Sitat

«Jenta under oliventreet» av Leah Fleming

Boka er sponsa av Apropos forlag

Jenta under oliventreet

Om du leiter etter ei bok som aldri vil forlate deg, her har du ho. Ei meir hjertevarm og minneverdig bok skal du leite lenge etter. Ho grip deg om hjartet.

Boka handler fyrst og fremst om Penny – Penelope Georgiou, ei britisk jente som reiser til Hellas for å få ein ferie frå foreldra sine. Der forelsker ho seg i arkeologiskulen, og bestem seg for å bli att, til foreldras misnøye. Medan ho er der, bryt krigen ut. Penny har førstehjelpskurs frå Raude Kors, og får seg jobb som sjukepleier. I løpet av boka flettast det sakte inn ein tysk soldat, Rainer Brecht, som har ein sentral del av kommandoen over Kreta. Vi følgjer motstandsbevegelsen, okkupasjonen og privatliva til hovedpersonane, som er både vakker og hjarterå. Absolutt ei bok verdt å lese!

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Straffen» av Jan Mehlum

straffen

Fleire som har lest bøkene om Svend Foyn? For om du har det, treng du jo ikkje meg til å fortelle deg kor gode dei er. Så la oss snakke litt om Straffen.

Ekskjæresten til Foyn, Anne Rønningen, blir funne drepen i sin eigen heim. Dette gjer boka mykje meir personleg enn dei andre, og skapte ein annan type framdrift. Eg vil ikkje gå så langt som å kalle boka ein pageturner. Den tok seg klart opp i siste halvdel, når ein kunne sjå heile saka litt bedre. For min del vart det litt for mange karakterer for min smak, så navna flaut litt saman. Men herrefred for ein slutt! Saka var godt konstruert, med mange ledetråder eg (skamfullt) gjekk glipp av. God krim, det skal i alle fall vere sagt.

Forlag: Publicom
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Jan Mehlum finn du HER.

Sitat

«Det som en gang var jord» av Simon Stranger

Det som en gang var jord

Korleis kan eg fortelje om denne boka? Den er så aktuell at det nesten er skremande, og handlinga skar meg litt opp frå innsida. Men likevel, åh!, så flott.

Boka handler om Mikael. Mikael er mann til Miriam, og far til Isak. Og midt i ein okkupasjon, grev Mikael ut ein tunnel til nabolandet for å skaffe mat, og han står midt mellom barken og veden – mellom okkupasjonsmakta og motstandsrørsla. Motstandsrørsla truer med å avsløre tunnelen om Mikael ikkje frakter ein pakke for dei. Og der og då veit Mikael at han har tapt alt.

Boka var sterk, og livaktig skrive. Det synest i teksten at boka er norsk og ikkje omsett, med eit fantastisk friskt og levande språk. Om du ikkje les denne boka, går du glipp av ei av dei beste norske bøkene i 2015.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Lykken er en søt hevn» av Elizabeth Buchan

Lykken er en søt hevn

Mann forlater kone for yngre kvinne. Kone mister jobben. Korleis i alle dager skal ho kome seg gjennom dette? Klisjé, tenkte eg. Til eg hadde lest dei første 50 sidene. Så viste det seg at denne boka ikkje var så typisk likevel. Den viser ei mykje meir realistisk side ved samlivsbrot. Det vesle håpet om gjenforening, samtidig som ein eigentleg ikkje vil tilgi. Og den vesle skadefryden når mannens nye forhold viser seg å ikkje vere ei dans på roser. Alle dei små kvardagslege tinga ein må takle kvar dag uansett kor knust ein kjenner seg.

Romanen er herlig skriven, med mange tilbakeblikk på minner, tankesprang og gode dialoger. Den fenga verkeleg, og når det var ein fjerdedel att, hadde eg faktisk ingen aning og korleis den ville ende. Men kan og love dykk; den enda bra.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Den dagen du kom tilbake» av Hilary Boyd

Boka er sponsa av Apropos forlag

Den dagen du kom tilbake

Så vanvittig gripande! Boka var ein skikkeleg hjarteknusar. Eg var på gråten fleire gonger, i tillegg til alle gispa som vart ytra under lesinga.

Boka handlar om Flora, ein heimesjukepleiar på 41. For tre år sidan forlot sambuaren hennar, Fin, ho, etter åtte år, utan så mykje som ei forklaring. Dei to første åra etter brotet var ho i djup depresjon, og flytta inn i kjellaren til Prue, systera. Flora trivst igjen på det sosiale, går på eit par dater, og likar jobben sin med å passe den 93 år gamle Dorothea. Heilt til Fin dukker opp att, ut av det blå. Og han vil ha henne tilbake. Men Flora er usikker på om ho kan tilgi, og risikere helsa si for mannen som knuste hjartet hennar. For Flora skjøner at kjærleik kanskje ikkje alltid er nok.

Igjen har Hilary Boyd skrive ei fantastisk bok om det å komme seg ut av eit dårleg forhold. Boka var varm, hjarteskjerande og umulig å legge frå seg. Historia var kanskje litt urealistisk, men eg kan ikkje førestille meg historia annleis heller. Kjempefin sommarlektyre, med mange viktige bodskap. (Som for eksempel: dump den dusten.)

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Du finn fleire bøker av Hilary Boyd HER.

Sitat

«Hannah» av Nick Alexander

Boka er sponsa av Bastion forlag

Hannah

Da har eg akkurat lagt i frå meg Hannah. Og eg gler meg til å lese meir om ho i oppfølgjaren som kjem no i august. Kjenner ei indre glede, altså!! Så folkens, kjapp dykk å lese denne så de er forberedt til august.

Hannah er 38 år, og i 15 av dei har ho vore gift med Cliff. Ho synest eigentleg at livet er greitt. Mannen er grei, jobben er grei, huset er greitt. Alt er eigentleg heilt greitt. Og Hannah er i tvil om greitt er bra eller dårleg. Skal man kunne kreve meir av livet? For ho har jo opplevd lidenskap, men alt var jo så komplisert. Det var tross alt broren til Cliff. Og mindre komplisert blir ikkje familieferien ho dreg på med mannen, sonen, systera, niesa, og systeras homofile bestevenn.  Hannah oppdager årelange løgner, ulykker, sjalusi og desperasjon. Og ikkje minst blir ho stilt ovanfor spørsmålet: vil ho ha Cliff eller broren, James?

Boka er ein page-turner, eg la den kun ned for å sove. Når eg åt hadde eg boka i eine handa, pizzastykket i den andre. Den drar deg inn, og gir liksom ikkje slepp før siste sida er lest. Spenningsnivået er relativt høgt og stabilt gjennom heile boka, utan å vere melodramatisk. Enkelt og greitt: ei sabla bra bok.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Sommerpaviljongen» av Santa Montefiore

Sommerpaviljongen

Ett ord: OK. Etter å ha lest Hagen i Hartington gleda eg meg til å begynne på denne. Og eg vart litt skuffa. Bøkene er skrivne på same måten: sakte framgang, skildrane og godt språk, og kjappe byter av synspunkt (utan endring av avsnitt, noko som er kjempeforvirrande dei første par kapitla ein les, men ein blir vand med det).

Boka starter med at Lord Frampton døyr. Heile familien er knust. I gravferda dukker det opp ei ung kvinne, som hevdar å vere den ukjende dottera til lorden. Med litt sunn skepsis i begynnelsen, vert ho snart ynskt varmt velkomen inn i familien. Kun éi i familien er mistenksom på denne nye «dottera», som dukker opp og vert invitert til familiens gods og arver fleire millioner.

Eg kan eigentleg ikkje sei så mykje meir utan å avsløre alt. Sjølv synest eg boka var ekstremt forutsigbar, og etter berre første kapittel hadde eg forstått heile storylinen. Men det er berre meg, da. Uoriginal historie? Kanskje. Godt skrive? Absolutt. Den passar fint som sommerlektyre på stranda.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Naken i hijab» av Gunn Marit Nisja

Naken i hijab

Wow. Herrefred, wow. Eg satt med hjartet i halsen og heldt pusten medan eg las denne romanen. En perfekt page-turner! Eg klarte ikkje legge den i frå meg eit sekund, heile greia forsvant iløpet av ein dag.

I boka møter vi Live, som er reist på ferietur med venninna si til ein liten by i Egypt. Der møter dei Kareem, og Live forelsker seg hodestups i denne kjekke egypteren med svarte krøller. Ho held kontakta med han etter at ho er komen tilbake til Noreg, og ender opp med å reise på besøk til han. Før det har gått mange dagar, er dei gift. Live er lukkeleg, lærer seg arabisk og blir kjend med familien hans. Ho vert gravid, og dei skal flytte til Noreg før fødselen. Men så går det gale. Kareem vil ikkje reise, han vert valdeleg, ho blir tvungen til å gå i hijab og halde seg innandørs. For å redde seg sjølv om barnet som skal kome, skjøner ho at ho må rømme landet.

Historia er dramatisk, vakker, skremande og tankevekkande. Den skildrer eit vakkert Egypt, og eit stygt. Flotte tradisjonar i islam, og grusomheten i haldningar. Dette er ei av dei bøkene alle bør lese i løpet av sitt liv.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Gunn Marit Nisja finn du HER.

Sitat

«Jordmoren i haremet» av Roberta Rich

Jordmoren i haremet

Denne boka er oppfølgjaren til Jordmoren frå Venezia, og no sit eg her ynskjer meg ein oppfølgjer til! Romanen er full av gode skildringar, med massevis av historiske hendingar frå det osmanske riket.

Vi følgjer Hannah Levi til hennar nye bustad i Konstantinopel, der ho er jordmor for sultanens kone og haremsjenter (odalisker). Så møter Hannah den jødiske slavejenta Leah, som berre har lyst vekk. Hannah veit at det kan koste livet å forsøke å hjelpe. Men korleis kan ho seie nei? Som om det ikkje var eit plott godt nok i seg sjølv, dukker også Isaacs svigerinne opp, Grazia, for å kreve tilbake eit lån. Dersom ho ikkje får pengane att, seier lova at ho og Isaac er gift i følgje jødisk lov. Hannah får panikk. Sjølv om Hannah rett nok ikkje har klart å bære fram eit barn, vil vel ikkje Isaac godta å ha to koner? Eller vil han??

Språket er nydeleg, med masse historiske fakta, og ei truverdig miljøskildring. Vi blir dratt inn i ei like eventyrleg historie som forrige gong, og denne er minst like fornøyeleg!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Roberta Rich finn du HER.

Sitat

«Evighetens Roma» av Domenica de Rosa

Evighetens Roma

Denne boka er ei fin lita greie. Den handlar om Gaby som får sitt første barn. Ho er i lykkerus, heilt til ho får vite at faren døydde same dag. Gaby vert knust, for ho har alltid vore veldig nær faren. Heile familien reiser fra England til Italia, landet der faren var i frå, for å spre askene hans (på litt ulovlig vis). Kvar og ein av søstrene til Gaby har ei meining om kvar dei trur faren ville ha askene sine spreidde hen.

Vi reiser på ein nydeleg tur igjennom Roma, både det turistane kjenner, og Roma for dei innfødde. Det vert dramatikk i familien på mange ulike nivå. Boka er ei nydeleg historie om familie, kjærleik og sakn. Og eg er allereie igang med neste bok av Domenica de Rosa!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Domenica de Rosa finn du HER.

Sitat

«Jordmoren fra Venezia» av Roberta Rich

Jordmoren fra Venezia

Historie er alltid kjekt, spesielt i form av skjønnlitteratur. I denne boka fylgjer vi jøden Hannah Levi i 1600-talets Venezia. Ho vert vekt midt på natta av ein kristen mann som treng hjelp: kona hans har lege to døgn i barsel, og er dauden nær. Sjølv om det er ulovleg for ei jødisk jordmor som Hannah å hjelpe kristne, klarer ho ikkje å la vere. Ho treng pengane for å redde mannen sin Isaac, som er vorte teken som slave på Malta. Men så går alt gale, og Hannah må sjølv kjempe for å overleve.

Boka er fantastisk fengslande, eventyrleg og herlig! Den er full av morosame replikkar, artige karakterar og skremande hendingar. Også den historiske delen om forholdet mellom jødar og kristne er interessant. Ei fantastisk flott bok! Gler meg til å lese oppfølgjaren, Jordmoren i haremet.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Roberta Rich finn du HER.

Sitat

«De fem fyrstikkene» av Hans Olav Lahlum

Dette er ikkje éin roman, det er tre kortromaner, eller langnoveller, om du vil. Patricia dukkar ikkje eigentleg opp, for det meste via telefon. Men det hindrar ikkje drama mellom K2, Miriam og Patricia.

Sjølv om boka ikkje er den typiske kriminalromanen som Lahlum skriv, er novellene like spanande kvar for seg som kvar av bøkene er. Sakene er kortare og mindre kompliserte enn i romanene (logisk nok), men dei er like vanskelege å gjette seg til ei løysing på. Og dei er kjempekreative! Dei er veldig Sherlock Holmes-aktige i utforminga (ikkje det at K2 er noko geni, haha), og råbra. Settingen er lagt til jul og nyttår, og gjev spenning for K2 sitt privatliv.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Saras nøkkel» av Tatiana de Rosnay

Dei fleste av oss har vel kanskje sett filmatiseringa av boka med same namn, og veit kva den handler om. For dei som ikkje har det, handlar altså denne boka om den amerikanske journalisten Julia. Og parallelt med hennar historie, får vi høyre om Sara og hennar opplevingar under krigen.

Julia har budd i Paris i 25 år, er gift med ein franskmann, og saman har dei dottera Zoë. Medan ho jobber med ein artikkel, oppdager ho ein fæl og ofte ignorert del av fransk historie, Vel d’Hiv. I juli 1942 arresterte det franske politiet mange tusen jødar (mykje på eige initiativ) og sendte dei vekk til konsentrasjonsleirar, medan det franske folk berre sto og såg på. (Og dette er faktisk sant.) Ho finn ut at leiligheta til ektemannens familie tilhørte ein slik familie som blei arrestert, og set i gang med å finne ut kven desse menneska var, og oppdager at ingen veit kva som skjedde med Sara, dottera i den jødiske familien.

No er det lenge sidan eg har sett filmen, men eg huska likevel nok til å ha eit godt grep om historia før eg starta på boka. Altså, boka var god, den, og eg skal ikkje påstå at det var bortkasta tid, men: boka kjem ikkje til å setje nokon varige spor hos meg, for det har allereie filmen gjort. Er det berre eg som blir vanvittig rørt og prega av nesten alle historier knytt til andre verdskrig?? Dersom du ikkje har sett filmen, les boka! Har du sett filmen, har du eigentleg fått med deg det meste. De Rosnay skriv såpass nøkternt og rett fram at du ikkje vil ha gått glipp av mykje indre liv.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Fleire bøker av Tatiana de Rosnay finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006

Sitat

«Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting

Svøm med dem som drukner

Eg veit nesten ikkje korleis eg skal begynne ein gong for å forklare denne boka. Perfekt, er vel ganske dekkande. Det er ein roman om Edvard Hirifjell som har vakse opp saman med bestefaren sin, Sverre, fordi foreldra døydde i Frankrike då han var tre år gamal. Underet var at han sjølv ikkje døydde også, han dukka opp ein annan stad i Frankrike tre dagar seinare. Heile livet sitt har Edvard undra seg over kva som faktisk skjedde. Det kan virke som om ingen veit eller bryr seg.

Heilt til Sverre døyr, og presten fortel Edvard ei historie. Og så begynner Edvards jakt på svaret om korleis foreldra døydde, korleis han overlevde, men viktigst av alt: kvifor?? Turen går innom Shetland og Frankrike, og på vegen møter han ei jente som er minst like interessert i å finne svara han leiter etter. Men igjen; kvifor??

Boka var nesten besettande, eg måtte leggje ho frå meg med tvang. Den var nervepirrande, med eit heilt fantastisk plott. Eg kunne ikkje forstå slutten før Mytting avslørte den. Eg klarer ikkje beskrive kor bra denne boka faktisk er. Så om du bare skal lese éi bok i år: la det bli denne.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Den du ikke var» av Lucy Clarke

Den du ikke var

Det var ikkje eit valg å bli riven med av denne boka. Det var faktisk heilt uunngåeleg.

Når Evas mann dør i ei tragisk drukningsulykke sit ho igjen med sorg og usikkerhet. Ho reiser til Tasmania, øya i Australia der mannen hennes kom frå, og hun får sjokk. For det viser seg at mannen hennar har lyge til henne – om bokstaveleg talt alt. Boka viser menneskelighet på eit nytt nivå, og vi kan kjenne Evas skuffelse, usikkerhet og skamkjensle – alt frå flauheita over å tråkke i ein sølepytt til oppdaginga av med bedrag som gjekk over år. I tillegg oppdager Eva at ho begynner å forelske seg i mannens bror, Saul. Men elskar ho han fordi han minner henne om mannen? Eller blei hun forelska i mannen fordi han lot som om han var broren? Eva mister oversikta over hva som er og har vore ekte i livet hennar.

I tillegg har boka ein helt fantastisk plottwist, og eg gråt fra ende til annan.

Forlag: Apropos forlag
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lucy Clarke finn du HER.