Sitat

«Sommerfugløya» av Corina Bomann

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Sommerfugløya

Det er så deilig med slike bøker som bare fanger deg frå første side! Akkurat som Måneskinnshagen av Bomann, tar boka deg rett inn i ein avgjerande augneblink i ei kvinnes liv. Og igjen vert vi sendt på tur til eksotiske sydhavsøyer. Denne boka var rett og slett ei fryd å lese!

Boka handler om Dianas jakt på familiens store, mørke hemmelegheit. Etter at grandtanta døyr, er ho nemleg den siste slektningen i live, og grandtanta har sørga for at ho vert satt på sporet av skandalen ingen ville eller lenger kunne snakke om. Skandalen ramma Grace, Dianas tippoldemor, då ho budde med foreldra og systra på teplantasjen deira på Sri Lanka. Handlinga vekslar mellom Graces opphold på plantasjen, og Dianas jakt på kva som skjedde. (Personlig synest eg at Graces historie var den verkeleg interessante, men det synest vel strengt tatt Diana òg?) Og slutten tok meg verkeleg på senga!

Handlinga suser av gårde, og du har knapt tid til å puste! Eg var litt redd for at enkelte tråder ville forbli knytte (slik som i Måneskinnshagen), men alle spørsmål vart heldigvis svart på. Boka er òg pendlervennlig som få, då kapitla er ca 15 sider lange, og avsnitta 2-3 sider. Så du har alltid tid til eitt kapittel til, noko som går skummelt mykje ut over matlaging, eksamenslesing og husarbeid! (Men er det ikkje berre verdt det?)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.

Sitat

«Alt i et øyeblikk» av Erica James

Boka er sponsa av Bastion forlag

Alt i et øyeblikk

Dette er årets feelgoodbok. Den kan ikkje bli noko anna enn ein bestselger. Tenk dykk Santa Montefiore + Jojo Moyes = Erica James. For herrefred, denne boka er fantastisk! Den er på meir enn 600 sider, men den tok meg berre eit par dagar å lese ut – det var umogleg å legge henne ned.

Boka handler om Floriana Day. Med eit smell (les: bilulukke) møter ho Adam Strong og den eldre dama Esme Silcox. Med litt press frå Esme, vert alle tre goder vener, og alle liva deira vert snudd på hovudet. Adam er midt i eit brot, og Floriana har nettopp blitt kontakta igjen, etter to år med stillheit, av mannen ho trudde var hennar store kjærleik. Tilfeldighetane vil det slik at Floriana må til Comosjøen i Italia, same stad som Esme opplevde sin store kjærleik.

Boka er lettlest, humoristisk, og historia er berre nydeleg! Det er notid, det er fortid, og det er herleg komponert. Det er sjeldan eg blir så rørt av ei bok som ikkje får meg til å gråte. Dette er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme på ei stund. Så for guds skuld, les den!!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Erica James finn du HER.

Sitat

«Det du ikke ser» av Katherine Webb

Det du ikke ser

Dette er eit råskinn av ein pageturner. Du får så mange halve løysinger undervegs, og nye spørjemål dukkar konstant opp, men det er ikkje mogleg å få det til å gå i hop før til slutt. Joda, du veit eigentleg kva svaret er, men korleis det endte opp slik er nesten umogleg å fatte.

I 2011 vert Leah ringt av ekskjærasten (som vart eks av ein god grunn). Han arbeider i Belga for Kommisjonen for krigsgraver, og har ein uidentifisert soldat. Leah er frilansjournalist, og breva denne soldaten har på seg kan vere starten på ei stor sak. Leah byrjer å grave, og oppdager snart at avsenderen av brevet var Hester Canning, pastorfrue i Berkshire før første verdskrig braut ut.

Mesteparten av tida følgjer vi Hester, og særleg den nyansatte tenestejenta Cat, som har ein nokon lunde frynsete fortid. Cat er misnøgd med sin posisjon i samfunnet, og finn alltids ein måte å gjere opprør på. Tida vert ikkje rolegare på prestegarden når teosofen Robin Durrant dukkar opp, invitert av den beundrande presten som sjølv trur han har sett naturåndane Durrant preikar om. For Durrant har ein ubehageleg side til seg, og gnissingar dukkar opp alle vegar. Det ender til slutt med mord.

Det er verkeleg herleg lesning, med skildringar som til tider får deg til å grøsse og som driv deg vidare. Eg såg verkeleg ikkje løysinga til Leahs problem eller Hester og Cats før dei vart avslørt, og det var utruleg forfriskande. Plottet er enkelt nok, men likevel så originalt! Om du liker serier som Downton Abbey, Mr. Selfridge, eller bøkene til Fay Weldon og Sarah Jio, vil nok Katherine Webb sine bøker òg falle i smak.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.

Sitat

«Kranvriderne» av Karin Brunk Holmqvist

Kranvriderne

Dette er den nyaste boka til Brunk Holmqvist, og den det utan tvil skjer minst i. Det er heilt alvorleg talt ikkje noko plot. Det er fint og flott med rolege feelgoodbøker, men noko må jo skje??? Med mindre ein reknar ei kvinne som bur med broren og er bekymra for at han har fått seg kjærast (men ikkje tør å spørre han om det). Og så organiserer bygda bruktbutikk og restaurant. Og så skjer det fint lite før dei siste fire-fem kapitla.

Kanskje Brunk Holmqvist er gått litt tom for morosame plot? Ingen har så langt kunne matcha Potensgiverne eller Rapsgubbene. Er det kanskje på tide å legge opp, eller i alle fall slutte å presse ut ei intetsigande bok i året? Dette blir jo ei kort omtale, men så er det ikkje mykje å omtale heller. Den var jo koseleg og hadde det typisk koselege språket hennar, men den blei heller lest fordi det var det mest kompliserte mitt feberhaud av ein bomullsdott klarte å fokusere på.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Mandag til fredagsmannen» av Alice Peterson

Mandag til fredagsmannen

Gilly er einsam. Ho er no singel, og har kun den vesle hunden sin som selskap. Alle venane hennar er gift og har born, og Gilly er frustrert. Løsninga hennar blir å leige ut det ekstra soverommet i leiligheta til ein vekespendlar. Valet blir Jack Brown, ein kjekk TV-produsent. Gilly vert litt småforelska, og innleier raskt eit forhold til Jack. Problemet er berre at ho ikkje aner korleis livet hans eller er. For kva gjer han i helgene? Har Guy, Gillys hundeluftervenn, rett i den ekle kjensla han har når det gjeld Jack?

Denne boka vart slukt på ein dag. Den er skriven med ein driv som gjer den umogleg å legge ned! Den er enkel, underhaldande og ikkje minst god. Problemet er enkelt, løysinga ikkje fullt så enkel.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Instituttet for de siste ønsker» av Antonia Michaelis

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Instituttet for de siste ønsker

Dette er ei underfundig, fin og verkeleg spesiell bok. Den tok si tid å lese ut, og historia snirkla seg rundt sving etter sving – og overraskingane ville ingen ende ta. Når du trudde du hadde forstått alt saman, dukka noko heilt uventa opp og forandra alt. Og så skjedde det igjen.

Boka følger Mathilda, som i rundt eitt år har arbeidd på Instituttet for de siste ønsker. Ho og Ingeborg arbeider døgnet rundt med å oppfylle døyande menneskes siste ynskjer. Folk kjem med alle slags ynskjer, som å få feire jul (sjølv om det er sommar) eller reise i luftballong. Nokon vil høyre ein avdøydd songer synge live éin gong til, og alt går an med litt triksing. Men Mathilda sitt liv blir snudd opp ned når Birger Raavenstein dukker opp og vil finne kjærasten som stakk av for femten år sidan med deira ufødte barn. Det blir ei altoppslukande jakt for Mathilda, som ikkje ender slik ho (eller vi som lesarar) kunne trudd. Ganske raskt får Mathilda ei kjensle av at noko ikkje stemmer, og at noko stemmer alt for godt, og ho klarer ikkje sleppe taket.

Ein kan verkeleg føle humøret sitt stige og synke i takt med Mathildas. Eg fann meg sjølv både smilande og med ei bekymra rynke mellom bryna. Det kjennes litt som om Jojo Moyes og Gert Nygårdshaug har fått eit kjærleiksbarn. Og det fungerer eigentleg ganske godt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kjære» av Linnéa Myhre

Kjære

Linnéa Myhre er kanskje ein av dei skribentane idag ein kan identifisere seg med. Ikkje at eg har hatt eteforstyrringar, men kjensla av at andre stirer, sosial angst og andre ubehagelige opplevingar i dagliglivet.

I denne boka, som har den perfekte tittel til innhaldet, er det brev Myhre skriv til familie, venner, redaktører og andre som har gjort henne glad eller forbanna. Nokre av breva er jo nesten public shaming, men med Myhre sin sarkasme, sjølvironi og mørke humor vert det berre ei fryd å lese.

Om du ikkje er i stand til å takle sanninga om det sjuke kropps- og prestasjonspresset dagens jenter (og gutar) opplev i dag, vil du nok ikkje gidde å lese boka. Er du derimot oppegåande og forståelsesfull, så er dette ei veldig fin bok det er verdt å lese. (Og så gleder vi oss til den tredje!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linnéa Myhre finn du HER.

Sitat

«Villa Magdalena» av Santa Montefiore

Boka er sponsa av Bastion forlag

Villa Magdalena

I den nyaste boka til Santa Montefiore møter vi Floriana, i Toscana 1973. Floriana er 10 år, og praktisk talt foreldrelaus. Ho elskar å henge rundt ved herskapshuset Villa Magdalena utanfor byen , og drøyme seg vekk i dei vakre hagane som omringer huset. Ein dag vert ho invitert inn av Dante, den 18 år gamle sonen i huset. Heile familien vert betatt av den sjarmerande, vesle jenta, og ho får ein smak av det søte livet.

45 år seinare møter vi Marina. Marina og ektemannen hennar, Grey, bur i Devon, England og driv eit hotell. Hotellet går ganske dårleg for tida, og for å lokke gjestar, bestemmer Marina seg for å ansette ein huskunstnar. Valget fell på argentinske Rafa Santoro. Det Marina ikkje veit, er at Rafa er ein mann med ein skjult agenda. I tillegg følgjer vi mange sidespor i boka, blant anna stedottera til Marina, Clementine, sjefen hennar, dei ansette på hotellet og gjestane.

Den er ikkje like god som Birøkterens datter, men stilen er jo ein annan, meir som Hagen i Hartington. Og det hadde vore for godt til å vere sant om bøkene skulle blitt betre og betre, korleis skulle det endt?? For ein oppmerksom leser (som er bevandra i Montefiore sine bøker) var det ikkje mange overraskingar når dei to historiene vert knytte saman i slutten av boka. Men er det ikkje litt deilig når kabalen går opp? Uansett, boka er likevel god. Den er varm, morsom og lettlest litteratur. Utanpå står det at boka handler om kjærleik og tilgjeving. For meg handler den mykje meir om å vakse opp og godta fortida slik ho er.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Santa Montefiore finn du HER.

Sitat

«Alt som teller» av Ingrid Ovedie Volden

Alt som teller

For ei lita perle! Det er ikkje ofte eg les ungdomsromanar lengre, men denne verka interessant. Den handler om Petra. Petra er 12 år og går i sjuande. Ho elskar partal, og hater oddetal – verst av alt er primtall. Heilt til ho oppdagar pi. Tanken på eit tal som aldri slutter, gjer henne kvalm og ho kaster opp. Fordi ho kaster opp, vert ho sendt til PPT, som kan fortelje henne at ho lir av tvangstankar. Litt og litt må Petra utfordre seg sjølv, og slik møter ho Thomas.

Boka er kjempefin. Den skildrar utruleg godt korleis det er å føle seg litt annleis utanfor, samstundes som ein veit kven ein er – og likar denne personen. Den handler om venskap, og familie. Og så litt om matematikk, då. Og grukar. (Veit du ikkje kva ein gruk er? Les boka.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Ingrid Ovedie Volden finn du HER.

Sitat

«Måneskinnshagen» av Corina Bomann

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Måneskinnshagen

Det gjekk ikkje i nokon fei å lese denne boka (for meg betyr det at det tok meir enn to dager), for kapitla er ganske lange og utfyllande, så eg måtte setje meg ned når eg skulle lese. Dette var mitt første møte med Corina Bomann, og no har eg absolutt tenkt å skaffe meg Sommerfugløya av same forfatter!

Lilly Kaiser er hovudpersonen i denne boka. Lilly er ei ung enke og driv ein antikvitetsbutikk. Ein dag kjem det ein framand mann inn i butikken, gir ho ein fiolin og erklærer at den tilhøyrer henne. Lilly kan ikkje forstå noko som helst, då ho ikkje speler fiolin eller har familie som gjer det. Forundra ringer ho venninna Ellen, som er ekspert i å restaurere gamle instrument. Spontant reiser ho frå Berlin til London, der venninna bur, for å finne ut meir om fiolinen. Når ho oppdager at den har tilhørt ikkje berre éin, men heile to verdskjende fiolinistar, vert ho fascinert. Og når det viser seg at ingen aner korleis fiolinen vandra frå den eine fiolinisten til den andre, klarer ikkje Lilly å stoppe gravinga. Leitinga på svar sender henne til Italia og Indonesia, men ingenting kunne førebudd henne på svara ho ville finne.

Boka var veldig lik Sarah Jio sine med ei naturleg veksling mellom nåtida og fortida. Det einaste eg ikkje likte noko særleg var ein laus tråd i enden – som med letthet kunne vore nøsta opp i – så eg skulder på at Bomann må ha vore litt lat på slutten. Opne sluttar er jo ikkje heilt uvanleg heller, men for min del liker eg at historia er slutt når boka er det (med mindre det kjem ein oppfølger, så klart, men det er nok ikkje tilfellet her).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Carina Bomann finn du HER.

Sitat

«Så lenge det er stjerner på himmelen» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Så lenge det er stjerner på himmelen

Forbered deg: du må vere klar til å gråte når du les denne boka. Den er så nydeleg og strålande, at du (i alle fall eg) treng emosjonelle pauser for å fordøye alt saman. Om du krysser Jodi Picoults Historiefortelleren med ei kva som helst slags Sarah Jio-bok, og der har du denne boka. Og om det ikkje høyrast fristande ut, veit eg ikkje kva som gjer.

Boka handler om Hope. Hope har vekst opp på austkysten i USA, og utan at ho heilt skjøner korleis, har ho endt opp som ei skilt kvinne som driv familiens bakeri. Mora er daud av kreft, bestefaren er daud, dattera hater henne (ho er tenåring, så klart) og bestemora har demens. Som om det ikkje var nok, er eksmannen en drittsekk og bakeriet er på randen er konkurs. Det siste Hope treng er at bestemora ber henne dra til Paris for å finne døde familiemedlem. Men det skjer, og etter mykje overtaling reiser Hope. Og det er ikkje berre éin familiehemmelegheit ho oppdager, det går berre djupare og djupare og Hope oppdager at ho ikkje kjenner historia til bestemora i det heile tatt.

Oppsummeringa mi er ganske enkelt: Du vil gå glipp av ei STOR leseoppleving om du lar vere å lese denne boka.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Sånn ble det» av Maren Uthaug

Boka er sponsa av Bastion forlag

Sånn ble det

Denne boka handler om Kirsten. Før ho vart danske Kirsten, var ho halvt samiske Risten i Finnmark. Faren Knut tok ho med til Danmark då ho var sju år gamal, og gav ho eit nytt liv i Danmark. Som barn føler Kirsten at ho aldri passer inn, ho hater stemora og kjem med tause demonstrasjonar kvar dag. Ho blir òg kjend med den vietnamesiske flyktningen (som for «praktisk skuld» no heiter Niels), og dei blir bestevenner. Kirsten husker lite frå tida i Noreg, og har ingen kontakt med mora før 20 år etterpå. Og så viser det seg at ingenting eigentleg var slik Kirsten trudde.

Boka er ikkje direkte lettlest, men det er likevel ei spenning der som dreg deg vidare når det kjenst litt trått. Det er ei ærleg, rå historie med mange såre menneske (som for mange nok vil bli for ærleg). Ikkje forvent noko fluff når du les denne boka, det er ikkje ei kose bok. Det er ei av dei bøkene ein ikkje les fordi historia er vakker – men fordi den er godt fortalt og kanskje litt viktig.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Champagne og hetetokter» av Dora Heldt

Boka er sponsa av Bastion forlag

Champagne og hetetokter

Eg har så langt likt bøkene til Dora Heldt, og eg er usikker på om eg kan sei at denne skuffa. Språket er morsomt, situasjonane er komiske og det er ei skikkeleg feelgoodbok. Dessverre er det noko i omsetjinga som må ha gått gale. Enkelte partier er rotete, store deler markert i kursiv, der ein boktittel skal stå er det kun satt inn Tittel (som ikkje gir nokon meining), og mange manglande hermeteikn. Og så er det eit par lause tråder (eg fikk i alle fall ikkje med meg at enkelte av knutene vart løyst opp – om dei blei det).

Boka handler om Doris, Anke og Katja. Dei var bestevenner på vidaregåande, men har som mange sklidd frå kvarandre etter tredve år. No skal Doris straks fylle 50, og etter ein kveld med litt for mykje kvitvin ringer ho Katja for å be henne og Anke med på spahelg for å rømme fra feiringa mannen hennar insisterer på. Doris kunne likevel ikkje sett føre seg alle hemmelegheitane som skulle kome til overflata i løpet av ei helg, heller ikkje kor ustoppelege både mannen og mora er.

Historia er veldig fin, og som sagt morosam, og kan godt lesast på stranda eller som underhaldning på ein busstur. Det er ikkje stor litteratur (og det er heller ikkje meininga). Om du derimot er en grammarnazi og blir uvel av feil teiknsetjing og markeringar, så bør du kanskje styre unna. Eller vente til ei eventuell pocketutgave blir revidert og utgitt.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Dora Heldt finn du HER.

Sitat

«Den du ikke ser» av Jonas Moström

Boka er eit leseeksemplar fra Boklageret

Den du ikke ser

Denne boka har solgt som hakka møkk på jobb før påske, så når vi fikk tilsendt leseeksemplar tok eg den sjølvsagt med på min eigen påskeferie. Påskekrim er eigentleg ikkje ein tradisjon eg følger slavisk – dette var den einaste krimromanen eg tok med. Og eigentleg er det like greitt. Krim er ikkje det eg les mest av (eg forstår ikkje dei som berre les krim, det blir jo veeeeldig mykje av det same – eller?).

Uansett, boka er den fyrste i ein komande serie om psykiater Nathalie Svensson. Boka går berre over eit par dagar, men med mange ulike synsvinklar og eit par tilbakeblikk frå ti år tilbake. Ei vårnatt i Stockholm ser Nathalie elskeren sin bli skoten og drept i ei fontene – på akkurat same vis forloveden vart drepen ti år tidlegare. Ho ynskjer at det ikkje skal vere ein samanheng mellom drapa, men tvilen kjem snikande når ho oppdagar at ho har ein stalker som ikkje vil late henne vere i fred.

Kapitla var veldig korte, så lesninga gjekk ganske radig unna. Sjølve plottet var nok ikkje heilt det store, eg har lest verre og meir dramatiske historier i det mange krimentusiastar vil kalle «typiske dameromanar». Vel… Språket var jo godt, så eg kjem nok til å lese den neste boka òg, men då må nok historia ta seg opp om eg skal gidde å lese den tredje. Det er ikkje noko blodig og grusom bok, så den passer godt for det folk i Hva leser du akkurat nå? ville kalt «sarte sjeler».

Forlag: Goliat forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Eplehagen» av Marianne Storberg

Eplehagen

Det første ordet eg vil bruke om denne boka er kvalitet. Det er ei godt komponert bok med eit høgt detaljnivå, mykje innbakt fakta og godt språk. Vi veit jo mykje  om 1814 (grunnlov, unioner og sånt), men denne boka tar for seg dei små historiene i historia.

Boka handler om Maren. Maren blir enke i ein alder av 25, og for å kome seg unna Christiania søker ho på ein post som guvernante hos presten Johannes Høegh i Asker. Men Maren oppdager snart nok at det meste ikkje er slik det ser ut ved fyrste augnekast. For kvar er eigentleg prestekona? Og kvifor er presten så uvenleg mot enkelte av dei fattige i bygda? For fyrste gong i sitt liv opplever Maren lidenskap, og verkeleg sorg.

Eg trur dette er ei bok som kan treffe mange, både unge og gamle. Eg trur eg helst ville anbefalt den for kvinner, det er vel kanskje ein typisk dameroman (sjølv om man kanskje ikkje skal sei sånt?). Men uansett er den veldig spanande, og historia drar deg inn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Den lille kjærligheten» av Francesc Miralles

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Den lille kjærligheten

Denne boka er ei merkeleg lita greie. Eigentleg er den ikkje så lita heller, med sine 286 sider. Den handler om Samuel de Juan, ein professor i tysk ved universitetet i Barcelona. Samuel er ein ganske einsom ungkar, og ein intellektuell type som frustrerer seg over studentar som ikkje har peiling på Goethe og Brecht (enkelte elevar lar han stå i faget så han skal slippe dei neste år igjen – praktisk). Ein dag dukkar ein katt opp på døra hans, og nektar å gå sin vei. Og sjølv når han går, dukkar han snart opp att, tilsynelatande ut i frå intet. Gjennom katten kjem Samuel i kontakt med mange nye menneske, og finn slik att barndomsforelskelsen si – som ikkje hugsar han i det heile.

Heilt ærleg. så traff ikkje boka meg heilt. Objektivt sett var den ganske god – både handlinga, karakterane og ikkje minst språket var finspissa og utruleg levande og humoristisk. For min del vart handlinga litt for platt, og dialogane tok litt for mykje plass. Det er ikkje ei bok ein les for plottet sin skuld. Men om du liker bøkene om katten Bob (men kanskje vil ha det litt meir intellektuelle med i miksen), trur eg gjerne at du vil like denne boka òg. Elles er boka litt filosofisk av seg, så om det er noko du liker, er den verdt å teste ut (den er uansett lettlest til det ekstreme, og ein kan lett pløye gjennom den for underhaldinga si skuld).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Katalysatormordet» av Hans Olav Lahlum

Katalysatormordet

Denne er spanande. Og ein får litt vondt og dårleg samvit av K2. Han ser ei jente springe som ein gal mot trikken, men når den ikkje. Ein time seinare vert kvinna funnen skoten og drept i trikkesporet. K2 veit at han kunne redda ho om han berre hadde trukke i nødbremsa. Jenta viser seg å vere ein del av ei gruppe unge sosialistar.

Men historia startar eigentleg ikkje her – den startar eigentleg med ein hyttetur to år tidlegare, der gruppas leiar forsvant utan eit spor. Og denne leiaren var forlova med den avdøydde jenta. I tillegg til å skulle løyse mordet saman med Patricia, oppdager K2 at han kanskje har kjensler for henne. Og løysinga – wow, wow, wow.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Den ene pluss en» av Jojo Moyes

Den ene pluss en

Jess er dama med maks uflaks. Mannen har forlatt henne og dottera, og i tillegg sonen han hadde frå eit tidlegare ekteskap. Jess har to jobber og klarer knapt å få endane til å møtast. Dottera er uhyrleg intelligent, og får «the chance of a lifetime». Men kva gjer du som mor når du ikkje har råd til å råd til å gjere dottera di lukkeleg?

I dette tilfelle møter Jess Ed, ein forretningsmann med sine heilt eigne livskatastrofer bak seg. I eit emosjonelt augneblink tilbyr han seg å hjelpe Jess og borna, og kastar seg ut på ein fleire dager lang roadtrip, med ein komplett framand familie. Og han lurer: er han blitt gal?

Boka kan jo ikkje måle seg med Et helt halvt år, men kven forventar det? Denne boka er av mykje lettare kaliber, og ei skikkeleg feelgoodbok. Kjøp den, les den, kos deg!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Satelittmenneskene» av Hans Olav Lahlum

Satelittmenneskene

Dette er utan tvil ein av favorittbøkene mine om K2 og Patricia! Motstandsmannen Magdalon Schjelderup døyr under mistenkelege forhold – midt under ein familiemiddag. Og så seint som dagen før hadde Schjelderup kontakta K2 og bedt om eit møte, for han trur at ein av hans nærmaste vil drepe han.

Det er eit avgrensa tal menneske som kan ha drepe han, for mordaren må vere ein av middagsgjestane. Og saman med Patricia, vil K2 prøve seg på ei ny drapssak. Og enda meir pirrande vert det når fleire brev dukker opp som avslører kven andre i omgangskretsen som skal døy. Kor mange døyr før saka vert oppklart?

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2011

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Til Vestisen» av Tor Even Svanes

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Til vestisen

Bakpå står det blant anna at romanen «dirrer på hver side; konsekvent i stil og utførelse, rystende og kompromissløs på innholdssiden.» Og eg kan ikkje anna enn å seie meg einig. Korleis Svanes faktisk får sidene til å vibrere av spenning, er heilt over mi forstand. Det er noko så ekstremt spent over heile teksten, og måten han er komponert på.

Romanen handlar om Mari Risa. Mari er nettopp sertifisert selfangstinspektør, eller inspektrise. Men hennar fyrste tur vert ikkje som ho ventar. Og om ein les starten av boka, forklaras det meste slik: ingen kunne forutsett det som skulle skje, med mindre ein hadde fordommar og trudde det verste om folk.

Denne boka overrasker på kvar side. Ingenting kan forutsjåast eller takast for gitt. Du vil sitte og gispe saman med hovudpersonen og kjenne noko på huda di gjere deg panisk. Det er eit lite mesterverk.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016