulle ønske at eg kunne lese denne boka for første gong igjen! Den er nydeleg, rett og slett herlig lesning. Historia er varm, perfekt bunden saman og sjølvsagt med ein flott liten twist på slutten som løyser flokene.

Boka handler om tre generasjoner kvinner i ein familie frå Mississippi. Avery, hennar mor Marion, og hennar mor igjen, Willadean. Avery reiser for første gong tilbake til familien etter at ho som 18-åring stakk av for å føde dottera Celi – som er halvt svart. Avery er livredd for at mora, som er relativt rasistisk, ikkje vil godta dottera. Forholdet mellom Avery og Marion og Marion og Willadean er begge såre og vanskelege, og dei slit med å forstå ein annan. I løpet av sommaren blir historiene deira, både frå notida og kvar sin ungdom, nøsta opp og bunde saman att. Celi skal få møte faren sin for fyrste gong, og Avery er livredd for kva som kan kome til å skje – Aaron har nemleg gifta seg etter at Avery forlet byen – vil den nye familien hans akseptere dottera deira?

Boka er ei flott historie om umogleg kjærleik, veldige skjebner, familieliv og uendeleg vennskap. Om du vil ha ei bok som får deg til å le, gråte, smile og sukke fornøgd når du legg ho fra deg; her er ho.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Lynne Bryant finn du HER.

Sitat

«Et helt halvt år» av Jojo Moyes

Et helt halvt år

Eg kan ikkje fatte at eg har gløymd å skrive om denne boka! For den er jo så flott, og no er oppfølgjeren like rundt hjørnet, Etter deg. Dette er jo ei bok dei fleste er blitt glade i, så denne rosen blir nok berre ei i mengda.

Uansett, boka handler om Lou, som mister jobben på kafeen der ho har arbeidd heile ungdommen. Via arbeidsformidlinga får ho jobb som heimesjukepleier hos ein velståande familie. Pasienten er ein ung mann på hennar eigen alder, Will. Etter ei grusom motorsykkelulykke har han hamna i rullestol, og hatar livet. Lou skjøner at ho berre er der for å vere barnevakt, men blir glad i Will og gjer alt ho kan for å gi han livslysta att.

Boka er utruleg lettlest, sympatisk og en pageturner av eit nytt kaliber!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Jojo Moyes finn du HER.

Sitat

«The Fault In Our Stars» av John Green

tfios1

Tårer, tårer og atter tårer. Det er ordet som skildrer boka alle har lest. Eller i alle fall sett filmen. Men uansett, boka er sjølvsagt betre.

Hazel Grace er 17 år, og har uhelbredelig kreft. Livet er ganske enformig og kjedeleg, heilt til ho møter Augustus. Gus er 18, og er i remisjon. Han mista beinet, men er frisk. Dei vert gode vener, og Hazel møter ei ny verd. Gus legg ikkje skjul på at han er forelska i henne, men Hazel er alt for redd til å gjengjelde kjenslene. Ho skal jo trass alt døy, og det kan skje når som helst. Enkelte ting er uunngåelege.

Det er ei veldig annleis bok. Karakterane – som er tenåringar – er veldig modne menneske. Dei diskuterer vaksne emner, men opplever og dei vonde kjenslene som følgjer med ungdomslivet. Den er varm, og den som ikkje græt av boka, burde skamme seg.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av John Green finn du HER.

Sitat

«Til vi møtes igjen» av Kate Lord Brown

Boka er sponsa av Apropos forlag

Til vi møtes igjen

Dette er ei slik bok eg kunne lest om att fleire gonger. Herregud, så fantastisk! I samme stil, periode og tykkelse som Brevet til Stella, og vart slukt like fort. Historier om kjærleik og vennskap under andre verdskrig er og forblir ein fantastisk romanidé. Gi meg meir!!

Boka handlar hovudsakleg om Evie, ei rikmannsjente som er lei av å berre sjå på krigen. Ho vil hjelpe til. Og når Evie, som er pilot av hobby, finn ut at dei treng fleire pilotar til å sivilt transportere krigsfly, melder ho seg. Ho hamnar på brakke med Stella, ei kvinne som har mista mannen sin og forlatt barnet sitt, og Megan – ei walisisk jente som vil gjere ein innsats for å hedre broren som vart skoten ned i kamp. Saman opplever dei mykje fint, og mykje grusomt. Det er kjærleik, vennskap, krig, og som alle andre stadar ein tulling eller to.

Dette vart ei av bøkene eg græt av, men eg smilte òg mykje. Eg droppa Lekeland og Uno-spel for å få lese ferdig boka, så bra var den! Eg plent nekta å legge den ned. Den drog meg inn, og slapp ikkje taket før siste sida.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«The best thing that never happened to me» av Laura Tait & Jimmy Rice

The best thing that never happened to me

På boka står det: «First love. Second chances.» Å, er ikkje det noko vi alle kan kjenne oss igjen i? Tanken på kor annleis ting ville vore om den første kjærleiken hadde gått i orden? Det er temaet boka tar opp.

Alex og Holly har vore venar sidan dei var elleve år gamle. I løpet av tenåra blir dei forelska i kvarandre, men av frykt for ugjengjeldte kjensler og å øydelegge venskapet, tør ingen av dei å seie noko. Holly flyttar til London for å studere, og kontaktar aldri Alex igjen, etter å ha fått kjenslene sine såra. Elleve år går, og Alex flytter til London. Han tar kontakt med Holly, og sakte men sikkert vert dei bestevennar igjen. Og begge veit at dei gamle kjenslene er der, men heller ikkje denne gongen tør nokon av dei å seie det. Var kjærleiken deira aldri meint å være, eller var den det?

Ei bok med like mykje humor og sarkasme skal ein leite lenge etter. Den er open og ærleg, og karakterane er truverdige og sympatiske, hovudsakleg. Det er fin flyt og driv, og eg kunne ikkje legge henne frå meg. Det finst ikkje nokon norsk versjon, men engelsken er veldig lett, så dei fleste burde kunne klare den språklege utfordringa.

Forlag: Corgi Books
Utgivelsesår: 2014

Boka er ikkje tilgjengeleg på norsk.

Sitat

«Tschick» av Wolfgang Herrndorf

Tschick

Å, satan i gatan. Det er ei stund sidan eg har lese ungdomsromaner, men det er like kjekt kvar gong. Dette var oversatt tysk ungdomslitteratur, med undertittel «Adjø, Berlin!».

I boka forteller Mike Klingenberg oss om sommaren sin, då han og ein russisk tilflyttar, Tschick, tjuvkoplar ein Lada og legg ut på biltur mot Valakia. Dei er akkurat ferdige i åttande klasse, og alt må takast litt på sparket. Korleis ein køyrer bil, stjel bensin og skaffar seg mat. Dei møter ein del interessante karakterer, hamner i to bilulykker, på sjukehus, Mike får sitt første kyss av Isa, og dei spekulerer og filosoferer over verda.

Boka er skriven med mykje humor, likegyldighet og ei brennande interesse. Ei rein fornøying å lese!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«The Vacationers» av Emma Straub

The vacationers

Kva passer eigentleg bedre som strandbok enn ei bok om andre på ferie? Boka var herleg frå start til slutt, og temmeleg vanskeleg å legge ned. Den er varm, humoristisk og lettlest. Forfattaren har skapt ærlege og menneskelege karakterar, som ein både liker og misliker.

Familien Post skal på ferie til Mallorca. Far Jim og mor Franny har problem i ekteskapet, da Jim (på 60) fant ut at han skulle ha sex med ei 23 år gamal jente som var ansatt i bladet han jobba i. Franny er i tillegg hyperkontrollerande og krev at ferien skal bli perfekt, utan å kanskje vere det sjølv. Sylvia på 17 har planer om å miste jomfrudommen på ferie, etter å ha fått hjertet knust heime i New York, og pinlege bilder lasta opp på Facebook. Bobby på nesten tredve kjem saman med Carmen, hans ti år eldre kjærast som ingen eigentleg liker, og Bobby er på dei fleste nivå ein skikkeleg dritt. I tillegg har Franny invitert med seg sin homofile bestevenn og hans ektemann, som og har litt ekstra bagasje med på turen.

Boka er skriven med kjærleik og brodd. Den minner oss om kor glad vi er i familien vår, men at det kanskje ikkje alltid er ideelt å vere innesperra i eit hus på Mallorca med dei i fjorten dager.

Forlag: Picador
Utgivelsesår: 2014

Norsk tittel: «De ferierende»
Norsk forlag: Bastion

Sitat

«Søndager med The Supremes» av Edward Kelsey Moore

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Supremes

Ein fryd å lese! Åh, så mange fine ord eg kan finne til å skildre denne boka. Etter første kapittel var eg hekta, og eg har kosa meg så vanvittig mykje med å lese denne flotte boka. Eg gråt og lo, og eg vart ekstremt glad i karakterane i boka, og eg skulle ynskje den aldri tok slutt.

Boka handler om The Supremes; Barbara Jean, Odette og Clarice som er middeladrande, svarte kvinner i Indiana, USA. Dei har vore bestevenninner sidan 60-talet, og kvar søndag et dei på Earl’s All-You-Can-Eat etter kyrkjetid. Vi følgjer kvinnene gjennom kreft, tap av born og ektemann, utroskap og vennskap (og eit heilt sjukt vilt bryllaup!).

Boka har humor, den har varme. Vi snakkar mødre som røyker hasj, å kunne sjå daude mennesker (som den alkoholiserte Eleanor Roosevelt). Det var så mykje godt og morosamt i denne boka. Men det var og mykje sårt, som seksuelt misbruk, barnedaud og å miste den store kjærleiken. Eg gråt opptil fleire gonger.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Ny norsk tittel: «Alltid på en søndag»

Sitat

«Oscar og den rosa damen» av Eric-Emmanuel Schmitt

Forfattaren var usikker på om han skulle skrive denne bittelille boka i årevis før han faktisk skreiv henne. Den handlar jo om dødssjuke born, generelt eit tabu. Men boka er ikkje så veldig trist, ikkje eigentleg. Schmitt klarer å gjere boka varm og morosam, sett frå det naive og betrevitande perspektivet til ein tiårig gutt.

Vi følgjer kreftsjuke Oscar dei siste ti dagane av hans liv, der han saman med besøksvennen Marie-Rose (Rose-bestemor) lev som om kvar dag var ti år. Han opplev barndommen, ungdommen, vaksenlivet og alderdommen. Kvar kveld skriv han eit brev til Gud (som han ikkje heilt trur på), før han til slutt døyr.

Det er ikkje så mange slike bøker ute og går. Ei bok om leukemi som får deg til å smile medan du les? Når hovudpersonen, ein tiårig gut, døyr?? Det høyrast hjerterått og useriøst ut, men Schmitt har klart det. Ei flott lita bok.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2004

Fleire bøker av Eric-Emmanuel Schmitt finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006