Sitat

«Pensjonistligaen i skatteparadis» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Pensjonistligaen i skatteparadis

No er det lenge sidan bok nummer to om Pensjonistligaen kom, så det var på tide med nummer tre! Eg absolutt elsker desse bøkene, og nummer to vart lest i ein strekk (om eg ikkje hugsar feil). Dei er så utruleg morosame, sjarmerande og sassy. Sjå for deg karakterane til Karin Brunk Holmqvist som berre tek heilt av og blir kriminelle for moro skuld (og for dei fattige). Faktisk vil eg påstå at desse bøkene er minst tredobbelt så morosame som Brunk Holmqvist sine. Så viss du liker den typen bøker, er det berre å gå til anskaffelse av alle tre i denne serien.

Ligaen er i gang med eit nytt ran, og det går som det skal. Märtha er jo the big boss, og har som alltid planer ho ikkje heilt har innvia dei andre i. Poenget med ligaen er jo å gi vekk pengane frå rana til dei som treng dei, som nokre moderne Robin Hood-ar. Men Märtha vil utføre fleire ran for å legge seg opp nok pengar til å starte ein pensjonistby, der eldre kan leve lukkelege (dei hata aldersheimen dei alle budde på før). Men får å få pengar nok til det, så må jo det neste ranet vere stort. Og kva er betre enn den svære luksusyachten som naboen eig? Til fem hundre millioner, og som skattevesenet ikkje veit om? Märtha bestemmer seg raskt for at det er den perfekte forbrytelse, for naboen kan ikkje anmelde dei utan å få ein salig baksmell.

Det er ei historie full av ville påfunn, sprelske idear og reine, skire galskapen. Det er så herlig respektløst og hysterisk! Eg vil tilråe deg til å lese dei to første bøkene om Pensjonistligaen før denne, Svindel og multelikør og Ran og rullator, for det er i dei to bøkene du blir kjend med karakterane. I denne her hoppar du meir rett inn i historia utan å bli oppdatert på fortida. Så det er litt key. Men du gjer jo sjølvsagt som du vil.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Advertisements
Sitat

«Vann til elefantene» av Sara Gruen

Vann til elefantene

Korleis skal eg begynne å beskrive denne herlige romanen?? Det som er så herlig med denne boka er at nesten alt i ho er sant. Ikkje heile historia, den er fiksjon, men alle delane av henne. Nesten alt som skjer i boka, til dømes av dyra stikk av og ein løve blir funnen under ein oppvaskbenk med ein oppvaskar, er ting som faktisk har skjedd. Og det er ganske kult.

Romanen følgjer nesten-veterinæren Jacob Jankowski si reise med Benzini-brødrenes sirkus (ikkje det at Benzini-brødrene er der, då). Han hoppar på eit tilfeldig tog i fart etter å ha mista foreldra, heimen og droppa avsluttande eksamen. Dette toget viser seg å vere eit sirkustog, og dei treng tilfeldigvis litt hjelp med ein sjuk hest. Og før Jacob veit ordet av det, er han dyrlege for sjiraffar, løvar, kamelar og til slutt elefanten Rosie. På denne reisa oppdager Jacob kor egoistiske enkelte menneske han vere, og kor sjølvoppofrande andre er. Han finn kjærleiken, og knytter vennskap. Og utan å meine det, skapar han mykje drama.

Den rommar liksom det meste; vennskap, forelskelse, nye opplevingar, drama, hat, psykiske lidingar, grusomme menneske og attpåtil eit sirkus! Du føler at du er i ei blanding av Dagboken og Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, og om ikkje det høyrest interessant ut, så veit ikkje eg! Og no skal eg endeleg få sett filmatiseringa. (For eg er så klart ein sånn ein som skal lese boka først.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Sitat

«Akuttbjellen» av Karin Brunk Holmqvist

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Akuttbjellen

No er det vel slik at bøkene til Karin Brunk Holmqvist stort sett sel seg sjølve, og ikkje trenger mine omtaler eller «reklame». Men eg kan i alle fall meddele at Brunk Holmqvist har funne tilbake til den herlige stilen som var å finne i dei fyrste bøkene, men ikkje i Kranvriderne og Steinhimmelen.

Systrene Elsa og Julia har arva ein villa og ein grisedyr bil av eit søskenbarn dei ikkje har hatt kontakt med på over 50 år (Ulla). Dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere med arva. Bilen gjev dei til naboen, blant anna. Men det er ein annan som vil ha tak i arven, gjerne med eller uten ein av systrene; Ulla sin eks, Ove. Og Ove er ein karakter for seg sjølv. Gjerrig, egoistisk, sur, og ei klyse av proporsjonar. Det er lenge sidan ein så openbert bad guy har dukka opp i bøkene til Brunk Holmqvist.

Boka er morosam, varm og underhaldande. Perfekt lesestoff i ei hektisk romjul.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.

Sitat

«Hålke» av Helene Uri

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Hålke

Ei av favorittbøkene mine frå då eg var mindre var skriven av Helene Uri, så å stifte kjennskap til forfattaren i vaksen alder var noko eg gledde meg veldig til. Tenk om denne boka kunne gje meg like mykje glede no som Dråpen som fikk alt til å skje ga meg som åtte-åring? Og det er veldig hyggjeleg å meddele at det gjorde den! Eg har faktisk nettopp nominert den som min favoritt til Bokhandlerprisen, så god var den faktisk; Den beste norske boka hittil i år.

For kan vi snakke litt om språket til Helene Uri? Kor fantastisk godt det er? Det er så medrivande, nervepirrande, lett gjenkjenneleg og truverdig. Uri vinklar historia slik det passar seg, og avslører meir og meir underliggjande tankar og synspunkt. Ho dreg spenninga brått opp til toppen, før ho berre slepper henne ned att. Det kjem (akkurat tydeleg nok) til uttrykk at Uri har tenkt veldig mykje på korleis vi vil oppfatte Ebba og Karl etter kvart som vi kjem tettare inn på dei gjennom boka.

Ebba og Karl har vore i gift i nokon-og-førti år, og har alltid framstilt seg sjølve (og blitt framstilt) som det perfekte par. No er det frost i Oslo, og isen ligg tjukk og speilblank utanfor inngangsdøra, og hindrar dei i å gå ut or leiligheita si. Ebba er rastlaus og Karl irritabel. Det blir ikkje betre når maten (og kaffien) nærmar seg slutten, og friksjonen mellom mann og kone veks. Dei kjeklar og kjem med småstikk til einannan om alt som har skjedd i fortida, om episoder som dei hugser ganske ulikt.

Perspektivet i boka vert meir og meir nyansert dess lenger uti vi kjem, og på fjerde eller femte dagen går verkeleg alt over styr. Ebba har prøvd desperat å halde oppe sine eigne illusjonar, men det er grenser for kor lenge ein kan vere innestengt med ein mann ein både elsker, hater og elsker å hate. For kven av dei har eigentleg rett om den andre? Kven eig sanninga om eit ekteskap? Og er det for seint?

Om eg ikkje var tydeleg nok i innleiinga mi, seier eg det eksplisitt her òg: Dette er den beste norske  boka frå 2016. (Og årets beste julegavetips!)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Biter av lykke» av Anne Ch. Østby

Boka er sponsa av Font Forlag

Biter av lykke

Eg har no lest den nye boka til Anne Ch. Østby som etter ein månad har tatt heilt av internasjonalt med rettigheter solgt i øst og vest (bokstavelig talt). Og det er ikkje så rart, for dette var ei ganske kort, lettlest feelgood bok som innfrir løfta sine; ho er akkurat det skrildringa på omslaget seier at ho er: ein roman om kjærleik, håp og sjokolade. Ikkje berre romantisk kjærleik, men meir ein vennskapeleg kjærleik og ikkje minst ein kjærleik til livet.

Kat er 66 år og enke. Ho sit no som eigar av ein kakaoplantasje, og kjenner litt på einsemda. I staden for å invitere klassevenninnene på besøk, inviterer ho dei derimot til å flytte ned til seg på Fiji (Kat er altså typen som ikkje gjer ting halvvegs). I boka blir vi kjende med Ingrid (med ein indre tvilling, Vildrid), Maya (som har demens), Lisbeth (som berre reiste i frå ektemannen) og Sina (desperat etter å kome seg unna den middelaldrande og hjelpelause sonen). Og Atheca, den fijianske kvinna som jobbar for Kat og tek med seg desse kvinnene sine i kveldsbønene sine.

Dette er ei bok om kor vanskeleg ulike typar kjærleik kan vere; kor vanskeleg det kan vere å ta opp att eit førti år gamal vennskap; kjærleiken som forsvinn i eit ekteskap (om den nokon sinne var der); kjærleiken til samfunnet rundt seg og trua på noko felles. Det handlar om å ikkje slutte å leve berre fordi ein er komen i ein «moden alder», men utfordre livet og prøve noko nytt. Som å oppsøke ein kjekk mann midt på natta og bli med han inn på soverommet, som å dytte den vaksne ungen ut av redet, eller for eksempel å starte ein sjokoladefabrikk.

Dette er ei bok full av varme, vennskap, tilgjeving og nye opplevingar. Vi møter ein annleis kultur på godt og vondt, og lærer mykje. Og ja, ein tur til Fiji hadde jo ikkje vore å fornekte etter å ha lest denne fargerike boka! (Kunne gjerne tenkt meg å smake fisk kokt i kokosmelk med løk og chili.) Det er definitivt ein grunn til at denne boka er kjempepopulær akkurat no, så du treng ikkje vere redd for å kaste deg ut i det og kjøpe den! (Om du vil ha noko å samanlikne med, så minner den litt om Dora Heldt si bok Champagne og hetetokter kryssa med noko av Karin Brunk Holmqvist.)

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Veien til Roma» av Mark Lamprell

Boka er sponsa av Font forlag

Veien til Roma

Dette er ei skikkeleg deilig feelgoodbok, altså! Det er ganske kort tidsperspektiv, så eigentleg hadde dette vore perfekt som ein film, á la Valentines Day eller Love Actually (berre mindre sært…). Det er tre parallelle historier, som vert kopla saman etter kvart, alt styrt av kjærleikens skytsengel (og det er mindre cheesy enn det høyrest ut, det fungerer faktisk kjempebra fortellermessig!).

Alice er ein ung skulptør som altfor tidlig i livet har vorte stuck med ein overpresterande familie og ein kjedeleg forlovede (som ho berre forlova seg med så han skulle få ferie frå jobben?) tok seg ein ferie for å gjere noko voosj!, så her er ho i Roma åleine. Vel, ho er ikkje åleine så veldig lenge. På ein annan kant av byen er Alec og kona Meg (eit middelaldrande ektepar som er dritlei einannan) nettopp ankomne for å få laga kopier av ei keramikkflis som Meg ganske bokstavelig talt får anfall over. Og hils på enka Constance, som kjem til Roma – byen ho møtte mannen sin i – saman med svigerinna, Lizzie, for å spre aska hans.

Boka er skriven med humor og varme, og klarer å unngå å bli klisjéfylt. Det er kanskje litt seint å anbefale deilige sommarbøker, men den dukkar vel opp i pocket til sommaren 2017! Så då veit du allereie no kva for bok du skal skrive opp på handlelista di.

PS: Du får med mykje historie på kjøpet her! Og fleire sitat frå kjend kjærleikslitteratur. Kos deg!

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Kranvriderne» av Karin Brunk Holmqvist

Kranvriderne

Dette er den nyaste boka til Brunk Holmqvist, og den det utan tvil skjer minst i. Det er heilt alvorleg talt ikkje noko plot. Det er fint og flott med rolege feelgoodbøker, men noko må jo skje??? Med mindre ein reknar ei kvinne som bur med broren og er bekymra for at han har fått seg kjærast (men ikkje tør å spørre han om det). Og så organiserer bygda bruktbutikk og restaurant. Og så skjer det fint lite før dei siste fire-fem kapitla.

Kanskje Brunk Holmqvist er gått litt tom for morosame plot? Ingen har så langt kunne matcha Potensgiverne eller Rapsgubbene. Er det kanskje på tide å legge opp, eller i alle fall slutte å presse ut ei intetsigande bok i året? Dette blir jo ei kort omtale, men så er det ikkje mykje å omtale heller. Den var jo koseleg og hadde det typisk koselege språket hennar, men den blei heller lest fordi det var det mest kompliserte mitt feberhaud av ein bomullsdott klarte å fokusere på.

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.